Studentar vert tvinga over i privat leigemarknad: – Fleire slit med heilt grunnleggande kostnader

Kristina Kassab Liland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er fleire studentar som ynsker seg studentbustad, enn det er studentbustader. Nyleg skreiv Samskipnadsrådet i ei pressemelding at talet på studentar som står i kø for studentbustad har gått ned frå 16.421 2. august til 10.333 16. august.

Køtalet minkar fordi studentar anten får studentbustad eller finn bustad på den private marknaden.

Fekk ikkje studentbustad

Ådne Bakken (20) er ein av dei som måtte gå over til å finna bustad på den private marknaden. Bakken ville flytta frå Rjukan i Telemark til Trondheim for å byrja på ingeniørstudiet.

– Eg søkte hybel hjå SiT i april og ringte inn fleire gongar og spurte om svar, men ikkje fekk eg svar før i august, skriv Bakken på SMS til Framtida.no.

Ådne Bakken (20) venta lenge på studentbustad i Trondheim før han gav opp og gav seg ut på den private bustadsmarknaden. Foto: Privat

Då hadde han fått avslag, og måtte i all hast ut på den private bustadsmarknaden. 

Bakken meiner dei fleste utleigarane han kom i kontakt med var useriøse, eller så ville dei utelukkande ha kvinnelege leietakarar. Til slutt enda han opp med å takka ja til ein leilighet som han berre hadde sett bilete av. 

– Eg var nøydd til å takka ja sidan eg skulle flytta om nokre dagar. Eg hadde eigentleg ikkje noko val, fortel Bakken.

Nå betaler han 7000 inkl. straum og internett for 20 m2 og har eige bad og kjøkken. Ifølgje leigemarknadsundersøkinga til SSB ligg ei gjennomsnitteleg månadsleige for ein toroms i Trondheim kring 9560. For ein eittroms i Trondheim må ein punga ut 6990 i månaden.

Berre Oslo er dyrare med ei månadsleie på 8750,- for ein eittroms og 12 080,- for ein toroms.

Det vert fort dyrt for ein student. Den månadlege summen for fullt lån og stipend ligg nemleg på 8615,- i 2021.

Reduser husleia og drittleiligheitar

I hovudstaden finn me aktivistkollektivet Reduser husleia, som også står bak instagramkontoen @min_drittleiligheit. Kontoen bruker dei til å spreia ordet om kor tøft mange unge har det på den private bustadsmarknaden.

– Me synest at det er eit stort problem at så mange studentar vert pressa ut på den private marknaden, fortel student og bustadsaktivist Merita Fjetland (24) på e-post til Framtida.no.

Merita Fjetland (24) er bustadsaktivist og med i aktivistkollektivet Reduser husleia. Foto: Privat

Reduser husleia snakkar ikkje berre på vegner av unge og studentar, men også lågtlønna. Fjetland skriv at kollektivet ynsker ei regulering av bustadssektoren slik at bustad ikkje skal vera eit spekuleringsobjekt som gjer allereie priviligerte aktørar rikare. 

Ho påpeiker at mange studentar ikkje kjenner til den nye studiebyen sin og ikkje har moglegheit til å koma på visning før dei flyttar. Dimed er ein som ny student spesielt utsett og veit ikkje kva ein kjem til – dersom ein i det heile teke har funne ein stad å bu, skriv ho.

– Eg har sjølv ei syster som flyttar til Oslo for å studera til hausten, og det var nærast umogleg for ho å finna ein stad å bu sidan ho ikkje fekk tilbod om studentbustad via SiO. Ho søkte studentbustad i mars.

Førebels er løysinga at systra får bu saman med Fjetland og sambuaren. Fjetland understrekar at ikkje alle er like heldige, og ho saknar at studentsamskipnadene og styresmaktene tek meir ansvar. I botn og grunn har ikkje alle lik tilgang til utdanning, meiner ho. 

– Lik tilgang til utdanning inneber at ein har ein bra, trygg og billig stad å bu. Det er noko me alle treng og skal ha rett på.

 

View this post on Instagram

 

A post shared by Reduser Husleia (@min_drittleilighet)

Vil ha fleire studentbustader og demokratiserte studentsamskipnader

For å unngå at studentar må ut i den private boligmarknaden, ynsker Reduser husleia seg fleire studentbustader enn det er no.

Men Fjetland er også av den tru at studentbustadane heller ikkje er optimale. I november la SiO ut ein video på instagramkontoen sin som handla om korleis ein kan overleva tre dagar på 50 kr. Fjetland var ikkje nøgd med løysinga SiO presenterte på det å vera fattig student, og skreiv ein kommentar om det på Bjølsen studentby si Facebook-side.

Det utløyste eit stort engasjement blant studentane på Bjølsen som spreidde seg til andre studentar i Oslo. I mars hadde Reduser husleia ei underskriftskampanje, der omtrent 4000 studentar skreiv under på krav om innsyn i SiO sitt budsjett og redusert husleie.

– Av kampanjen kom det fram at fleire slit med heilt grunnleggande kostnader på grunn av den høge leiga og den låge studiestøtta, fortel Fjetland.

Aktivistkollektivet arbeider også for at studentbustadane skal ha tillitsvalde for å få direkte påverknad i studentsamskipnadane.

– Studentar sine behov må vera i fokus og då må me reelt kunne påverka driften. Me trur at studentsamskipnadene må verta demokratiserte slik at studentmassane sjølv får ei større stemme og rolle i korleis samskipnadene opererer, fortel ho.

NSO: – Me treng politisk vilje for å betra studentane sine buvilkår

Norsk studentorganisasjon (NSO) har lenge arbeida for at det skal verta bygde fleire studentbustader. Dei har eit mål om at minst 20 prosent av studentane skal ha moglegheit til å bu i ein studentbustad.

Årets studentbustadundersøking viste at det per i dag er plass til 14,75 prosent av studentane i landets studentbustadar.

Tuva Todnem Lund er leiar av Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

– Eit overveldande fleirtal av studentane blir pressa ut på den private bustadmarknaden. Me treng politisk vilje for å auka dekningsgrada av studentbustader og betra studentane sine buvilkår, seier leiar av NSO Tuva Todnem Lund i ei pressemelding frå Samskipnadsrådet tidlegare i august.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen