Regjeringa lyser ikkje ut ein 26. konsesjon for oljeleiting på norsk sokkel før 2025. Det skriv NRK.
Det tyder at SV har fått gjennomslag på eit av hovudpunkta sine.
Dei hadde allereie ei avtale om at regjeringa ikkje skulle lyse ut konsesjon for å leite etter olje, men denne avtala gjeld berre ut 2022.
Difor har SV teke dette opp i budsjettforhandlingane.
Ikkje alle er nøgd med utfallet: Terje Halleland frå Frp seier til VG at det er uansvarleg å stoppe leiting når det er mangel på gass i Europa.
– I kveld er det fest i Moskva, seier han til avisa.
Det ferdige statsbudsjettet blir lagt fram i ettermiddag, klokka 18.
- Les også Kort forklart: Kva er greia med statsbudsjettet?

Oppdatert:
onsdag 30. november 2022 08.19