Kva er tredje bustadsektor?

Magnus Rotevatn
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ei tverrpolitisk semje om at bustadmarknaden i Noreg ikkje er i særleg god forfatning.

Bustadprisane har aldri vore høgare. Og viss du er ein singel førstegongskjøpar i Oslo, har du sannsynlegvis berre råd til å kjøpa mindre enn éin prosent av bustadane på marknaden.

Både politikarar, utbyggjarar og vanlege bustadkjøparar ser seg om etter måtar å få fleire inn på bustadmarknaden.

Eit av forslaga som ofte går igjen er å etablera ein tredje bustadsektor.

Det er berre eit problem: Semja om kva som ligg i omgrepet «tredje bustadsektor» finst ikkje.

Ikkje i mellom! Men på sida av

– Fleire brukar definisjonen av «tredje bustadsektor» etter eige formål.

Det seier Sarah Prosser på telefon til Framtida.no. Ho har blant anna vore med å skrive rapporten Kunnskapsgrunnlag for en kommunal boligpolitikk for Oslo kommune. Og ho er kanskje den i Noreg som er best eigna til å forklara kva tredje bustadsektor eigentleg er.

Sarah Prosser
Foto: Privat

– Sånn eg ser det er tredje bustadsektor på sida av den kommersielle og kommunale bustadmarknaden. 

Prosser fortel at mange ofte seier at den tredje bustadsektoren er noko som ligg mellom det kommersielle og kommunale.

Men ein kan til dømes gå frå den kommunale sektoren til den kommersielle utan å vera innom tredje bustadsektor. Leige-til-eige-modellen er eit døme på det.

Tredje bustadsektor må difor vera noko heilt eige.

Ikkje berre éin modell

– Tredje bustadsektor er komplekst og kva det er for noko er ikkje eintydig. Sektoren er prega av trygge, ikkje-kommersielle og rimelege bustadar, der ein kan bli buande over tid. Stort sett er det snakk om leigebustadar, men det kan òg vera ei ikkje-kommersiell form for eige, seier Prosser.

– Tredje bustadsektor vil aldri berre vera éin modell.

Posser fortel at me bør sjå tredje bustadsektor som eit sekkeomgrep eller ein konteinar med plass til mange ulike løysingar, diskusjonar og pilotprosjekt.

Ei eigarlinje til bry

– Står den tradisjonelle norske eigarlinja – tanken om at alle skal eiga bustaden sin – i vegen for å etablera ein tredje bustadsektor?

– Ja! Det er eit tankesett som står veldig sterkt. Og mange ser ikkje moglegheitene utanfor eigarlinja. Men ein kan jobba med å endra korleis me tenkjer om bustad, seier Prosser.

Ho er sjølv skuffa over korleis Oslo kommune og byrådet har tatt arbeidet med ein tredje bustadsektor vidare.

Dei gjekk inn i ein låst struktur. Eit tankesett dei hadde frå før kunnskapsgrunnlaget blei skrive. Kunnskapsgrunnlaget blei på mange måtar ignorert. Ein snakka ikkje om det som ein eigen sektor. Men som ein veg til den etablerte kommersielle sektoren.

Prosser fortel at det verkar som politikarane ynskjer éin modell uansett nabolag. Sjølv meiner ho at ein bør tilpassa seg det aktuelle nabolaget og tora å støtta mindre prosjekt.

– Me treng leiarskap. Og me treng mot til å satsa på små prosjekt som kan veksa. Og me treng modige grep kring rammeverk og finansiering. Det er viktig å vera open for heilt nye ting som kan spira. Politikarane kan få det til viss dei er modige!

Denne saka er del av eit Fritt Ord-støtta prosjekt om unge på bustadmarknaden. Har du tips til saker? Send ei direktemelding på Instagram eller ein e-post til tips(a)framtida.no!


Foto: Oscar Daniel Rangel on Unsplash, Pressefoto. Kollasj: Framtida.no