Vekas viktigaste: Statsbudsjett, Twitter og fredspris

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statsbudsjettet for 2023

Kronestykke

Foto: Noregs Bank/Nils S. Aasheim

Torsdag la Ap- og Sp-regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for neste år. Til saman vil dei bruke 1747,8 milliardar kroner.

Av dette så er 316,8 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond utland, eller oljefondet. Det er 2,5 prosent av overskotet til fondet, som er godt innan handlingsregelen.

Forsvaret får 6,8 milliardar kroner meir i forslaget for neste år, som er ei auke på 9,8 prosent. Det skal gå til å blant anna kjøpe meir utstyr, produsere våpen og auke talet på soldatar i heimevernet.

Det er berre sett av 0,75 prosent av statsbudsjettet til bistand, der målet var 1 prosent. Det blir ikkje nedgang i faktiske kroner, sidan statsbudsjettet har ei større ramme i år, sidan staten har tent meir pengar i år.

Likevel meiner blant anna frivillige organisasjonar, at dette er dårlege prioriteringar.


Seksuell trakassering i amerikansk kvinnefotball

Kvinne triksar med fotball

Kvinnefotballen må ta eit oppgjer med trenarkulturen, viser ein ny rapport. illustrasjonsfoto: Rhett Lewis on Unsplash

Måndag kom det ein rapport som skildra omfattande misbruk i amerikansk kvinnefotball. Fem av ti topptrenarar har fått sparken eller blitt permittert i løpet av den siste sesongen på grunn av skuldingar om trakassering.

Rapporten tek for seg den nasjonale ligaen for kvinnefotball (National women’s soccer league).

Den skildrar blant anna at trenarar skal ha sendt nakenbilete og onanert framfor spelarar.

Meir enn 200 personar er intervjua i samband med rapporten.

Fotballpresidenten seier dei tek skildringane i rapporten alvorleg, og kjem med konkrete strakstiltak for å betre situasjonen.


Riksrevisjonen avdekkjer store svikt i Forsvaret sin sikkerheit

Cyberteknikar-elevar frå Cyberforsvaret sin våpenskule under deira vinter-/sambandsøving i Trøndelag, november 2019. Foto Anette Ask / Forsvaret.

Informasjonssystema til Forsvaret er for dårleg, konkluderte riksrevisjonen i ein rapport dei la fram denne veka.

Revisjonen seier det er ein av dei mest alvorlege rapportane dei har lagt fram, og at forsvaret har store manglar.

Dei peikar på fleire ting som må bli betre, blant anna:

Ein stor del av teknologien deira, både når det kjem til informasjon og sikkerheit er forskjellig eller lite oppdatert. Ved eit angrep eller i ein annan krisesituasjon blir det difor vanskeleg å utveksle informasjon og å samhandle.

Kompetansen til personane som arbeider i desse sektorane blir også kritisert. Den er ikkje god nok til å løyse problem som oppstår med sikkerheitsteknologien. I tillegg er ansvarsfordelinga spreidd og uavklart, som igjen gjer koordinering og oppdatering på feltet blir vanskeleg.


Elon Musk ønskjer likevel å kjøpe Twitter

Foto: NORAD and USNORTHCOM Public Affairs, Public domain, via Wikimedia Commons

Milliardæren har på nytt snudd i konflikten med Twitter. Han seier han vil kjøpe selskapet for 54,2 dollar per aksje, som fekk aksjeprisen til å skyte opp over 50 dollar i løpet av kort tid.

Dette kjem etter Musk snudde i avtala han gjekk inn i tidlegare i år.

Den originale avtala var at Musk skulle kjøpe Twitter for 44 milliardar dollar. Sjølv har han sagt at grunnen til at han ikkje ville gjennomføre avtala var fordi selskapet ikkje hadde gjeve han tilstrekkeleg data om falske kontoar.

Likevel kjem ikkje Musk til å stille med alle milliardane sjølv, dersom han endar opp med å kjøpe selskapet.

Dei store bankane Morgan Stanley og Bank of America må stille med over 12 milliardar dollar. Det er mykje pengar i ein usikker marknad.

Eit av vilkåra til Musk er at Twitter droppar søksmålet dei har mot han. Rettssaka er foreløpig planlagt å starte 17. oktober.


Ukrainsk, russisk og belarusisk vinnar av Nobels fredspris

Nobels Fredspris

Fredsprisen er i år påverka av krigen mellom Russland og Ukraina. Foto: Nobelstiftinga

Vinnarane er den belarusiske aktivisten Aljes Bjaljatski, den russiske menneskerettsorganisasjonen Memorial, og ukrainske Senteret for sivile rettar.

Aljes Bjaljatski har kjempa for menneskerettar og demokrati i Belarus (tidlegare Kviterussland) sidan 80-talet. Han leiar blant anna ein menneskerettsorganisasjon, og sit i fengsel utan dom.

Memorial vart grunnlagt i tidlegare Sovjetunionen i 1987, og er den største menneskerettsorganisasjonen i Russland. Dei dokumenterte ofra etter diktatoren Josef Stalin. Under Tsjetsjenia-krigane dokumenterte dei dei sivile ofra til russiske og prorussiske styrker. Leiaren Natalja Estemirova vart drepen i 2009, og i 2021 bestemte russiske styresmakter at organisasjonen skulle leggjast ned.

Senteret for sivile rettar (CCL) vart stifta i 2007 i Ukraina. Det har som mål å styrke menneskerettar og demokrati i landet, og har sidan den russiske invasjonen arbeidd for å dokumentere krigsbrotsverk.


✨Vekas viktigaste lyspunkt✨: Brasil har valt inn dei første transkvinnene i kongressen

Duda Salambert (t.v) og Erika Hilton. Foto: Mídia NINJA/Flickr

Sundag 2. oktober var det første runde med presidentval i Brasil. Samstundes var det også val til nasjonalforsamlinga deira. Der vann politikarane Erika Hilton (29) og Duda Salabert (41? historiske sigrar.

Dei er dei to første transkvinnene som er valde inn i Brasil sin nasjonalkongress.

Hilton er frå Partiet for sosialisme og fridom (Partido Socialismo e Liberdade), og Salabert er frå Det Demokratiske Arbeiderparti (Partido Democrático Trabalhista).

Politikken til Hilton har særleg fokusert på utdanning, sosialbustadar og LHBT+rettar. Salabert sin kjernesak har vore klima og miljø.


Fekk du med deg kva som skjedde førre veke?

Partileiar Giorgia Meloni, lakseoppdrett og leiar av Utdanningsforbundet Steffen Handal.

Kollasj av FramtidaFoto: Vox España/Wikimedia Commons/CC0, Gerd Meissner/Pixabay, Utdanningsforbundet