Kort forklart: Slik vil utvalet endre opptak til høgare utdanning
Fjerne kjønnspoeng og høvet til å ta opp karakterar, opne for opptaksprøve og la alle konkurrere i same kvote.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Tysdag kom regjeringa sitt opptaksutval med tilrådingar om korleis opptakssystemet bør endrast. Utvalet har sett på korleis opptaket til høgare utdanning fungerer i dag, og har ei rekke med ting dei vil endre.
– I dag har vi eit lappeteppe av tilleggspoeng og rangeringshøve, der alder trumfar kompetanse, seier utvalsleiar Marianne Aasen i ei pressemelding.
Ho seier dagens system gjer at mange brukar lang tid på å kome i gang med studium, og at det blir kunstig høge poenggrenser.
– Det gir oss ikkje betre kandidatar eller arbeidstakarar, og det har store samfunnsøkonomiske kostnadar, legg ho til.
Utdanningsminister Ola Borten Moe er einig i at dagens system er dyrt, og at det er på tide å rydde opp.
– Om alle studentane kjem i gang berre éin månad tidlegare, og går ut i jobb éin månad før, seier utvalet at det kan gje ei auka verdiskaping på meir enn to milliardar kroner i året, seier ministeren.
Dette er tilrådingane til utvalet:
Fjerne skilnaden mellom førstegongsvitnemål og ordinær kvote
Det burde framleis vere karakterar som bestemmer om folk kjem inn på studiet, men utvalet vil fjerne todelinga.
No er det slik at dei som nyleg er ferdig på vidaregåande konkurrerer med andre som også nyleg er ferdige. Resten konkurrerer med dei i ordinær kvote.
Dersom utvalet får vilja si, vil alle konkurrere med kvarandre, og det er første karakteren i eit fag som er gjeldande. Dei tilrår at desse skal konkurrere om 80 prosent av studieplassane.
Fjerne høvet til å ta opp att fag for å betre karakterar
For at det skal vere rettferdig å slå saman kvotane, vil utvalet fjerne høvet til å betre karakterar i fag du allereie har teke. I dag kan studentar bruke fleire år på å betre karakterane sine for å kome inn på studium med høge opptakskrav.
Dette vil ikkje vere mogleg med ei ny ordning.
Det skal framleis vere mogleg å ta nye fag etter du er ferdig med vidaregåande.
Søkjarar kan også ta ei opptaksprøve
Dei som ikkje har gode nok karakterar til å konkurrere med andre, kan ta ei opptaksprøve. Utvalet tilrår at dei resterande 20 prosent med studieplassar går til dette.
Tiltaket er inspirert av Sverige, som allereie har det dei kallar högskoleprovet. Då kan til dømes personar som ikkje har karakterar frå nødvendige fag, men som kanskje har praktisk kunnskap gjennom arbeid, vise at dei har kompetanse til å studere.
I Noreg blir denne typen realkunnskap som regel ikkje blitt talt med, anna enn i alderspoeng.
Fjerne alders- og tilleggspoeng
I dag kan du i Noreg få både alderspoeng, og andre tilleggspoeng dersom du har førstegongsteneste, folkehøgskule eller anna høgare utdanning. Dette meiner utvalet forseinkar studiestart, spesielt på studium med mange søkjarar.
Difor vil dei fjerne desse tilleggspoenga.
Ei eventuell opptaksprøve meiner dei tek meir omsyn til kunnskapen ein person får etter dei er ferdige med vidaregåande skule.
Fjerne kjønnspoeng og innføre kvotar
I dag kan du få kjønnspoeng dersom du til dømes er kvinne og søker på visse mannsdominerte studium (datateknologi, enkelte ingeniørstudium osv.), eller dersom du er mann og søkjer på visse kvinnedominerte studium (sjukepleie, veterinær osv.).
Utvalet vil heller ha kjønnskvotar på visse studium, for å bidra til meir kjønnsbalanse i arbeidslivet.
I tillegg vil dei innføre spesielle kvotar for dei med samisk språkkompetanse og nordnorske søkjarar.
Fjerne særskilde karakterkrav
Enkelte basisfag må du ha eit visst karakternivå i for å kome inn på visse studium. Skal du studere til å bli lærar, må du ha minst 4 i matematikk. Vil du bli sjukepleiar må du ha minst 3 i norsk.
Slike karakterkrav vil utvalet kvitte seg med.
Dersom ein har stått i eit fag, skriv dei, er ein kvalifisert. Karakterar skal heller brukast til å rangere søkarar.