Greenpeace: – Oljelobbyen si klamme hand pregar dette budsjettet
Klima- og miljøorganisasjonane håpar Sosialistisk Venstreparti kan setje tydelege spor i budsjettforhandlingane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Noreg – og verda – har ikkje råd til å investere meir i fossil energi, slår Spire-leiar Elise Åsnes fast i ei pressemelding.
– Naturkatastrofar som flaumkatastrofen i Pakistan og ekstremtørka i Afrikas Horn kjem til å skje hyppigare og vere endå meir alvorlege dei neste åra og tiåra. Regjeringa må difor ta klimakrisa på alvor.
Ho meiner regjeringa skuffar i sitt føreslegne statsbudsjett for 2023. Spire meiner det legg opp til vidare utvikling av oljesektoren framfor avvikling.
– Auka eller framleise løyvingar til leiting etter og utbygging av oljefelt no står i motsetnad til IEA og FN sine prognosar og tilrådingar for at verda skal ha noko som helst håp om å nå togradarsmålet.
Auka CO₂–avgift og tiår med olje
I sitt statsbudsjettforslag for 2023 går Senterpartiet og Arbeidarpartiet mellom anna inn for:
- å auke CO₂–avgifta med 21 prosent
- auke løyvingane til Enova med 500 millionar kroner
- auke kravet til kor mykje biodrivstoff som er i vegtrafikken
- å setje av pengar til grøn nærings- og eksportomstillingspakke.
Changemaker-leiar Naja Amanda Lynge Møretrø rosar regjeringa for å ha innført eit klimabudsjett og for å auke CO₂–avgifta, men reagerer på at det samstundes vert lagt til rette for fleire tiår med olje.
– Viss vi skal ha ein sjanse til å nå 1,5-gradersmålet, kan vi ikkje fortsetje å sy puter under armane til oljeindustrien, seier Møretrø i ei pressemelding.
Samstundes peikar Møretrø på at Noreg sin globale klimainnsats ikkje står i stil med vårt rettmessige ansvar som rik oljenasjon.
– For at verda skal nå klimamåla, er rike land nøydde til å auke klimafinansieringa til utsleppskutt, klimatilpassing og å betale for klimaøydelegging som skjer.
– Hårreisande
Greenpeace Noreg meiner sentrale delar av budsjettet høyrer heime på fossilmuseum.
– Det er ingen tvil om at oljelobbyen si klamme hand pregar dette budsjettet, seier Halvard Raavand, politisk rådgjevar i miljøorganisasjonen, i ei pressemelding.
Greenpeace etterlyser større endringar i oljeskatten – der regjeringa føreslår å redusere friinntektssatsen frå kring 17,7 prosent til 12,4, kutt i store oljeinvesteringar og større bidrag til energieffektivisering.
Samstundes peikar Greenpeace på at auken i CO₂–avgifta ikkje veg opp for kutta i drivstoffavgiftene og vegbruksavgifta.
Greepeace reagerer òg på at regjeringa føreslår å innføre eit høgprisbidrag på vind- og vasskraft, noko som inneber at kraftselskapa må betale ei avgift på 23 prosent av prisen som stig over 70 øre/kWh.
– Det er hårreisande at ein innfører avgifter som råkar fornybare investeringar, medan oljeinvesteringane vert skjerma. I tillegg til å gjere større endringar i oljeskatten, slik at ulønsame oljefelt som Wisting ryk, må regjeringa også innføre ein høgprisavgift på petroleum.
Set sin lit til SV
Klima- og miljøorganisasjonane set no sin lit til SV i dei komande budsjettforhandlingane:
– At regjeringa har opna for endringar i oljeskatten gjev SV rom for å forhandle vidare. Oljeskatten må verte stramma til, så får vi stansa store oljeinvesteringar av omsyn til både klima, sårbar natur og norsk økonomi, seier Halvard Raavand frå Greenpeace Norge.
Han tek til orde for at Wisting-feltet heilt nord i Barentshavet er det første oljefeltet som bør ryke. Spire stiller seg bak kravet:
– Hausten sitt store oljekrav er no å stoppe utbygginga av Wisting. Dette må vere SV si høgast prioriterte klimasak no i budsjettforhandlingane, uttalar leiar Elise Åsnes.