Slik påverkar statsbudsjettet lommeboka til deg under 25 år

Åshild Slåen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa har no lagt fram forslag til statsbudsjett for 2023. Krig i Europa, energikrise, terroråtak og tida etter pandemi er alle store ting dei må ta omsyn til.

Likevel brukar Regjeringa mindre av oljepengane enn i årets budsjett.

Totalt er statsbudsjettet på over 1747,8 milliardar kroner.

Av desse kjem 316,8 milliardar kroner frå Statens pensjonsfond utland, eller oljefondet. Dette er 2,5 prosent av overskotet til fondet, godt innanfor handlingsregelen 3 prosent.

Her er nokre av endringane som er viktige for deg:

 

Skule ?

  • Bortebuarstipendet aukar med 57,3 millionar kroner
    Det betyr at bortebuarstipendet går opp frå 4979 til 5639 kroner i månaden.
  • Utstyrsstipendet aukar med 50,1 millionar kroner
    Det betyr at dei forskjellige satsane vil auke med mellom 30 og 100 kroner per sats. Regjeringa legg også til ein femte sats på 5915 kroner, over 1100 kroner meir enn den høgaste satsen no.
  • Fleire læreplassar, med 80 millionar kroner ekstra i støtte
    Posten for å etablere læreplassar og formidle dei til elevar aukar frå 380 millionar kroner til 460 millionar kroner.
  • Støtta til private skular blir kutta med 31 millionar kroner
    Det går utover særordningar private skular har med utveksling, musikkundervisning og toppidrett. Det vil framleis vere 413 millionar kroner tilgjengeleg i særtilskot for privatskulane.

Les meir: Regjeringa aukar VGS-stipend


Studentar ?

  • Utanlandsstudentar i Noreg må betale skulepengar
    Studentar frå utanfor EØS og Sveits må betale for å studere i Noreg. Forslaget skal ikkje gå utover utvekslingsstudentar.
  • Studielån og -støtte aukar med 85,3 milliardar
    Desse ordningane blir justert etter konsumprisindeksen (KPI) kvart år. Auka blir difor til neste år på 2,8 prosent. Det blir 3600 kroner meir lån i året.
  • Kutt i stipend for norske utanlandsstudentar
    I dag kan bachelorstudentar i utlandet som må betale skulepengar få i overkant av 36 000 kroner i stipend, medan master- og ph.d-studentar kan få i overkant av 50 000 kroner. Frå neste år vert stipendet 29 000 kroner uavhengig av grad.
  • Lågare studiegjeld dersom du flyttar nordover
    Frå neste år kan ein få sletta 20 prosent av studielånet, med ei maksgrense på 30 000 kroner kvart år, dersom du flyttar til Nord-Troms eller Finnmark. Det er i auke i ordninga frå 2022 der maksgrensene er på 10 prosent og 25 000 kroner i året.

Les meir: Studentleiaren meiner det ikkje er mange lyspunkt i budsjettet


Jobb ?

  • Mindre skatt til dei som tener under 750 000 kroner
    Skatteletten blir på totalt 4,5 milliardar. For enkeltpersonar vil det seie mellom 1000 og 2000 kroner mindre i skatt i året.
  • Du kan ha eit større frådrag på skatten din
    Det nye personfrådraget på ålmenn inntektsskatt er på 135 000 kroner i året. Det er ei auke på 17 000 kroner frå 108 000 kroner i år.
  • Nav får 175 000 millionar kroner til unge utanfor jobbmarknaden
    Dette er ein del av regjeringa sin «ungdomsgaranti». Den skal hjelpe dei under 30 år som ikkje har jobb eller utdanning. Mykje av pengane skal gå til å tilsette nye rettleiarar. Slik kan unge ha ein fast kontaktperson, og gjere koordineringa av tiltak betre.

Les meir: Skeive organisasjonar får nesten dobla støtta neste år

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) seier at regjeringa aukar støtta til skeive organisasjonar i neste års statsbudsjett. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK