Vekas viktigaste: Gasslekkasje, lærarstreik og fascistiske parti

Åshild Slåen
Publisert
Oppdatert 31.10.2022 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gasslekkasje i Austersjøen

Kart som markerer Bornholm og Simrishamn

FORUREINING: Lekkasjane skjer i nærleiken av Bornholm og Simrishamn.

Tysdag byrja gassrøyr å leke gass ut i Austersjøen. Lekkasjane skjer i nærleiken av Simrishamn i Sverige og Bornholm i Danmark. Røyra fraktar i utgangspunktet gass frå Russland til Tyskland. Andre røyr frå Russland går gjennom Aust-Europa, hovudsakleg Ukraina, og Tyrkia.

Fleire statsleiarar har sagt at lekkasjen ikkje er eit uhell, men sabotasje. Hola i røyra er store, og stasjonar i området målte eksplosjonar før lekkasjen.

Vi veit framleis ikkje kven som står bak lekkasjen.

Russland har tilbakevist skuldingar, men er også einige om at det er prat om sabotasje.

Denne hendinga spissar til energikrisa i Europa, hevar spenninga mellom Russland og resten og Europa, og er årsak til stor forureining i Austersjøen.


Tvungen lønnsnemnd i lærarstreiken

Streikande lærarar i refleksvest og t-skjorter med slagord.

AVBROTE STREIK: Lærarane ved Gimle oppveksttun i Bergen var dei fyrste som vart teke ut i streik av Utdanningsforbundet i juni. Foto: Utdanningsforbundet

Norske lærarar frå vidaregåande- og ungdomsskular har streika sidan før sommarferien. Denne veka var rundt 8500 av dei trekt ut. Tysdag vart det tvungen lønnsnemnd. Grunngjevinga er at streiken går ut over liv og helse hjå elevane.

Både Barneombodet og Foreldreutvalet for grunnskulen har skrive brev til Regjeringa om det. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark ropte også varsku tysdag om blant anna ungar som stod utan spesialundervising.


Ytre-høgre siger i det italienske valet

SIGER: Giorgia Meloni frå då ho vitja ein konferanse for konservative i USA i 2022. Foto: Vox España/Wikimedia Commons/CC0

Det nyfascistiske partiet Brør av Italia er no det største partiet i Italia. Dei fekk 26 prosent av røystene etter valet i helga.

Saman med det andre nyfascistiske partiet Framåt, Italia, og tidlegare statsminister Silvio Berlusconi sitt parti Ligaen kjem dei til å danne ei ny italiensk regjering.

Giorgia Meloni er partileiaren i spissen for den fyrste ytre-høgre regjeringa i Italia sidan 2. verdskrig, då Benito Mussolini styrte. Partiet hennar har profilert seg på kjerneverdiane gud, familie og fedreland, og politikken er hard mot migrantar og skeive.


Ny skatt for laks og vindturbinar

Fjord med fiskeoppdrett og ein båt.

MEIR SKATT: Primærnæringar som lakseoppdrett og vindkraft må betale meir til staten framover. Foto: Gerd Meissner/Pixabay

Regjeringa vil innføre skatt på fiskeoppdrett og kraftbransjen.

Denne skatten svarar til 33 milliardar kroner i året.

Dei vil innføre 40 prosent grunnrenteskatt på vindkraft og oppdrett av laks, aure og regnbogeaure, ifølgje E24.

Grunnrenteskatt er ein type skatt som verksemder som brukar naturleg tilgjengelege ressursar må betale. Dei som vinn ut olje og gass må til dømes betale denne skatten. Vasskraft får auka denne skatten frå 37 til 45 prosent.

Det er nytt at skatten blir brukt på oppdrettsnæringa, og han rammar ikkje dei som driv med oppdrett på land eller i ope hav. Dei minste aktørane skal også sleppe å betale. Ei verksemd kan produsere mellom 4 og 5 tusen tonn med fisk før dei blir ramma av den nye skatten.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum seier dei gjer dette for å få inn meir pengar. Med auka kostnadar treng dei ein måte å dekke dei vanlege utgiftene sine.

Helge Møgster, som har tent milliardar på fiskeoppdrett, meiner dette er å rane kysten. Han trur det vil stogge utvikling i næringa.

Forslaget er no på høyring, og målet er å innføre det til neste år.


Orkanen «Ian» held fram med øydeleggingar i Nord-Amerika

Orkanen «Ian» gjorde at Cuba vart mørklagt då straumnettet ikkje kunne stå mot naturkreftene. Vêret har ført til velta tre, øydelagde bygningar, og skapt flaumar. Minst to personar i landet døydde som følgje av orkanen, skriv CNN.

«Ian» har reist vidare frå Cuba til USA, og utvikla seg til rett under ein kategori 5, som er den høgaste kategorien ein orkan kan vere i. Over to millionar menneske er no utan straum i delstaten Florida, og mange er evakuerte eller under portforbod, ifølgje Dagsavisen. Dei som ikkje kunne evakuere, vart råda til å halde seg innandørs.

Det fulle skadeomfanget i delstaten er ikkje kjent enno. Orkanen er nedgradert til kategori 1 no som han går innover landet.


✨ Vekas viktigaste lyspunkt ✨: Cuba løftar likestilling og opnar for likekjønna ekteskap

Det cubanske flagget på ein bygning i Havanna.

IKKJE BERRE DYSTERT: Cuba har hatt ei hard veke, men kan feire eit likestillingsløft. Foto: Lloyd Cl/Pixabay

På den lysare sida har over 70 prosent av cubanarar denne veka stemt fram ein ny lov. Denne loven gjer blant anna at likekjønna par kan gifte seg og adoptere barn saman.

I tillegg blir likestilling mellom kjønna løfta fram i lovteksten, og lik fordeling av ansvar i heimen mellom menn og kvinner.


Fekk du med deg det som skjedde førre veke?