Slutt på hemmelege bustadbod frå 1. juli

Frå 1. juli kan du ikkje lenger sikre deg draumebustaden ved å kuppe han før bodrunden.

NPK-NTB
Publisert

Då trer nemleg endringane i eigedomsmeklingslova i kraft.

Så langt har meklarar hatt høve til å vidareformidle informasjon om bod til seljaren, utan at andre bodgivarar får vite om det, heller ikkje om dei spør. Men no blir denne moglegheita stengd.

Fagdirektør Olav Kasland i Forbrukarrådet synest det er på tide å bli kvitt praksisen.

– La oss seie du er med på ein bodrunde, blir overboden – men får ikkje vite kor høgt bodet er eller kven som kjem med det. Det er ein uting, som har fått florere altfor lenge, seier han til Nettavisen.

Moglegheita for å formidle hemmelege bod har vore vanskeleg også for meklarane, ifølgje administrerande direktør Grethe Wittenberg Meier hos Privatmegleren. Ho er glad for lovendringa.

– Veldig ofte kjenner ein bodgivar seg ført bak lyset, medan meklarar kjenner dei nesten må lyge. Det set dei i ein forferdeleg ubehageleg situasjon, seier ho.