Abid Raja meiner Ola Borten Moe bør vurdere å gå av

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag kveld erklærte Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen at forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) er «persona non grata». Han er altså ein uønskt person hjå dei.

Bergensstudentane følgjer etter Studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, som førre veke gjekk inn for det same.

Det melder mellom anna VG og Studvest.

Ueigna statsråd

I ein resolusjon vil Studentparlamentet ved UiB sende eit tydeleg signal om at Borten Moe er ueigna som forskings- og høgare utdanningsminister.

Leiar Aksel Haukom er lei retorikken, og etterlyser ein statsråd som lyttar til studentane.

– Dette handlar mellom anna om at vi ikkje får nok i studiestøtte, at han vil kutte i gratisprinsippet og at han har tatt til orde for dyrare utveksling, seier han til VG.

19 medlemmar av Studentparlamentet ved UiB stemte for resolusjonen, 10 stemte mot og ein valde å ikkje stemme, ifølgje Khrono.

Aksel Haukom er leiar for Arbeidsutvalet ved Studentparlamentet i Bergen. Foto: Henriette Frøysland Thorkildsen

Raja: – Skal han ta alvoret inn over seg?

Nestleiar i Venstre, Abid Raja, har kasta seg med i diskusjonen. På Twitter stiller han spørsmål ved om Ola Borten Moe burde trekkje seg som statsråd.

Raja meiner statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) må vurdere om han kan ha ein statsråd for høgare utdanning som er uønskt av studentane.

– For meg er det heilt tydeleg at Ola Borten Moe ikkje har den tilliten som trengst for å vere statsråd på dette feltet, seier Raja til Dagbladet.

Abid Raja. Foto: Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet, Stortinget

Ueinig i at han ikkje forstår studentane

Etter at han vart erklært uønskt av UiO-studentane førre veke, kalla Ola Borten Moe det ei «pubertal uttrykksform.»

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. Foto: Ilja C. Hendel/Regjeringa

I Dagsnytt 18 måndag sa statsråden for høgare utdanning seg ueinig i at han ikkje forstår studentane sin situasjon.

– Det som skjer er at studentane blir ramma, slik som alle andre grupper, av svekt kjøpekraft, sa han.