Regjeringa halverer skattefrådraget for BSU-sparing

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bustadsparing for Unge (BSU) er eit tiltak som skal hjelpe unge inn på bustadmarknaden.

Dersom du er under 34, og ikkje har kjøpt ein bustad enno, kan du setje inn opp til 27 500 kroner i året på BSU-konto. Av dette får du 20 prosent, altså 5500 kroner, igjen på skatten.

Den summen blir no halvert med det nye statsbudsjettet, ifølgje NRK.

Frå neste år får du berre 10 prosent av det du sett inn att på skatten din. Det vil seie at du frå neste år får maks 2750 kroner att på det du sett inn.

Staten sparer over 600 millionar kroner på dette kuttet.

Du kan framleis spara maks 300 000 kroner på BSU-kontoen din.

Kritisk til kuttet

Økonom Halgeir Kvadsheim er blant dei som reagerer på kuttet i BSU-ordninga.

– BSU er ein enkel og handfast moglegheit til å spare opp pengar til eigenkapital til bustadkjøp for unge. Eg er redd for at svekkinga av denne ordninga vil gje ein dytt i feil retning for spareviljen til dei unge, seier han til VG.

Heller ikkje organisasjonen Huseierne eller Norges Eiendomsmeglerforbund (NEF) er nøgde med regjeringa.

– Det er veldig kjedeleg at dette kom no, og det er heller ikkje all verda med pengar dei dreg inn på kuttet. Dei tek frå vanlege folk, seier administrerande direktør i NEF, Carl O. Geving.


Les også: Fem av dei største ungdomspartia meiner BSU-ordninga bør endrast

Kollasj av Framtida.no. Foto: Pressefoto og ConstantinosZ/GettyImages/Canva.

Illustrasjonsfoto: Tierra Mallorca. Nesten vaksen-logo: Linn Isabel Eielsen