– Som leigetakar får ein typisk verken lov til å måle eller borre, og må dermed bu ein stad som er eit blankt lerret: den passar alle, og dermed ingen.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ikkje berre prishopp på kaffi og kakao som har gjort studenttilværet meir utriveleg. For dei av oss som ikkje tyr til minihus, husbåt eller andre alternative buformer, er skyhøge bustadprisar ei større bekymring.

Skal ein attpåtil meiska seg i hovudstaden, bør ein med det same sjå seg om etter ein rik velgjerar. I Oslo har bustadprisane nemleg stige med over 92 prosent mellom 2011 og 2021. Mange unge blir dermed nøydde til å leige, eller prøve å få tak i studentbustad.

Framtida.no har i sommar undersøkt kvifor det er blitt så ille. Vi har sett på stoda, årsakene bak, og på moglege tiltak, slik som tredje bustadsektor, leige-til-eige, og kva som er føreslått andre stader.

Men korleis er det eigentleg å bu på denne marknaden? Kva for rom er det unge må innfinna seg i? Korleis ser det ut der, og kva gjer det med oss?

Flotte fargar frå 70-talet

Stadig fleire må no ut på den private leigemarknaden. Mellom 2015 og 2020 auka talet på nordmenn som leiger bustaden sin med 90.000. I alt er det no om lag éin million nordmenn som leiger, mange av dei unge i tjueåra.

Aktivistkollektivet Reduser husleiga har synleggjort for mange at det ikkje berre er fest og basar på den private leigemarknaden. Ein leigetakar i Oslo måtte til dømes ut med 6500,- for fem kvadratmeter.

Ingrid Halvorsen er arkitektstudent ved NTNU, og var blant dei 31 studentane som forma ut ny estetisk rettleiar for Filipstad i Oslo, med forslag om minst tre fargar på kvart bygg, meir ornamentering, og kreativ materialbruk.

– Utleigar vil jo tene mest mogleg, og derfor bruke minst mogleg på å pusse opp bustaden. Bustaden skal vere attraktiv for flest mogleg, og då går ein for grått og kvitt, for det er rekna som «nøytrale» fargeval. Som leigetakar får ein typisk verken lov til å måle eller borre, og må dermed bu ein stad som er eit blankt lerret: den passar alle, og dermed ingen.

Det seier arkitektstudent Ingrid Halvorsen ved NTNU, på telefon frå Firenze i Italia, der ho er på utveksling. Ho er lite begeistra for måten slike bustader tenderer til å bli pussa opp.

– Det er ei utbreidd oppfatning at grå vegger med kvitt kjøkken får bustaden til å sjå nyare ut. Dermed er det slik utleigarar pussar opp. Er ein likevel så heldig at det er fargar på veggene, betyr det gjerne berre at den ikkje har blitt pussa opp sidan 70- eller 80-talet.

– Ein bur nær sagt på hotellrom, eller institusjon. Og når bustadprisane aukar ytterlegare, blir det stadig fleire år der unge må bu på utleigar sine premiss.

Bustadmarknadens stigespel

Historisk har bustaden til folk danna ei slags fast ramme rundt livet – heimen har representert kontinuitet. Mens andre ting var i endring, utgjorde heimen eit slags ankerfeste. Men er bustad no i ferd med å bli meir flyktig?

– Ja, spesielt som ung. Det tar lang tid før ein har råd til å kjøpe. Men ein kan typisk sjå føre seg å først kjøpe ein liten leilegheit i ein stor by, så ein større, og gradvis jobbe seg oppover ved å investere og få avkastning. Så, til slutt, finn ein eit hus utfor byen, der ein slår seg ned.

Bustad har med andre ord fått ny betyding, påpeiker Halvorsen.

– Det ser ut til at det er blitt viktigare at han skal kaste av seg, enn at han skal vere ein heim. Slik sett blir bustaden også meir mellombels. Samstundes er det ein ganske stor del av livet som blir tilbragt stader der ein ikkje eingong får lov til å henga opp noko, seier Halvorsen.

Illustrasjonsfoto: Tierra Mallorca. Nesten vaksen-logo: Linn Isabel Eielsen

– Kvit celle med linoleumsgulv

Men somme unge blir skåna for den private leigemarknaden. Frå nesten alle politiske hald kjem ustanseleg krav om å bygge fleire studentbustader – og helst endå raskare. No som prisane for å leige og eige har gått over alle støvelskaft, synest folk å vere, om mogleg, endå meir einige om at studentbustader er bra.

Men er det noko særleg å bu der?

– Eg bur sjølv i studentbustad, og har sett ein god del studentbustader. Det som går igjen er kvitt og grått på billege material, lite mønster, glatte overflater – sjeldan noko å ta og føle på.

Arkitektstudenten understrekar at det er ein viss minimumsstandard på studentbustader. Samstundes er det typisk brukt enkle material og lite fargar, noko som gir eit distinkt institusjonspreg.

– Ein kan nok sjå føre seg at å bu slik, på ei kvit celle med glatt linoleumsgulv og knapt plass til å henge opp eit bilde, åleine, under Covid, var alt anna enn hyggeleg.

– Det er somme studentbustader i Trondheim med litt fargar. Men då har ein ikkje tatt seg råd til å hyre inn fargeekspert, og køyrt på med limegrøn eller andre veldig sterke fargar mot grå. Det gjer ikkje saka stort betre.

Ein nasjon av hotellrom?

Førsteplassen i det estetiske hierarkiet ser dermed ut til å gå til sjølveigaren. Her er det full fridom til å reie inn i rokokko, art deco eller shabby chic. Eller?

– Det kostar ein del med måling, og det kostar å måle om. Så folk går etter min erfaring for noko safe – ein skal trass alt berre bu der i nokre år, fram til ein finn noko nytt. Dermed går ein for fargar som tar seg godt ut på visning. Så då blir det grått og kvitt, då. Sjølv ville ein kanskje brukt meir farge, men ein potensiell kjøpar ville kanskje ikkje det? Ein går for det som er risikofritt og lønnsamt. Om bustaden ser mest mogleg nøytral ut, er tanken at alle på visning kan sjå for seg bustaden med sine ting og sine stiluttrykk.

– Det er rart å tenkje slik, men det handlar mykje om at det er så dyrt med bustad, at det blir meir eit objekt enn ein heim. Den får ein annan funksjon: det er ikkje så viktig at den får personlegdom, for den er ikkje verkeleg din, den er eit investeringsobjekt som skal seljast vidare.

– Er vi blitt ein nasjon av hotellrom?

– Ja, kanskje det. Men det pussige er at dei fleste ikkje vil bu på hotell. Så det er merkeleg at estetikken går i den retninga.

Tilbake til mursteinen!

Kvite og grå vegger er populære blant mange minimalistisk orienterte skandinavar fordi dei vil unngå eit rotete uttrykk, fortel Halvorsen. Men folk sine bilde og møblar er sjeldan berre kvite og grå.

– Derfor ser det gjerne meir rotete ut med kvite vegger. Andre går for grå fordi dei går så fort lei av fargar. Men kvifor skulle ein gå raskare lei av gul enn grå? Spør ein folk etter yndlingsfargen sin, er det sjeldan grå.

Foto: Eirik Tangeraas Lygre

– Eg sit i Firenze blant bygg som er gule og terra cotta-farga, med raude vindauge. Det går veldig godt saman. Men om det var kvitt, ville det heile blitt langt meir rotete.

Som eit lite lyspunkt i den estetiske tristessen trekk Halvorsen fram ein annan trend som går i heilt motsett retning: i staden for å måle eller pusse opp, er det no mange som fjernar gips, eller eksponerer murstein og gamle laftevegger.

– Det er noko med å føle at ein er del av historia framfor å leve i eit vakuum. Gamle vegger og gjenstandar minner om at nokon har levd same stad før deg. Det kan vere ein fin motsats til ein kvit boks utan referansar.

– Som menneske trur eg vi likar å føle at vi er del av noko. Det er jo det som utgjer ein heim: litt arvegods, noko nytt, og denne miksen utgjer heimen din. Heller det enn eit hotellrom der andre har tatt alle vala, og du ikkje har noka kopling til noko som helst.


Sidan Barona er student har det vore viktig å få på plass ein skikkeleg studieplass. Middagsbordet kan verte drege ut, slik at ho får ein romsleg pult.