Brasil: Erika og Duda er dei første transkvinnene i kongressen

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sundag 2. oktober var det første runde i presidentvalet i Brasil. I same runde var det også ei rekke politikarar som skulle veljast til det nasjonale parlamentet og kongressen.

For første gong i Brasil si historie var to av desse politikarane transkvinner: Erika Hilton (29) og Duda Salabert (41).

Valet av dei to kvinnene står i kontrast til Brasils sitjande president, Jair Bolsonaro, som har markert seg med som ein forkjempar for såkalla «tradisjonelle familiar» og anti-LHBT-politikk.

I første runde av valet fekk Jair Bolsonaro litt over 43 prosent av røystene, litt mindre enn utfordraren Lula da Silva. Det betyr at det vert ein ny valrunde 30. oktober.

Vann med LHBT-politikk

Hilton stilte for Partiet for sosialisme og fridom (Partido Socialismo e Liberdade) og vann sin valkamp med å kjempe for utdanning, sosialbustadar og LHBT+rettar i landet, ifølgje The Guardian.

– Me skal ut av gatehjørnene, me skal ut av fengsel, me skal ut av narkotika og prostitusjon og byrje å tenke på offentleg politikk og lover, sa Hilton etter det var klart at ho hadde vunne.

Sjølv vaks ho opp i ein konservativ familie som kasta ho ut av heimen fordi dei ikkje ville akseptere kjønnsidentiteten hennar. Berre 14 år gamal byrja ho å selje kroppen sin på gatene, ifølgje El Pais.

Dødstrugslar og klima

Duda Salabert vann for å representere staten sin Minas Gerais, for Det Demokratiske Arbeiderparti (Partido Democrático Trabalhista).

– Eg er den første transpersonen som er vald til den nasjonale kongressen. Me vann valet, trass i åtaka frå venstresida, åtaka frå kristenfundamentalistar og dødstrugslar frå den ekstreme høgresida, sa ho ifølgje the Washington Blade.

Ho har hatt klima som ein av sine viktigaste kampsaker og har mellom anna sagt at ho hadde den første karbonfrie valkampen i historia utan hefter, flagg og klistremerke.

125 drap på transpersonar i  Brasil på eitt år

Brasil er landet med dei høgaste rapporterte tala på drap mot transpersonar i heile verda, ein trend som har vore jamn over fleire år.

I 2021 kom ein rapport frå den europeiske transrettorganisasjonen Transgender Europe TGEU, der 375 transdrap vart registrerte verda over frå oktober 2020 til september 2021. 125 av desse var i Brasil, 65 i Mexico og 53 i USA.

Mellom 1. januar 2008 og 30. september 2021 har 4042 transpersonar og andre folk innan kjønnsmangfaldet blitt rapportert drepne.

Kjelde: Kart frå TGEU-rapporten.

Urfolk og LHBT i kongressen

Under president Jair Bolsonaro har det vore harde åtak på rettane til urfolk i landet, i tillegg til skeive personar. Det vert difor sett på som ekstra viktige sigrar at 18 av 324 opne LHBT-personar vann sine val, i tillegg til Sônia Guajajara og Célia Xakriabá som begge er urfolk.

Ein demonstrant kledd flagget til Brasil framføre handkle hjå ein gateseljar med bilete av presidentkandidatane Lula da Silva og Jair Bolsonaro. Foto: AP Photo/Eraldo Peres)