Justisministeren må svara på TikTok-kritikk i Stortinget

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I helga skreiv NRK om justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) sin bruk av den kinesiske appen TikTok.

Fleire ekspertar er kritiske til justisministeren sin TikTok-bruk. Kritikken dreier seg både om nasjonale tryggingsomsyn og personvern.

Justisministeren delte sin første TikTok-video 8. oktober og har i skrivande stund over 12.800 følgjarar. Mehl har delt i alt fem videoar. To av videoane handlar om krigen i Ukraina og stoda på den norsk-russiske grensa og er publisert etter NRK publiserte saka.

@emiliemehl8 Minivlog besøk til Norges grense til Russland i Finnmark (Sør-Varanger, Kirkenes og Alta) ?? #minivlog #fyp #politiet #grensekontroll #beredskap #heli #helicopter ♬ NEW – INSTRUMENTAL – Beats by Talent

Kinesisk datainnsamlingsverktøy

Videoappen TikTok har over 2 milliardar brukarar verda over. I Noreg brukar halvparten av unde i alderen 18–29 år appen dagleg, ifølgje ein rapport frå Ipsos.

Førsteamunensis i informasjonssikkerheit ved NTNU, Gaute Bjørklund Wangen, kallar TikTok «eit datainnsamlingsverktøy som vidaresender informasjon til Kina». Fagdirektør i Forbrukarrådet, Finn Myrstad, fortel til NRK at du kan gje teknologiselskapa tilgang til ekstreme mengder data berre ved å ha appen på mobilen din.

Vurdert som cybert-trugsel av den amerikanske hæren

I 2020 tok den amerikanske hæren grep og ba sine tilsette sletta TikTok, noko marinen og Forsvarsdepartementet alt hadde gjort. Grunnen var at appen vart vurdert som ein cyber-trugsel.

Til NRK forklarar den norske justisministeren at ho held seg til reglane ho har fått frå departementet og frå Nasjonalt tryggingsorgan (NSM).

– Eg har eit veldig aktivt forhold til sikkerheit i all bruk av digitale verktøy. Det er noko eg kanskje kan setta fokus på ved å bruka appen, seier Mehl til NRK.

NSM seier til NRK at dei ikkje har vore i direkte skriftleg kontakt med Mehl om bruk av appen.

Ekspertar var kritiske til justisministeren sin TikTok-aktivitet rundt eit besøk i Nederland. Skjermdump

Justispolitisk talsperson i Høgre og andre nestleiar i justiskomiteen, Sveinung Stensland (H). Foto: Stortinget

Spørsmål i Stortinget

No har andre nestleiar i justiskomiteen, Sveinung Stensland (H), teke saka til Stortinget der han i eit skriftleg spørsmål ber justisministeren svara på følgjande:

«Kan statsråden gjøre rede for sin bruk av appen Tiktok, herunder om den er installert på en mobiltelefon hun bruker i tjenesten, og kan statsråden utelukke at informasjon fra hennes mobiltelefon kan være på avveie?»

Til Dagbladet seier Stensland at han fryktar informasjonen kan kome i hendene på kinesiske myndigheiter, noko som han meiner vitnar om eit lemfeldig forhold til datatryggleik

– Det er flott at statsrådar byr på seg sjølv og viser glimt av sin kvardag. Det bidreg jo til at fleire får innsyn i kva politikarane sin kvardag består i, men tryggleiken må gå foran, seier han.


Jane Lool under innspeling. Foto: Sindre Deschington