Regjeringa får bistandskritikk: – Verda brenn og Noreg håvar inn

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa seier i statsbudsjettet at dei fokuserer på å minske forskjellane mellom land. At ein ikkje vil gje 1 prosent av Noregs BNI til bistand når verda brenn og Noreg håvar inn tusen milliardar ekstra på situasjonen reflekterer ikkje dette målet. Kva signal sender dette til andre land? spør Naja Amanda Lynge Møretrø.

I Hurdalsplattforma lova Senterpartiet og Arbeidarpartiet å gje éin prosent av brutto nasjonalinntekt (BNI) til bistand. Då finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) torsdag la fram statsbudsjettet for 2023, vart det klart at dei legg opp til at ikkje meir enn 0,75 prosent av budsjettet skal gå til bistand.

Om det er eitt år Noreg burde innfri minst éin prosent i bistand, meiner Changemaker-leiaren det er no.

– Krigen i Ukraina har alvorlege konsekvensar langt utanfor Europa, og dei som har minst blir råka hardast. Noreg derimot, håvar inn på energisituasjonen, og sit att med enorme ekstra inntekter, seier Møretrø i ei pressemelding.

Huitfeldt: – Globale humanitære behov er rekordhøge

Regjeringa sitt forslag til bistandsbudsjett for neste år er på 43,8 milliardar kroner. Det er ein auke på 2,5 milliardar kroner frå årets budsjett.

– Dei globale humanitære behova er rekordhøge som følgje av væpna konfliktar, konsekvensar av klimaendringar, ringverknadane av koronapandemien og Ukraina-krigen. Eg er særleg bekymra for korleis dette rammar barn og unge, uttalar utanriksminister Anniken Huitfeldt i ei pressemelding.

Utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap). Foto: Stortinget

Ho understrekar at Ukraina-innsatsen ikkje skal gå utover innsatsen i andre humanitære kriser. Regjeringa har lova å gje ytterlegare 10 milliardar kroner i støtte til Ukraina i 2022 og 2023.

Regjeringa forklarar ifølgje NRK at høge inntekter frå olje og gass har gjort at dei måtte ha auka bistanden med 16,8 milliardar for å nå målet om 1 prosent.

I forslaget til stortingsvedtak skriv regjeringa at dei vil halde fram med å auke bistanden i åra framover med ei målsetjing om å bruke 1 prosent av BNI til internasjonal innsats for å nå FN-måla om sosial, økonomisk og miljømessig berekraft.

– Fallitterklæring

Redd Barna meiner at 2023-potten er langt frå stor nok.

– Det er ein historisk låg del av statsbudsjettet som går til å nedkjempe fattigdom. Dette er eit tydeleg løftebrot og fallitterklæring frå regjeringa, seier Birgitte Lange, generalsekretær i Redd Barna, ifølgje Bistandsaktuelt.

Generalsekretær i Redd Barna Birgitte Lange. Foto: Nora Lie/Redd Barna

Regjeringa har poengtert at eit stramt budsjett i år fører til kutt på ei rekkje område. Forum for utvikling og miljø (ForUM) peikar på at internasjonal bistand har svært liten effekt på norsk økonomi og inflasjon.

– Å oppretthalde målet om å gje 1 prosent av vår BNI til bistand har nesten ingen effekt på norsk økonomi. Det er totalt uforståeleg å sjå at regjeringa brukar argument om inflasjon i Noreg til å gå bort frå politikken om 1 prosent til bistand, seier dagleg leiar i ForUM Kathrine Sund-Henriksen i ei pressemelding.

Spire: Eit svik mot verdas fattigaste

Elise Åsnes, leiar i Spire. Foto: Presse/Spire

Miljø- og utviklingsorganisasjonen Spire ser regjeringa sine prioriteringar som eit svik mot dei fattigaste i verda. I ei pressemelding uttalar leiar Elise Åsnes at ho er ekstremt skuffa over at regjeringa sitt budsjettforslag er så langt unna målet om 1 prosent.

– Dette er ikkje tida for å krympe bistandsprosenten. Verda er midt i fleire kriser akkurat no, og vi har berre så vidt kome oss ut av ein pandemi som verda enda slit med konsekvensane av.

– Kvar er den storstilte satsinga for dei som blir råka hardast av klimakrisa? spør Spire-leiaren.

SAIH: Usolidarisk

– Vi har forståing for at det er krevjande tider, men samstundes: Noreg profitterer stort på olje og gass, og pengar vi bruker til bistand, vil ikkje gje press i økonomien her heime. Difor er vi svært skuffa over at Noreg ikkje held løftet om 1 prosent BNI til bistand.

Det skriv SAIH-leiar Hector Ulloa til Framtida.no. Han synest forslaget til bistandsprioriteringar er skuffande og usolidariske, og vonar at 0,75 prosent ikkje blir ståande i det endelege statsbudsjettet for 2023.

– Vi er også sterkt kritiske til kutt i utdanningsbistand på 270 millionar.

Hector Ulloa er leiar i Studentenes og Akademikerenes Internasjonale Hjelpefond. Foto: SAIH


Illustrasjonsfoto frå ein skule i Nigeria. Foto: Emmanuel Ikwuegbu/Unsplash