Leige til eige: – Eg føler at eg har vunne i lotto

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert
Oppdatert 23.08.2022 16:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Interessa var stor då Harstad kommune lyste ut Leige til eige-prosjektet i fjor haust. Kommunen ville hjelpe 12 unge med å få kjøpt sin første bustad. Det kom inn 146 søknader.

Ein av dei som vart valt ut, er Mette Sollie (29). Ho jobbar som sjukepleiar ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg i Harstad.

– Eg har sett etter moglegheiter for å kjøpe i 6 år, men eg såg ikkje korleis eg skulle få endane til å møtast og samstundes spare opp eigenkapital.

Ho fortel at ho – både åleine og saman med ein tidlegare kjærast – lenge har vore interessert i å komme seg inn på bustadmarknaden. Ho har følgt med på det som har lege ute på Finn og hos den lokale banken, men kom aldri vidare.

– Det er vanskeleg når du ikkje har eigenkapital, og ingen som kan stille som kausjonist, seier ho.

Den nye leilegheita til Mette Sollie er på 66 kvadrat. Foto: Privat

Betalar leige til seg sjølv

Med god hjelp frå både kommunen og ein eigedomsmeklar fekk Sollie laga ein plan for korleis ho skulle få kjøpe sin første bustad. Ho fekk ei budsjettramme på 2 millionar kroner. Så måtte ho sjølv kike på marknaden og finne ein bustad ho kunne tenke seg.

Kommunen kjøpte leilegheita, og leiger henne no ut til Sollie. Totalt betalar ho no 9.669 kroner i månaden. Ein del går til renter og fellesutgifter i burettslaget, men resten går rett til nedbetaling på lånet.

Etter 5 år vil Sollie få tilbod om å kjøpe leilegheita for den avtalte prisen på 2 millionar. Då står det att ca. 1,8 millionar kroner på lånet. Samstundes reknar kommunen med at verdien på bustaden vil stige til over 2,2 millionar kroner.

Legg ein saman nedbetaling og verdistiging i løpet av dei 5 åra, sit Sollie att med ein eigenkapital på 445.000 kroner, som er godt over eigenkapitalkravet i banken. Kommunen skal ikkje tene pengar på salet.

– Enorm tryggleik

Sollie seier det kjenst som å vinne i Lotto. Den nye leilegheita hennar er på 66 kvadratmeter med to soverom og balkong.

– No sit eg i mi eiga leilegheit der eg får gjere som eg vil. Det er ei fantastisk kjensle. Eg kjenner meg veldig sjølvhjelpt, og det er ein enorm tryggleik i å vite at det er mitt eige, seier ho.

Inntrykket hennar av bustadmarknaden i Harstad er at det er mykje til sals, men at det er dyrt. Ho synest det er fantastisk at kommunen tok dette grepet. Ho meiner alle partar tener på det.

– Harstad kommune såg ein moglegheit til å gi unge ei moglegheit til å komme seg inn på bustadmarknaden, og halde dei her, seier Sollie.

Utan hjelp frå kommunen sleit Mette Sollie med å finne seg andre bustader å kjøpe. Foto: Privat

– Openbert eit behov

Tord Rasmussen Hellefossmo, rådgivar i bygg- og eigedomstenesta i Harstad kommune, fortel at kommunen ønsker å få fleire inn på bustadmarknaden, halde på kompetente arbeidsplassar og hjelpe barnefamiliar med å etablere seg.

Kriteria for prosjektet har vore at personane er mellom 18 og 34 år, at dei ikkje eig eigen bustad, og at dei ikkje oppfyller krava til startlån.

– Bustadprisane i Harstad har gått opp over fleire år, og dei opplevast som høge her. Med eigenkapitalkravet hjå bankane kan det vere krevjande å komme seg inn på marknaden. Når vi ser på søknadsmengda vi fekk inn, er det openbert eit behov for dette, seier han til Framtida.no.

Planen er å sette i gang ein ny søknadsrunde i haust.

– Alle vinn

Mette Sollie fortel at det har vore frustrerande å vite at løna hennar kunne ha dekt eit huslån, men i staden har ho måtta leige og betale ned på nokon andre sitt huslån. Samstundes har ho kjent andre med huslån som har hatt lågare månadlege utgifter enn henne.

Mette Sollie jobbar som sjukepleiar i Harstad kommune. Foto: Privat

– Det er skremmande å kjøpe, og det er ganske mykje pengar i månaden. Men det er veldig godt å vite at store deler av utgiftene går til meg sjølv, seier ho.

Sollie anbefaler tiltaket varmt til andre som er i hennar situasjon, og ho meiner andre kommunar bør late seg inspirere.

– Eg ser for meg at kommunar som slit med fråflytting kan tene på å hjelpe unge inn på bustadmarknaden. Alle partar vinn på det, seier ho.


Les også: Ungdomspolitikarane om bustadmarknaden: – I tvil om eg nokosinne får kjøpt bustad

Foto: Oscar Daniel Rangel on Unsplash, Pressefoto. Kollasj: Framtida.no