Kva er greia med «leige-til-eige»?

Magnus Rotevatn
Publisert
Oppdatert 20.09.2022 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire og fleire slit med å koma seg inn på bustadmarknaden. For mange er kravet om eigenkapital eit så stort hinder at dei ikkje klarar å kjøpa seg sin eigen bustad.

Leige-til-eige-bustadar skal vera ei løysing for at desse etter kvart skal koma seg inn på bustadmarknaden.

Viss du bur i ein leige-til-eige-bustad, startar du med å leiga bustaden. Etter eit visst tal på år har du rett – men ikkje plikt – til å kjøpa bustaden for det som var prisen då leigeavtalen byrja. Dette blir kalla kjøpsopsjon.

Verdien på kjøpsopsjonen stig i takt med verdien på bustaden. I Noreg har bustadprisane stige sidan tidleg på 90-talet. Sjansen er altså stor for at verdien på kjøpsopsjonen veks i løpet av leige-perioden.

Ikkje heile leigesummen går til utleigar

Skilnaden i verdi på kjøpsopsjonen kan du bruka som ein del av eigenkapitalen du treng viss du vel å kjøpa bustaden. Saman med pengar du har spart opp medan du leiger, blir dette kanskje nok til at du kan få lån hjå banken.

Det finst òg leige-til-eige-bustadar der du i leige-perioden blir tvinga til å spara. Då hamnar berre ein viss del av leiga du betaler i lomma til utleigaren. Resten blir til dømes sett inn på ein sparekonto eller brukt til å betala ned den framtidige kjøpssummen.

Både private aktørar og kommunar tilbyr ulike former for leige-til-eige-bustadar.

Treng mindre eigenkapital

Kim Christian Astrup

Kim Christian Astrup. Foto: OsloMet

Kim Christian Astrup er forskar ved OsloMet og ansvarleg redaktør i Tidsskrift for boligforskning

Han forklarar at leige-til-eige vil senka terskelen for å etablera seg på bustadmarknaden, då ein treng mindre eigenkapital for å kjøpa ein bustad.

– Men for mange vil det likevel vera krevjande. Og det vil framleis vera folk som ikkje kjem inn på bustadmarknaden, seier han på telefon til framtida.no.

Astrup trekkjer fram OBOS Deleie som særleg vellukka. Og det som – blant liknande konsept – mest effektivt hjelper folk inn på bustadmarknaden. Konseptet med delt eigarskap inneber at ein berre kjøper ein viss andel av bustaden. Resten av bustaden leiger ein frå OBOS på ordinære marknadsvilkår. Etter kvart så kan ein kjøpa meir av bustaden, sånn at ein til slutt eig alt sjølv.

– Alle desse tiltaka har hovudsakeleg avgrensa seg til marknaden for nye bustadar. Og der er prisane omtrent 15 % høgare enn for brukte bustadar. Så sjølv om ein får kjøpt på gunstige vilkår, så sparar ein ikkje så mykje samanlikna med om ein hadde kjøpt ein brukt bustad. Delt eigarskap verkar likevel å vera så effektivt at det trass i dette kan senka terskelen for å koma inn på bustadmarknaden ganske mykje.

Lukrativt for utbyggjarar

Også utbyggjarane tener på å tilby leige-til-eige-bustadar: 

– Når dei som i dag fell utanfor bustadmarknaden får hjelp til å koma inn, aukar etterspurnaden. Då kan utbyggjarane selja fleire bustader, seier Astrup.

– Me trur ein oppskalering av desse konsepta vil vera prisdrivande over tid. Sjølv om det kan vera kontraintuitivt, er det faktisk ein god ting. Ein styrkja bustadpris fører til at det blir bygt meir og at bustadmassen aukar. Resultatet er at også i marknaden for brukte bustadar blir terskelen lågare.

Denne saka er del av eit Fritt Ord-støtta prosjekt om unge på bustadmarknaden. Har du tips til saker? Send ei direktemelding på Instagram eller ein e-post til tips(a)framtida.no!


Foto: Oscar Daniel Rangel on Unsplash, Pressefoto. Kollasj: Framtida.no