Første kvinnelege hovuddommar i fotball-VM for menn

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag 1. desember møtest Costa Rica og Tyskland under fotball-VM i Qatar. Der verdsmeisterskapet har hausta mykje kritikk og blir sett på som kontroversielt, er denne kampen historisk av heilt andre årsaker.

Dommaren i oppgjeret på Al Bayt-stadionet er nemleg franske Stéphanie Frappart. Ho er med det den første kvinnelege hovuddommaren i eit fotballverdsmeisterskap for menn.

Fotballdommar Stéphanie Frappart. Foto: Sven Mandel – Eige verk, CC BY-SA 4.0, Wikimedia Commons

Saka er mellom anna omtalt av Huffpost France og The Guardian.

Fleire kvinner på bana

I tillegg til Stéphanie Frappart, er det to andre kvinnelege hovuddommarar med i meisterskapet. Ho har selskap av japanske Yoshimi Yamashita og rwandiske Salima Mukansanga. Dei har så langt i turneringa ikkje vore på bana som hovuddommarar.

Tre av 36 hovuddommarar er altså kvinner. I tillegg er det tre kvinnelege assistentdommarar, ofte kalla linjedommarar, i VM-troppen.

– Dette avsluttar ein lang prosess som starta for fleire år sidan med utvikling av kvinnelege dommarar til herreturneringar på junior- og seniornivå. No viser vi klart og tydeleg at det er kvalitet, ikkje kjønn, som tel for oss, seier Fifa-topp og tidlegare dommar Pierluigi Collina, ifølgje NTB.

Når Costa Rica møter Tyskland 1. desember, er det med eit heilt kvinneleg dommarlag på bana. Hovuddommar Frappart har med seg brasilianske Neuza Back og meksikanske Karen Díaz Medina som assistentdommarar. I tillegg er det ein mannleg fjerdedommar.

Historisk dommar

VM-kampen i Qatar er ikkje første gong Stéphanie Frappart skriv historie. 38-åringen vart i 2014 den første kvinnelege dommaren i den franske andredivisjonen, før ho i 2019 vart historisk som dommar i toppdivisjonen for menn Ligue 1, og seinare i den europeiske supercupen same år, der vinnarane av Meisterligaen og Europaligaen møttest.

Stéphanie Frappart som fjerdedommar under VM-kampen mellom Mexico og Polen i Qatar. Foto: AP Photo/Moises Castillo

I 2020 vart ho første kvinne som dømte ein Champions League-kamp, og i mai i år var ho dommar i den franske cupfinalen.

Den franske dommaren har allereie hatt rolla som fjerdedommar under kampane Mexico-Polen og Portugal-Ghana i Qatar-gruppespelet. No trer ho derimot ut på matta som hovuddommar.

Før VM starta, sa Frappart at ho håpa inkluderinga av kvinnelege dommarar i meisterskapet ville få ting til å skje i større skala.

– Det er eit sterkt signal frå Fifa og styresmaktene å ha kvinnelege dommarar i det landet, sa ho ifølgje The Guardian.


(F.v) Den australske fotballspelaren Josh Cavallo, tidlegare Fifa-president Sepp Blatter og Qatar sin VM-sjef Nasser al-Khater. Foto: Raphael Renter/Unsplash, AP Photo/Keystone/Walter Bieri/File, Dailyausfootball/Wikimedia Commons, Vinod Divakaran, Doha Stadium Plus Qatar/Flickr/CC BY 2.0