Studenthybel i Oslo sluker 90 prosent av studielånet
Vil du ha eigen hybel som student i Oslo, er det lurt å sikre seg ekstrajobb. Med snittpris på 12.750 kroner vil husleiga sluke over 90 prosent av studiestøtta.

Leigeprisar for rom i kollektiv og for studenthyblar som låg ute på Finn i mai, viser at Oslo tronar suverent på toppen over dei dyraste stadene å bu som student i Noreg. Ein hybel i Oslo kosta i mai i snitt 12.750 kroner i månaden, medan rom i eit kollektiv låg på 8250 kroner.
I Trondheim, som har over 37.000 studentar, er prisen både på hyblar og kollektiv lågare. Ein hybel i bartebyen kosta i mai 7627 kroner i snitt, medan eit rom i kollektiv 6441 kroner.
Samanlikna med den årlege studiestøtta frå Lånekassen på snautt 167.000 kroner i året, vil ein hybel i Oslo ete 92 prosent av pengane. I Trondheim derimot, som har eit heilt anna nivå for studentbustader, vil hybelprisen berre ta 55 prosent av tilmålte midlar frå Lånekassen.
Kan bli for dyrt
– For mange studentar betyr dette at ein anten må gå saman i kollektiv, søkje lenger utanfor sentrum, eller rett og slett vurdere om ein har råd til å studere i byen ein har komme inn i, seier bustadekspert og leier Jørgen Hellestveit i Finn eigedom.
Bergen, kor mange av studentane i landet søkjer til, ligg tydeleg lågare i pris. Der var snittprisen for eit rom i kollektiv 6925 kroner i mai, medan leigeprisen for hyblar låg på 9284 kroner.
Stavanger og Sandnes har segla opp til å bli ein stor studentby. Medan eit rom i eit kollektiv var på linje med Bergen og Trondheim og hadde ein snittpris på 6381 kroner i mai, var prisen på hyblar faktisk på andreplass etter Oslo og kosta 10.322 i månaden.
Dempe presset
Hellestveit seier det er for få studentbustader og oppmodar folk til å leige ut.
– Har du eit ekstra rom, ei kjellarleilegheit eller ein hybel du ikkje bruker, er dette eit godt tidspunkt å leggje den ut for leige. Du kan bidra til å dempe presset og hjelpe nokon inn i studietilværet, seier Hellestveit.