Regjeringa vil fjerne pengekrav for utanlandsstudentar
Regjeringa ønskjer at det skal bli billigare for studentar frå land utanfor EØS og Sveits å studere i Noreg, og vil la studiestadene sjølv bestemme prisen.

Retting: Forslaget går ikkje ut på at det skal vere gratis, men billigare.
Krav om skulepengar for desse studentane vart innført då Ola Borten Moe (Sp) var forskings- og høgare utdanningsminister, men no vil regjeringa gjere det billigare, skriv Aftenposten.
– Etter innføringa av studieavgift har talet på nye studentar frå utanfor EØS, falle kraftig, rekna til rundt 80 prosent, seier noverande forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Forslaget går ut på at studiestadene sjølv kan velje kor mykje dei kan ta betalt for studentar frå utanfor EØS og Sveits, men dei må ta noko betalt. Det noverande kravet går ut på at studieavgifta minst skal dekkje det studenten kostar institusjonen.
Målet er at studiestadene skal få bestemme meir sjølv, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
Aasland ønskjer å byggje ned barrierane for samarbeid for studentar og forskarar.
– Prinsipielt og praktisk meiner eg det er eit gode at utanlandske studentar og forskarar kjem til Noreg. All erfaring tilseier det, seier ho.
Forslaget krev ei lovendring vedteken i Stortinget. Derfor er det usikkert når og om det blir gjennomført.
Regjeringa ønskjer også å fjerne kravet om norskkompetanse for internasjonale forskarar, og senke kravet om kor mykje pengar på konto utanlandske doktorgradsstipendiatar må ha. Desse forslaga krev ikkje noka lovendring og blir derfor gjennomførte med ein gong.