Lizan (16) gjekk glipp av andre basisfag for å få norskundervisning – fryktar for framtidsdraumen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg dømmer ikkje systemet og veit dei prøver å hjelpe, men det funkar ikkje heilt. Me har same mål. Me vil læra språk, men det er ikkje vits i å gå glipp av kunnskap.

Det seier Lizan Rafat Slojek på telefon til Framtida.no. I 2015 kom ho og familien som flyktningar til Noreg frå den kurdiske delen av Syria.

16-åringen går i førsteklasse studiespesialiserande på Kvam vidaregåande skule og jobbar hardt for å få gode karakterar slik at ho kan oppfylla draumane.

Mista undervisning til norskopplæring

Etter å ha fått grundig norskopplæring i 6. og 7. klasse, haldt Lizan og fleire andre minoritetsspråklege elevar fram med å bli tekne ut av ordinær undervisning for å få ekstra norskundervisning på ungdomsskulen.

Allereie på ungdomsskulen merka Lizan at ho gjekk glipp av viktig kunnskap i basisfaga fordi ho vart teken ut av ordinær undervisning, noko ho merkar endå større konsekvensar av på vidaregåande.

– Då eg kom til Noreg var det fokus på å læra norsk. Engelsktimar og andre timar blei brukt til norskundervisning og eg byrja ikkje med ordinær engelskundervisning før i 10. klasse. På vidaregåande er engelsk avgangsfag der eg blir vurdert på lik linje som dei andre. På vurderingane blir det stilt same krav til meg som nett er byrja med faget, som dei som har hatt det i 9 år, forklarar Lizan.

Kvam herad med ny handlingsplan

Leiar for skule i Kvam herad, Inga Lill Tolo Jensen, er vikar for rektor ved Kvam ungdomsskule, og kan fortelja at kommunen nyleg har ferdigstilt ein ny handlingsplan for særskild språkopplæring minoritetsspråklege elevar i Kvam.

– Me har sett at det er nokre ting me kunne gjort betre og har laga ein ganske konkret handlingsplan med undervisningstips og måtar dele ut ressursar på, forklarar ho.

Handlingsplanen var allereie påtenkt då kommunen hadde tilsyn frå statsforvaltaren i fjor. Jensen Tolo fortel at dei som ein liten kommune kan ha utfordringar med å få inn nok kompetanse og handlingsplanen skal styrke lærarane inn den særskilde norskundervisninga.

Jensen Tolo fortel at det kan vere ei utfordring knytt til at få land har lik skulestruktur og pensum som Noreg, og at minoritetsspråklege elevar ikkje berre skal læra norsk, som har to målformer, men òg engelsk og gjerne også eit tredje språk.

– Må verta flinkare til å tilpassa

Leiaren, som no fungerer som vikar for rektor, har ikkje sjekka timeplanen til Lizan, men forklarar at ho kan ha opplevd å bli teke ut av fag som engelsk og naturfag, utan at dette er fag dei har prioritert å ta elevar ut av.

– Me må verta flinkare til å tilpassa for kva elevane har bruk for når me vel kva fag dei skal gå ut av timane i. Mykje språkopplæring, meistring og sosialt fellesskap skjer i fag som kroppsøving, musikk, mat og helse og kunst og handverk, difor er det ofte lurt at dei får vera med der.

Jensen Tolo fortel at generelt vert dei tekne ut frå ulike fag, men at dei òg legg til rette for ekstra norskundervisning i andre fag, og at undervisninga også skjer i klasserommet.

– Det kjem an på kor langt dei er komne i norskopplæringa, understrekar ho.

– Fag som me bygger vidare på er kjempeviktige

Lizan Rafat Slojek meiner det må på plass ei betre løysing for elevar med minoritetsspråkleg bakgrunn slik at dei vert vurdert på ein annan måte og ikkje går glipp av verdifull undervisning som gjev dei dårlegare utgangspunkt enn medelevane sine.

– Det kan vera fleire løysingar. Eg synest det hadde vore betre om eg blei teke ut i nokre gym eller kunst og handverkstimar, seier 16-åringen.

I Framtida.no sin skrivekonkurranse skreiv den då 15 år gamle vidaregåandeeleven om utfordringane ho opplever. Etter innlegget vart ho kontakta av fleire elevar som kjente seg att, men òg av nokre som ikkje var einige.

– Dei forstod det slik at eg meiner at kroppsøving og andre fysiske fag ikkje er så viktige. Det er ikkje det eg meiner, men fag som me bygger vidare på er kjempeviktige. Lærarane på vidaregåande spør ikkje kva eg har lært i kunst og handverk, men matte og naturfag forventar dei at eg kan, seier Lizan.

I Opplæringslova står det at elevar som ikkje har tilfredsstillande utbytte av ordinær undervisning har rett på spesialundervisning, men at dei skal ha same timetalet som sine medelevar.

Lizan trur òg det hadde vore ei betre løysing med ekstraundervisning, enn å miste andre fag.

– Det å ha ein ekstra time er kanskje eit betre system, fordi det er betre å bruka ein ekstra time om dagen på norsk, enn fleire år på å ta opp fag, seier 16-åringen.

Kunnskapsminister Tonje Brenna fotografert under regjeringas pressekonferanse for born om Ukraina-krigen onsdag 20. april. Foto: Andrea Nøttveit

Kunnskapsministeren: – Ukrainske barn og unge er veldig gode i engelsk

Norske kommunar rustar no opp for å ta imot ein ny flaum av flyktningar frå krigsherja Ukraina. Kommunane pliktar å gje borna eit skuletilbod så raskt som mogleg, seinast innan ein månad.

Då Framtida.no møtte kunnskapsminister Tonje Brenna under regjeringa sin pressekonferanse for born om krigen i Ukraina 20. april, spurde me om korleis regjeringa vil sikra at elevar får både ordinær og ekstra norskundervisning.

– Det er jo litt forskjellig korleis ein løyser dette på ulike skular. Det som er bra er at ukrainske barn og unge er veldig gode i engelsk og me veit at barn lærer seg språk raskt, så eg håpar og trur at ein løyser dette godt rundt om i kommunane og fylka og dei ulike skulane, seier kunnskapsminister Brenna.

Ukrainske barn og unge skal raskast mogleg inn i norske skular. Kunnskapsministeren peikar på at det er opp til den enkelte kommune og fylke å finne løysingar som fungerer.

– Målet er at ein skal følgja norske læreplanar og delta så mykje som mogleg i klasserommet frå så tidleg som mogleg, så må ein prøve på den enkelte skule å finne løysingar som gjer at det fungerer for alle elevar, seier Brenna.

Lizan (16): – Ikkje alle flyktningar er frå Ukraina

Lizan Rafat Slojek (16) er forsiktig med å tala kunnskapsministeren rett imot, men er ikkje heilt einig.

– Det er sant at det er ulikt frå kommune til kommune, men ikkje alle som kjem frå Ukraina kan engelsk og ikkje alle flyktningar er frå Ukraina. Det er som om norske elevar skulle flytte til Frankrike og så sa ein at: «Dei klarar seg sikkert fordi dei kan engelsk», seier 16-åringen.

Ho peikar òg på at det å kunne engelsk kan gjera at det tek lengre tid å læra seg norsk.

– På ein måte var det ein fordel å ikkje kunna engelsk, fordi då måtte eg læra norsk ved hjelp av det norske språket.

– I timane går det jo på norsk, ikkje engelsk. Det er bra å kunne engelsk når du er heilt ny, men dei som kjem frå Ukraina er framleis barn og ikkje alle kan engelsk godt nok.
Det er viktig å læra seg det norske språket godt, når ein skal busette seg i Noreg uavhengig av om du kan engelsk.


Anne Beathe Tvinnereim (Sp) under ein digital skuletime i samarbeid med FN og SNU. Foto: Ingvild Eide Leirfall