Val i Brasil: Mogleg president-retur og frykt for opptøyar

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag 2. oktober går brasilianarane til urnene for å velje sin neste president. Dei skal òg velje visepresident og nasjonalforsamling.

Viss ingen av presidentkandidatane får meir enn 50 prosent av stemmene, blir det ein andre valomgang seinare i oktober.

Det ligg an til at tidlegare president Luiz Inacio «Lula» da Silva kan gjere comeback, og ta frå Jair Bolsonaro makta.

Klar leiing på meiningsmålingar

Sjølv om fleire kandidatar stiller, er det dei to ringrevane Jair Bolsonaro (67) og Luiz Inacio «Lula» da Silva (76) det verkeleg står mellom.

Ei meiningsmåling frå Datafolha synte torsdag 29. september at 48 prosent vil stemme på Lula, medan Bolsonaro er nede på 34 prosent. Når ein trekker frå blanke og ugyldige stemmer, er Lula da Silva oppe på 50 prosent. Desse tel ikkje i valet, så om valprognosane slår til, kan Lula stikke av med sigeren allereie i første valrunde.

Forfattar og samfunnsgeograf Torkjell Leira seier til Dagsavisen at det er ein unormalt stabil valkamp.

– Grunnen er at det er to veldig godt kjende kandidatar som stiller. Det er veldig klare alternativ, og det er stor forskjell på kven Bolsonaro er og kven Lula er, og kva slags Brasil dei to ønskjer å styre mot.

Dei to store presidentkandidatane i valet i Brasil 2022. Illustrasjon: Canva

Kjende politikarar

Lula da Silva var aktiv i fagforeiningar og var med på å starte arbeidarpartiet PT (Partido dos Trabalhadores) i 1980. Han blei vald til president i Brasil i 2002. Han var då den første brasilianske presidenten med arbeidarbakgrunn. Han var president i to fireårsperiodar, og over 80 prosent av brasilianarane meinte han hadde gjort ein god jobb.

Lula blei utpeikt til presidentkandidat i forkant av 2018-valet, men blei dømt for fleire tilfelle av korrupsjon, og fengsla. Seinare har høgsteretten i Brasil oppheva dommen fordi dei meinte han var partisk.

Høgrepopulistiske Jair Bolsonaro vann valet i 2018. Han har vore kaptein i den brasilianske hæren og ein del av det brasilianske parlamentet frå 1991. Då Bolsonaro blei president lova han kamp mot korrupsjon og kriminalitet.

Bolsonaro har fått kritikk for handteringa av koronapandemien, og har uttalt seg homofobisk, rasistisk og kvinneundertrykkjande.

Kven stemmer på kven i presidentvalet i Brasil? Illustrasjon: Canva

Fryktar han vil «ta ein Trump»

Bolsonaro har sagt at han vil respektere valresultatet, så lenge røystinga er gjennomsiktig og det ikkje er fusk. Men han har i fleire år kome med påstandar om at valsystemet i landet er rigga. Mellom anna har han, like før valet, kritisert det elektroniske stemmesystemet, påstått at det har vore juks i tidlegare brasilianske val og påstått at meiningsmålingane før valet er feil.

Torkjell Leira trur Bolsonaro kjem til å utfordre valresultatet om han tapar.

Torkjell Leira har skrive boka «Kunsten å drepe et demokrati. Historien om Bolsonaros Brasil». Foto: Siw Pessar/Res Publica

– Han følgjer Trump si oppskrift til punkt og prikke: Spreie usikkerheit og så tvil om valsystemet er til å stole på, for så å kunne avfeie valresultatet om han tapar, fortel forfattaren av boka Kunsten å drepe et demokrati til Dagsavisen.

Avisa skriv at fleire no fryktar opptøyar i landet. Etter at Donald Trump sa at valet i USA var stole, storma tilhengjarar av han Kongressen i Washington.

– Vi er veldig uroa for den demokratiske utviklinga i Brasil, og fryktar at Bolsonaro ikkje vil godkjenne valresultatet dersom han vinn, uttaler Larissa Avelar, styreleiar i Latin-Amerikagruppene i Norge, i ei pressemelding. 


Giorgia Meloni jublar på scena.

JUBEL FOR YTRE HØGRE: Leiaren Giorgia Meloni få jubel og applaus på valnatta i Roma. Foto: AP Photo/Gregorio Borgia