Fatemeh (16) skreiv om det første møtet med Noreg – vann skrivekonkunkurranse

– Sjølv om det ser mørkt ut, så må me ikkje gi opp håpet, seier Fatemeh Adili.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– OMG! No blei eg kjempeglad og overraska! skriv Fatemeh Adili. Ho har nett fått beskjed på epost om at ho har vunne skrivekonkurransen til Framtida.no, Magasinett og Falturiltu om håp.

Ho får 3000 kroner i førstepremie.

Bokstaven H er for håp

Fatemeh Adili skriv om korleis det var å koma til Noreg, korleis det var å venta på å opphaldstillating og kor viktig håpet har vore for ho.

«Det var kveld, natta hadde drege sine svarte gardiner over himmelen og sølte små, kvitmåla prikkar på den. Eg hugsar den kvelden veldig godt, for det var den kvelden me skulle få svar om opphaldstillating eller deportering,» skriv ho i vinnarbidraget.

«Eg hadde aldri håpt så djupt frå hjarta, og aldri kryssa fingrane så hardt.»

– Håpet gir oss motivasjon. Utan håp får me ikkje gjort så mykje, seier Fatemeh Adili. Foto: Privat

Håp gir motivasjon

Fatemeh Adili og familien hennar bur no i Sandnes. Dei kom til Noreg for åtte år sidan. No går ho på studiespesialisering på Sandnes videregående.

– For meg er håpet veldig viktig. Håpet gir oss motivasjon. Utan håp får me ikkje gjort så mykje. Utan håp hadde eg kanskje berre sove i senga, sett film og ikkje gjort så mykje.

Fatemeh Adili synest koronatida er vanskeleg. Veslesystera hennar har astma, så familien må vera ekstra forsiktige.

– Eg blir av og til lei meg, og håpar at korona skal gå vekk. Men eg vel å sjå positivt på det. Utan håp hadde det vore vanskelegare. Eg vil heller fokusera på det gode. For eksempel at miljøet har blitt betre, og at utsleppa har gått ned.

Vil hjelpa andre

På fritida er Fatemeh Adili med venner, heng i byen og går på kino. På skulen er favorittfaga gym og samfunnsfag. Matte er ho ikkje like glad i.

– Eg har hatt ein draum frå då eg var liten, om at viss eg får høve til å studera, då skal eg gjera mitt aller beste for å koma inn på universitetet.

– Eg vil gjera noko for andre menneske. Eg har sett menneske som har hatt det veldig vondt. Eg vil hjelpa andre. Eg er veldig glad i menneske, så å få gjera noko for dei hadde betydd veldig mykje for meg, seier Fatemeh Adili.

Paulina Majkowska

Paulina Majkowska (18) frå Sotra utanfor Bergen meiner alle kan gjera noko for klimaet. Foto: Privat