Sjokkrapport for amerikansk kvinnefotball om seksuell trakassering

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 09.12.2022 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fem av ti topptrenarar i amerikansk damefotball vart sparka eller måtte gje seg førre sesong, grunna skuldingar om trakassering.

Det slår ein rapport som vart publisert måndag fast. Rapporten tek for seg den amerikanske nasjonale ligaen for kvinnefotball (National women’s soccer league).

Han avdekkjer fleire hendingar der forskjellige trenarar har oppført seg upassande mot spelarar, blant anna ved å:

  • sende nakenbilete av seg sjølv.
  • onanere framfor spelarar.
  • presse spelarar til seksuelle forhold.
  • ha seksuelle forhold med spelarar på juniorlag, sjølv om spelarane truleg var over seksuell lågalder då forholda starta.

I tillegg skal dei ha skapt eit utrygt miljø i fotballen generelt.

Ikkje berre trenarar

Rapporten vart etterspurt etter tidlegare spelarar, blant anna Mana Shim, kom med omfattande skuldingar. Shim seier det ikkje berre er trenarane som har skulda.

– Det er folka i maktposisjon, ikkje berre trenaren som misbrukte oss, men også leiarskapet som gjorde det mogleg og let han trene andre stader, sa ho til CBS.

Rapporten peikar også på manglande oppfølging då personar vart skulda for upassande oppførsel. Trenarane fekk i fleire tilfelle sjansen til å vere trenar ved andre lag seinare, sjølv om dei ikkje fekk halde fram med det første laget.

Over 200 personar vart intervjua av dei som laga rapporten.

Konsekvensar

Den amerikanske fotballpresidenten, Cindy Parlow Cone, seier det rapporten skildrar ikkje er i tråd med det organisasjonen skal gjere.

– Misbruken som blir skildra er uforsvarleg og har inga plass på noko spelebane, treningssenter eller arbeidsstad, slo ho fast i ei pressemelding.

Vidare skriv ho at dei skal få på plass fleire tiltak, blant anna:

  • lage ein generell standard for bakgrunnssjekk.
  • dele informasjon om dei som blir straffa for upassande oppførsel.
  • etablere ei stilling som skal fokusere på tryggleiken til dei som deltek i sporten.

Verdsmeisterskapet i Qatar vert sparka i gang 20. november.
Illustrasjonsfoto frå Kontraskjæret i Oslo i 2020: Geir Olsen / NTB