Vekas viktigaste: Regnboge-armbind, klimakompensasjon og livsfarleg rusmiddel

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tyskland tek FIFA til retten over armbind

DFB-president Bernd Neuendorf pratar med den tyske innanriksministeren Nancy Faeser, som har på seg One love-armbindet. Foto: AP Photo/Matthias Schrader

Fleire fotballandslag har blitt nekta å bruke armbind til støtte for homofile i VM i Qatar. Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) slo hardt ned på One love-kampanjen som England, Wales, Belgia, Danmark, Tyskland, Nederland og Sveits har gått saman om.

Dei 10 000 One love-armbinda på lager er no utseld.

Forbundet har ikkje avklart nøyaktig kor omfattande konsekvensane blir for kapteinane som vel å bruke armbindet.

Dei skal blant anna ha truga den danske lagkapteinen med gult kort og utestenging frå neste VM-kamp, dersom han brukte armbindet.

No vil det tyske fotballforbundet (DFB) ta Fifa til Den internasjonale skilsdomsretten for sport, som er det høgaste domstolen innan idrett. Dei håpar at det vil utsette ein eventuell straff frå Fifa, slik at lagkapteinane kan gjennomføre kampanjen sin.


Noreg når ikkje klimamål innan 2030

Stein Lier-Hansen, administrerende direktør i Norsk Industri

Stein Lier-Hansen, administrerande direktør i Norsk Industri på lanseringa av rapporten «Energy Transition Norway 2022». Foto: Norsk Industri

Denne veka lanserte Norsk Industri rapporten «Energy Transition Norway 2022». Den viser at Noreg ikkje kjem til å klare å kutte 55 prosent av klimautslepp innan 2030, slik regjeringa har sett som mål.

Ifølgje rapporten svarer tiltaka som Noreg har innført til berre 25 prosent kutt i utslepp innan 2030.

Rapporten viser også at Noreg kjem til å måtte importere meir kraft i åra som kjem, og at det er større behov for å få på plass meir fornybar energi.


Skal opprette erstatningsfond for klimaskadar til fattige land

Foto: UNclimatechange/CC BY-NC-SA 2.0

Klimatoppmøtet vart avslutta på overtid i helga, då deltakarane endeleg vart einige om ei slutterklæring. I denne avtalen sto det kva landa skulle fokusere på framover. Den største endringa frå andre år er at dei skal opprette eit nytt fond.

Pengane frå fondet skal gå til dei tapa og skadane som fattige land får på grunn av klimaendringar. Dette har vore ei viktig kampsak for land i det globale sør.

Det er desse som ofte er mest utsett for naturkatastrofar, samstundes som det er dei som bidreg minst til klimautslepp.

I første omgang blir det oppretta ein komite som skal finne ut korleis eit slik fond skal fungere.


Høgsterett i New Zealand opnar for stemmerett for 16-åringar

Sanat Singh (18) er ein av leiarane i Make it 16. Foto: Privat

Måndag slo høgsterett i New Zealand fast det er aldersdiskriminerande at stemmealderen er sett til 18 år. Saka vart løfta av gruppa Make it 16, som meiner stemmealderen strid med dei grunnleggjande rettane deira, som i New Zealand gir dei over 16 vern mot aldersdiskriminering.

Etter dommen varsla statsminister Jacinda Ardern at nasjonalforsamlinga skal sjå på om stemmerettsalderen burde senkast. Avstemminga kjem ikkje til å skje før neste år, og det krevst eit fleirtal på 75 prosent for å få gjennom ei slik endring.

Akkurat no har ikkje forslaget nok støtte til å bli vedteken, men leiaren i Make it 16 håpar dei kan overtale fleire i løpet av det neste året.


Norsk politi åtvarar mot nytt livsfarleg dop

Foto: robin_24, CC BY 2.0, via Wikimedia Commons

Ein 20 år gamal mann frå Nedre Romerike døydde denne veka fordi han tok overdose av stoffet protonitazen. Dette er eit stoff som har dukka opp i Noreg den siste tida, og det skal svært små dosar til før det er livsfarleg.

Protonitazen er eit opioid, altså eit syntetisk narkotikastoff, som ikkje blir brukt i medisinsk behandling. Det kan vere blanda ut med andre stoff, og ein kan oppnå rus på mange forskjellige måtar, men det vanlegaste er å ta det med nasespray.

Det er spesielt farleg dersom ein ikkje veit at ein tek stoffet. Politi og medisinsk personell er bekymra for at det er større lager av stoffet i landet, og at fleire kjem til å døy.


✨Vekas lyspunkt✨: Forskarar fann fugl dei trudde var utrydda

Ei svarthalsa fasandue har blitt filma i jungelen på Papa Ny-Guinea. Sist gong lokale folk såg fuglen var på 70-talet og ingen forskarar har observert fuglen sidan 1882, for 140 år sidan.

Den nye filmen av fuglen stadfestar med det at fuglen ikkje er utdøydd slik ein trudde. Reaksjonane let ikkje vente på seg blant ekspedisjonen når dei viser reaksjonen til fuglen i ein video.

– Det kjennest som å ha funne ein einhyrning, jubla amerikanaren John C. Mittermeier, ein av leiarane i ekspedisjonen, i etterkant.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?

Kollasj av Framtida. Foto: Birgit Dannenberg/ Utdanningsforbundet/Fagforbundet, NATO, Beate Oma Dahle / NTB