Sjå tala: Slik er bustadmarknaden i Noreg

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ah, bustadmarknaden.

For dei av oss som bur i Oslo, nærmar oss 30 og har fem gongar meir i studielån enn på BSU-en, er ordet i seg sjølv nok til å utløyse kaldsvette og hjartebank.

Likevel er det mange som får det til. For tala lyg ikkje: I 2021 var det fleire førstegongskjøparar som fekk seg bustad enn dei førre ni åra.

Men er ein avhengig av ein rik onkel i Amerika for å komme seg inn på bustadmarknaden? Må ein flytte til distriktet for å ha råd til ein bustad med eige soverom?

Framtida.no er no i gang med eit større prosjekt der vi ser på kjøpe- og leigemarknaden i Bustad-Noreg. Kva må ein vite før ein kjøper? Kva finst av utradisjonelle måtar å bu på? Kva er finansieringsbevis, og kvifor treng ein det?

Gjennom sommaren publiserer vi ei rekke saker om temaet.

Vi byrjar med å dukke ned i tala for å sjå om dei kan berolige oss. Eller i det minste førebu oss. Slik gjekk det:

Førstegongskjøparen

Den gjennomsnittlege førstegongskjøparen i dei største byane i Noreg er mellom 26 og 29 år, ifølge ein rapport frå Ambita og Norges Eiendomsmeglerforbund.

45 prosent av norske førstegongskjøparar kjøper bustad i blokk. Foto: Devon Owens/Unsplash

I Oslo er snittalderen i det høgare sjiktet – sannsynlegvis på grunn av høge prisar – medan Kristiansand og Trondheim ligg i den låge enden.

45 prosent av førstegongskjøparane i Noreg kjøper leilegheit i blokk. 31 prosent kjøper einebustad.

Her er det store geografiske variasjonar. I hovudsak er det den lokale bustadsamansetninga og prisnivået som avgjer. I dei store byane er det som regel fleire blokkleilegheiter enn hus, og leilegheitene er som regel også billegare enn hus.

3 av 5 kjøper i lag

Ser du etter å kjøpe ei leilegheit der du skal bu åleine? Vurder å få deg ein kjærast! Eventuelt kan du prøve å alliere deg men ein ven eller eit søsken.

Rapporten frå Ambita og NEF slår nemleg fast at mange unge vil slite med å kjøpe sin første bustad åleine. Mange treng difor ei ekstra hand.

59 prosent av førstegongskjøparar kjøper saman med nokon andre. I Oslo er talet 62 prosent.

Det å kjøpe i lag med nokon andre, kan opne mange dører. Med eit snittbudsjett på mellom 2,5 og 2,8 millionar kroner, vert bustadmarknaden ganske avgrensa for ein einsleg førstegongskjøpar. Igjen: Særleg i hovudstaden.

Mange får foreldrehjelp

2 av 5 får foreldrehjelp ved kjøp av sin første bustad..

Eit anna alternativ for å lettare få kjøpt sin første bustad, er å komme frå ein ressurssterk heim. Dersom opphavet ditt kan hjelpe deg med økonomien, er det ein stor fordel.

Nesten 40 prosent i aldersgruppa 20–39 får hjelp av foreldra i form av nettopp gåver, arv, lån eller kausjon når dei kjøper sin første bustad, ifølge Statistisk Sentralbyrå.

Lettare utanfor Oslo

Dersom du leiter etter bustad utanfor hovudstaden, kan du prise deg lukkeleg. Då har du truleg ein mykje større sjanse til å finne noko du har råd til, eller kanskje kan du stille større krav til bustaden – til dømes eige soverom.

Den gjennomsnittlege kvadratmeterprisen søkk nemleg betydeleg i resten av landet. Det gjeld både for blokkleilegheiter og einebustader.

Også leigemarknaden er betydeleg mildare mot lommeboka utanfor hovudstaden (ser du ein trend?).

Prisane stig ... og stig og stig

Prisane har auka jamt over heile landet gjennom 2000-talet.

Dei siste åra har låge renter ført til ei sterk utvikling i marknaden. Etter at pandemien kom, har ein også fått letter i bustadlånforskrifta, som har gjort det lettare å få lån. Dette har ført til at fleire kjøper bustad, noko som også bidreg til auke i prisveksten, ifølge Norges Eiendomsmeglerforbund.

Men ikkje alle kjøparane lèt seg skremme av stive prisar. Tvert imot: I 2020 nådde talet på førstegongskjøparar ein ny topp sidan 2011.

NEF slår fast at det ikkje er vanskelegare å komme seg inn på bustadmarknaden i dag, enn tidlegare. Men det er éi gruppe som skil seg ut.

– Blant innvandrarar er andelen som står utanfor bustadmarknaden dobbelt så høg som i folket elles, opplyser NEF i rapporten.

Kor mange kjøper?

Kor mange som kjøper bustad i 20-åra, er vanskeleg å finne gode tal om. SSB kan fortelje oss at 39,2 prosent av personar i 20-åra leiger bustad, men om resten eig sjølv eller bur hos foreldra, seier ikkje statistikken noko om.

Andre tal (sjå under) viser oss at i aldersgruppa 16–44 år er det mange fleire par enn åleinebuande som eig sin eigen bustad. Og ser ein på dei som har små born (uansett alder), er det endå fleire.

Stort meir detaljert statistikk finn vi ikkje, men grafen under kan i alle fall teikne eit bilete:


Denne saka er del av eit Fritt Ord-støtta prosjekt om unge på bustadmarknaden.
Har du tips til saker? Send ei direktemelding på Instagram eller ein e-post til tips(a)framtida.no! 


AUF-leiar Astrid Hoem. Foto: Arbeidarpartiet/Flickr/CC BY-ND 2.0