Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 I Tyskland, og spesielt Berlin, har det i fleire år vore bustadkrise. Det heng saman med stor tilflytting og dermed auka etterspurnad. Bustadmarknaden har derfor blitt sett på som ei trygg investering for internasjonale investorar.

Det seier Isabella Rogner, som er aktiv i organisasjonen «Deutsche Wohnen & Co enteignen» i Berlin, på telefon til Framtida.no.

Det er same organisasjon som stod bak folkerøystinga hausten 2021 om å bringa dei største bustadselskapa i Berlin under offentleg kontroll. Med 59,1 prosent for, var det liten tvil om kva berlinarane meinte om saka.

 Stadig færre har råd til leiga. Derfor gjer folk motstand, fortel Rogner.

Til høgre er Isabella Rogner, som er aktiv i organisasjonen «Deutsche Wohnen & Co enteignen» i Berlin. Foto: Privat

Vil ikkje påskjønna selskapa

I praksis ønskjer organisasjonen at forbundsstaten Berlin, der langt fleire enn i Noreg leiger bustaden sin, skal ekspropriera bustadene til alle bustadselskap som har over 3000 utleigebustader.

Det betyr at forbundsstaten overtar bustadene, mot at selskapa får eit vederlag. Éi bekymring har derfor vore at Berlin set seg i djup gjeld, og kan komma til å måtte betala over 36 milliardar euro.

 Grunnlovsparagraf 15, som ekspropriering er forankra i, er aldri brukt før. Derfor seier han heller ingenting om nøyaktig korleis det skal skje. Men Berlin bør ikkje betala marknadsverdi for bustadene: Vi vil ikkje påskjønna selskap som har spekulert i folk sin bustad, seier Rogner, som anslår at summen blir nærare 10 milliardar euro.

«Deutsche Wohnen & Co enteignen» vil at Berlin skal ta opp eit lån, som skal betalast ned med leigeinntektene frå bustadene. Når det er nedbetalt, skal pengane bli brukt til å bygga nye bustader. Slik meiner dei ein kan unngå at berlinarar må betala det heile over skattesetelen.

Målet er at ingen skal betala meir enn 30 prosent av inntekta si i leige.

Rogner understrekar at det ikkje er Berlin, men berlinarane som overtek bustadane. Rørsla ho er del av vil nemleg oppretta eit nytt, demokratisk styrt selskap, som skal stå for forvaltninga. Parallelt med lokalvalet, skal ein òg velja nye representantar til det offentlege selskapet.

Bustad som grunnbehov

Enn så lenge er det usikkert om det lar seg gjera å overta bustadselskapa i Berlin. Ein kommisjon er sett ned for å undersøka om det heile er grunnlovsstridig eller ei, noko Rogner omtalar som ein politisk motivert «forseinkingsstrategi».

Bustad er ikkje, meiner Rogner, som andre varer. Snarare dreier det seg om eit grunnleggande behov, som derfor ikkje bør kunne spekulerast i.

 Ein kan samanlikna med utdanning. Ein ville aldri sagt at visse born som ikkje har høve til å betala for grunnskuleplass, ganske enkelt må bli ståande utan. Ein har alltid nok plassar. Men med bustad har vi hamna der at det er heilt normalt at prisane stadig går kraftig opp.

– Ein må jo ta bustadhaiane på eit eller anna vis

Dette får gjenklang hos leiar i Raud Ungdom, Alberte Tennøe Bekkhus.

– Det er veldig kult å høyra om at Berlin tar slike grep.

Ho stiller seg bak argumentet om at bustad bør skjermast frå marknad og spekulasjon.

 Folk treng tak over hovudet på same måte som dei treng helsehjelp når dei blir sjuke. Det er heilt vilt å sjå kor mykje folk betaler i leige no. Eg har vener som må velja mellom leige og mat – det er ikkje haldbart.

Leiar i Raud Ungdom, Alberte Bekkhus. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Raud Ungdom-leiaren meiner dette dreier seg om kva for samfunn vi vil ha:

 Vil vi tillata at somme blir kjemperike ved å spekulera i andre sin bustad? Ein må jo ta bustadhaiane på eit eller anna vis, og dette høyrest ut som ein god måte å gjera det på, seier Bekkhus, som presiserer at vi treng ei lang rekke tiltak for å bøta på dagens situasjon.

– Problematisk

Ein som er mindre begeistra er Aslak Versto Storsletten. Han er rådgivar i Civita, ei tankesmie på høgresida av norsk politikk.

 Eg har ingen inngåande kjennskap til denne saka, men tenkjer med det same at det høyrest problematisk ut. Eigedomsrett er ein sentral føresetnad for den moderne, vestlege verda, og for at Vesten er der vi er.

Storsletten har heller ikkje sansen for argumenta om at bustad er annleis frå andre varer på marknaden, eller at det er ein menneskerett å ha tak over hovudet.

 Bustad er klassisk tilbod og etterspurnad. Dessutan er det ingen menneskerett å bu der ein ønskjer. Vi sel då mat som varer i ein marknad, sjølv om det òg er nødvendig. Bustad er ein relativt fri marknad i Noreg, og passar også bra til å bli regulert av marknaden.

Om det var opp til han, burde politikken heller satsa på bustadbygging.

Aslak Versto Storsletten i Civita. Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven.no

Vil heller sjå andre tiltak

Om lag éin million, eller 20 prosent, av nordmenn er i dag på leigemarknaden. I hovudstaden er rundt 30 prosent av bustadene eigd av profesjonelle utleigarar.

SSB-forskar Erlend Eide Bø har anslått at utan utleigeinvestorar, ville bustadprisveksten i Oslo kunne vore inntil 40 prosent lågare.

 Er det ikkje dumt å utelukka forslag som ser kritisk på denne typen verksemd?

– Det skal ein sjølvsagt ikkje. Men då er det betre å sjå på skattesystemet. I Noreg blir pengar trekt mot eigedom, fordi skattesystemet gjer det spesielt gunstig. Kanskje burde ein derfor likestilla eigedom med andre investeringsobjekt.

 Ein bør i alle fall heller sjå til skattesystemet enn å ekspropriera folk sin eigedom. Då risikerer ein å hola ut eit av dei viktigaste prinsippa i Vesten. Kvar gong ein stat har forsøkt å ta frå folk privat eigedom i stor skala, har det gått rett til helvete, meiner Storsletten.


Foto: Christoffer Engström/ Unsplash