Norske organisasjonar skuffa over klimatoppmøtet: – Dramatisk
Landa vart ikkje samde om eit vegkart for omstilling bort frå fossile brensel.
– Dette skulle vere COP-en som tok Amazonas og 1,5-gradarsmålet på alvor. I staden enda vi med eit tomt punktum. Verdas leiarar klarte ikkje eingong å einast om eit vegkart bort frå fossil energi. Dette er eit dramatisk tapt augeblikk, skriv Elise Åsnes i Greenpeace i ein e-post til Framtida.no laurdag kveld.
Då var klimatoppmøtet i Belém, COP30, offisielt ferdig og partane var blitt samde om ei slutterklæring. Åsnes var til stades i Brasil, og kan fortelje om sterk misnøye under dei siste timane av forhandlingane, som gjekk ein dag på overtid.
– Ei gruppe land frå Latin-Amerika, saman med Canada, protesterte mot svak framgang i utsleppskutt og fossilutfasing.
Dette førte til over éin times full stans i det avsluttande plenumsmøtet, før teksten blei banka gjennom utan endringar, fortel ho.
Dugnad
Avtalen landa har blitt samde om har ifølgje NRK fått namnet Mutirão-avgjerda, som kan omsetjast til «dugnad» på norsk.
I sluttavtalen blir rike land oppmoda til å gjere ein innsats for å tredoble finansieringa av klimatilpassingstiltak i fattige land innan 2035.
Men det blei ikkje semje om to vegkart for omstilling bort frå fossil energi og stans i avskoging. I staden skal Brasil leie arbeidet med vegkart som land kan slutte seg til frivillig, skriv TV 2.
Aurora Wibe Limkjær, 1. nestleiar i Changemaker, regarerer på at avtalen etter hennar syn ikkje adresserer årsakene til klimakrisa.
– Det står i skarp kontrast til alvoret vi står i, og er eit mageplask for eit møte som hadde momentum for å levere ein global rettferdig omstillingsplan og auka klimafinansiering, uttalar ho i ei pressemelding.

Anastasiia Myrvoll og Aurora Wibe Limkjær (til høgre) i Changemaker i Belém. Foto: Privat
Ho får støtte av Matilde Angeltveit, seniorrådgivar på klimapolitikk i Kirkens Nødhjelp, som løftar bistandsperspektivet.
Hovudpunkt i sluttavtalen:
- Ei oppmoding om å tredoble finansiering av klimatilpassing i fattige land innan 2035
- Ein mekanisme for å støtte land i å beskytte arbeidarar og lokalsamfunn når dei går over til rein energi
- Ein ny dialog som tar sikte på å styrke internasjonalt samarbeid om handel
- Erkjenninga av at vi no er på veg mot ei mellombels overskriding av 1,5 grader celsius
- Semje om eit nytt frivillig initiativ, Global Implementation Accelerator, som skal få fart på implementeringa av klimamål
- Anerkjenning av å vidareføre resultata frå COP28 i Dubai, som inkluderer ei omstilling bort frå fossilt brensel
Kjelde: FNs generalsekretær António Guterres og NRK
Stilte ultimatum
Noregs klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) erkjenner at det er framleis eit gap mellom kor langt vi har kome i å kutte utslepp og kor vi bør vere for å avgrense oppvarminga til 1,5 gradar.
Fredag truga ei rekke land, mellom anna Frankrike, Storbritannia og Tyskland, med å ikkje skrive under ein avtale om han ikkje nemnde omstilling bort frå fossile brensel. Noreg stilte seg ikkje bak dette ultimatumet, og Eriksen meiner ultimatumet påverka forhandlingane negativt.
– Eg vil seie at det er betre enn frykta, men at vi nok kunne oppnådd meir om ikkje enkelte av partane hadde låst seg fast i ultimatum i siste runde, seier Eriksen til NRK.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen under klimatoppmøtet i Brasil. Foto: © UN Climate Change – Zô Guimarães







