Statsbudsjettet 2023: Studentane får 9022 kroner meir i studiestøtte
Norsk studentorganisasjon gler seg over auka studiestøtte, men er skuffa over at regjeringa ikkje snur på forslaget om skulepengar for internasjonale studentar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I forhandlingane med SV har Arbeidarpartiet og Senterpartiet gått inn for å auka studiestøtta enno meir enn i statsbudsjettforslaget som vart lagt fram i oktober.
Regjeringa har lagt 300 millionar kroner på bordet, noko som inneber 9022 kroner ekstra i året til kvar student.
Studiestøtta blir fordelt på lån og stipend og gjeld for studieåret 2023–24.

Utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Elise Waagen. Foto: Stortinget
– Dette er eit solid løft for studentane, som kjem veldig godt med i den tøffe økonomiske situasjonen vi lever i no. Eg er glad for at studentar no kan får meir pengar å rutte med, seier utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Elise Waagen.
Ho påpeikar at regjeringa tidlegare har teke grep for å få opp byggjetempoet. Dei har mål om 3.000 nye studentbustader i året.
– Vi veit at den klart største enkeltutgifta for dei fleste studentar er husleige, så det viktigaste grepet vi kan gjere for å betre økonomien til studentane, er å byggje fleire rimelege studentbustader.
Kjempar vidare for 1.5G
I Senterpartiet og Ap sitt forslag til statsbudsjett for 2023 auka studiestøtta med 3600 kroner. Etter forhandlingane med SV har støtta auka til 9022 kroner.
Leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Maika Godal Dam, kallar det ein siger med bismak.
– Studiestøtta ser no eit løft som er sårt etterlengta. Vi er klare for å ta kampen for at dette ikkje stoppar her og at studiestøtta allereie ved neste års budsjettprosess når opp til 1.5G, seier Godal Damn i ei pressemelding.
G står for grunnbeløpet i folketrygda, som i 2022 er 111 477 kroner.
NSO kallar det ein siger med bismak
Godal Dam er ikkje nøgd med skulepengane for internasjonale studentar. Regjeringspartia har i forhandlingar med SV ikkje gått tilbake på å innføra studieavgift for internasjonale studentar frå utanfor EU.
– Her bryt ein med eit viktig prinsipp om at høgare utdanning i Noreg skal vere gratis for alle. Det er takka vere regjeringa og deira brot på eiga plattform at dette blir gjennomført, og at det kjem til å vere lommeboka som avgjer kven som får studere. Dette er ikkje anna enn veldig skuffande, seier Godal Dam.
- Les meir om Statsbudsjettet 2023: Lyser ikkje ut meir oljeleiting før 2025