Fem av dei største ungdomspartia meiner BSU-ordninga bør endrast

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 30.11.2022 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste ungdomspartia meiner BSU-ordninga fører til større skilnadar

Synnøve Kronen Snyen sparar sjølv i BSU: – Men eg vil framleis avvikle BSU-ordninga, sidan det er andre tiltak som er viktigare for å få ned klasseforskjellane i bustadmarknaden. Foto: SU

– BSU kostar staten 1 milliard i året, vi vil heller bruke desse pengane på tiltak som kan få dei som ikkje har foreldre som kan hjelpe til, inn i bustadmarknaden, til dømes gjennom å bygge opp ein tredje bustad-sektor.

Det skriv Synnøve Kronen Snyen, leiar i Sosialistisk Ungdomsparti, på e-post Framtida.no.

SU er eitt av partia som vil skrote bustadsparing for unge (BSU). Ordninga gjev unge opp til 33 år mogelegheit til å skrive av inntil 5.500 kroner på skatten. For å få maksimalt i skattelette, lyt du ha spart så mykje som ordninga tillet.

– Det er ganske få unge som har råd til å spare 27.500 kroner i året i BSU-ordninga, meiner Kronen Snyen.

– Ei overføring frå dei som har lite til dei som har mykje

SU-leiaren meiner ein tredje bustad-sektor med ordningar som leige-til-eige er betre, då ein då gradvis kjøper leilegheita ein bur i, heller enn å berre betale leige til ein utleigar.

– Det er på tide med ein bustadpolitikk for oss som er unge, ikkje berre for bustadspekulantar, slår Kronen Snyen fast.

Ane Breivik er leiar i Unge Venstre. Foto: Privat

Også Unge Venstre meiner det er på tide å avvikle BSU-ordninga:

– I dag fungerer det i praksis som ei overføring frå dei som har lite til dei som har mykje, fordi det først og fremst er dei som har råd til å spare mykje pengar som kan benytte seg av ordninga, seier leiar Ane Breivik.

Raud Ungdom meiner, som Unge Venstre og SU, at dagens BSU-ordning favoriserer dei som har mest frå før. Samstundes har det noko å seie i kva ende ein startar for å fikse problema i bustadmarknaden i dag, seier leiar Alberte Bekkhus.

– Eg meiner det er viktigare med tiltak for å få ned prisar og for å få bukt med bustadspekulasjon. BSU vert som eit plaster på såret, for dei få, men det vi treng er systematiske endringar.

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus sparar ikkje i BSU: – Har ikkje råd! (Og tenkte ikkje på det då eg var yngre.). Foto: Ihne Pedersen

Dei med høg inntekt set inn mest på BSU

Ordninga med BSU vart innført i samband med skattereforma i 1992. Ein kan berre opprette BSU éin gong, og har høve til å spare i denne til og med det året ein fyller 33 år. Maksimalt kan ein spare opp 300.000 kroner på BSU-konto.

I 2020 var det samla sett rett over 393.000 personar i Noreg som sparte i BSU, aller flest er i aldersspennet 25–33 år. Det syner tal frå SSB.

Tala syner òg at dei som har ei bruttoinntekt på over 500.000 i året, er dei som i snitt set inn mest pengar på BSU og dimed også får mest tilbake i skattelette.

– Bra at staten heiar på folk som sparar pengar til bustad

I forslaget til statsbudsjett for 2021 endra den dåverande regjeringa BSU-reglane, slik at dei som allereie eig bustad ikkje lenger får skattefrådraget. Det meiner KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland forbetra ordninga:

– Det gjer ordninga meir treffsikker, seier Bjuland, som støttar dagens BSU-ordning.

Hadle Rasmus Bjuland er leiar i KrFU. Foto: KrFU

Også Framstegspartiets Ungdom meiner ordninga er god.

– Men det burde vere mogeleg å spare mykje meir, seier FpU-formann Simen Velle.

Unge Høgre-nestleiar Håkon Snortheim meiner òg at maksbeløpet for kor mykje du kan spare bør verte auka, og at skattefordelen bør verte vidareført.

– BSU-ordninga er bra for unge som sparar til bustad, slår Snortheim fast.

Senterungdom-leiar Torleik Svelle, som sjølv har spart i BSU sidan han fekk seg jobb medan han gjekk på vidaregåande, støttar òg ordninga.

– Det er bra at staten heiar på folk som jobbar og som sparer pengar for å kjøpe seg bustad.

Simen Velle er leiar i FpU, Håkon Snortheim er 1. nestleiar i Unge Høgre og Torleik Svelle er leiar i Senterungdommen. Foto: Pressefoto

Vil greie ut alternativ

Grønn Ungdom og AUF vil ikkje direkte fjerne BSU-ordninga, men er tydelege på at dei meiner ho bør verte endra.

– Grøn Ungdom har tidlegare vore kritisk til BSU-ordninga fordi ho er bygd opp slik at det berre er dei som kan spare jamleg som dreg fordel av ho. Vi vil utgreie alternative ordningar til BSU, men ikkje avskaffe ordninga før andre alternativ er sikra, seier talsperson Ulrikke Torgersen.

Ulrikke Torgersen og Tobias Stokkeland er talspersonar for Grøn Ungdom. Foto: Pressefoto, Privat

Ho får støtte frå medtalsmann Tobias Stokkeland, som meiner dagens variant ikkje er perfekt:

– Problemet i dag er at det i store trekk er dei som har foreldre som har høg inntekt/formue som sparar klart mest i BSU. Dermed er ordninga med på å la forskjellar gå i arv.

Om ein berre skrotar dagens ordning for å få bukt på forskjellen mellom rike og fattige familiar, så fjernar ein òg det einaste fortrinnet unge har på bustadmarknaden. Det meiner Stokkeland vil vere problematisk, og at det difor er betre å omforme ordninga.

Astrid Willa Hoem er leiar i AUF. Foto: Pressefoto

Også AUF-leiar Astrid Willa Hoem meiner dagens BSU-ordning i størst grad hjelper unge med god økonomi. Ho seier AUF vil erstatte BSU med meir målretta ordningar:

– Unge bør få startlån, og vi må ha ordningar som leige-til-eige for dei som ikkje kan spare til eigenkapital. Men det viktigaste vi gjer, er å skatte bustadhaiane hardare, så veksten i bustadmarknaden vert bremsa kraftig.

 


Denne saka er del av eit Fritt Ord-støtta prosjekt om unge på bustadmarknaden.
Har du tips til saker? Send ei direktemelding på Instagram eller ein e-post til tips(a)framtida.no! 


Les også: Ungdomspolitikarane om bustadmarknaden: – I tvil om eg nokosinne får kjøpt bustad

Foto: Oscar Daniel Rangel on Unsplash, Pressefoto. Kollasj: Framtida.no