USA: Senatet sikrar likekjønna ekteskap

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag stemte det amerikanske Senatet for ei lov som garanterer retten til likekjønna ekteskap, og ekteskap mellom personar med ulik etnisitet.

– Dette vil sikre at, i komande generasjonar, så kan LHBTQ+-ungdom vakse opp og vete at dei òg kan leve fulle, lukkelege liv og stifte sin eigen familie.

Det sa president Joe Biden etter at forslaget fekk senatsfleirtal, ifølgje The Guardian.

Lovforslaget vart vedteke med 61 stemmer for og 36 mot. 12 republikanarar støtta forslaget.

Vidare til Representanthuset

Høgsterett i USA har stadfesta likekjønna sin rett til å gifte seg sidan 2015.

Men etter Høgsterett i juni skrota Roe v. Wade, dommen som sikra abortrettar på eit føderalt nivå, har mange vore uroa for at retten til likekjønna ekteskap er den neste som står for fall.

Senatsfleirtalet er første steg for å sikre retten. Lova krev ikkje at delstatar innfører retten til likekjønna ekteskap, men at dei anerkjenner slike ekteskap inngått i andre delstatar.

No skal lova verte stemt over i Representanthuset. Ifølgje Business Insider kan saka verte handsama der allereie neste veke. Demokratane vil løfte saka raskt, fordi dei mister fleirtalet i Representanthuset i januar, grunna haustens mellomval.

Om lova vert vedteken også i Representanthuset, hamnar ho på bordet til president Joe Biden. Han har sagt han vil signere ho raskt og med stoltheit.

LHBTQ+-rettar under åtak

Respect for Marriage-lova vil langt på veg sikre at ein stadig meir radikal Høgsterett ikkje trugar denne retten, men LHBTQ+-rettar er allereie under åtak over heile landet, seier James Esseks, ifølgje The Guardian.

Han er leiar for LHBTQ & HIV-prosjektet hjå organisasjonen American Civil Liberties Union. Esseks peikar på at særleg transpersonar møter trugslar mot tryggleiken, verdigheita og helsehjelpa si, frå lovgjevarar landet over – også frå medlemmar i Kongressen.


Florida-guvernør Ron DeSantis signerer the Parental Rights in Education bill, også kalla Don’t say gay-lova. Foto: Douglas R. Clifford/Tampa Bay Times via AP