Rebekka (31) er logoped: – Som 19-åring hadde eg aldri ein gong høyrt om ein logoped
Rebekka Børilden Sævrøy hamna inn i yrket ganske tilfeldig, men tilrår varmt dei mange moglegheitene det gir og gleda av å kunne hjelpe.
– Som med mykje her i livet så var det ganske tilfeldig at eg blei logoped, fortel Rebekka Børilden Sævrøy på e-post til Framtida.
Ho sat heime med mor si ein kveld då vidaregåande nærma seg slutten, og ho skulle bestemme kva ho skulle gjere vidare. Dei fann nettsida til Universitetet i Bergen og byrja skrolle.
– Dei faga eg likte best frå før var ofte språkrelaterte, og eg likte å både skrive og lese. Me kom over faget språkvitskap, og tenkte at dette høyrdest interessant ut, seier Sævrøy.
Rebekka Børilden Sævrøy
Alder: 31 år
Frå: Ei lita bygd som heiter Austrheim, men bur i Bergen
Yrke: Logoped
Utdanning: Bachelor i språkvitskap (lingvistikk) og master i logopedi, begge fullført ved Universitetet i Bergen
Det var viktig for henne at utdanninga kunne leie mot eit spesifikt yrke, og ho såg at ein bachelor i språkvitskap kvalifiserte for å gå vidare til master i logopedi.
– Som 19-åring hadde eg aldri ein gong høyrt om ein logoped, men då eg las beskrivinga, skjønte eg fort at dette kunne vere ein jobb for meg.
– Eg kan jo ingenting
– Då eg først starta som logoped tenkte eg som mange at «eg kan jo ingenting!», men eg merka ganske fort at utdanninga mi hadde førebudd meg på korleis eg best kunne innhente informasjonen eg mangla.
Ho seier at som ved mange universitetsutdanningar var det mykje teori, og ikkje så mykje praksis som ein kunne ønske.
– Logopedfeltet er veldig breitt, og det er nesten uendeleg mange ulike problemstillingar ein kan møte i dette yrket, så det vil vere vanskeleg å skulle gå i djupna på absolutt alt i studiet. Eg har arbeidd mest med språk- og talevanskar hos barn og unge, mens andre arbeider for eksempel mest med slagpasientar, eller vaksne med stemme- eller svelgevanskar.
Ho opplevde dimed praksistida som svært nyttig, der ho fekk relevant og konkret kunnskap.
– Det var nok viktig for min del at me hadde moglegheit til å byte praksisområde internt på studiet for å sikre at praksisen me deltok på samsvarte med arbeidet me såg for oss å ha etter studiet.
Starta for seg sjølv
Etter studiet i Bergen håpte ho på å få ein jobb i nærområdet.
– Eg hugsar at mange av stillingane som låg ute på den tida berre ønskte søkarar som hadde ein pedagogisk bachelor, framfor ein språkleg bachelor. I etterkant har eg lært at ein bør søkje på stillingar sjølv om du ikkje har akkurat det dei ber om, men eg lét faktisk vere.
Likevel fekk ho jobb etter eit par veker og starta opp i Bjørnafjorden pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), i august 2019.
Etter 6 år i kommunen starta ho no i september opp for seg sjølv 100 % som privatpraktiserande logoped.
– Ein slags spesiallærar
– No når eg arbeidar som privatpraktiserande logoped, vil kvardagen bestå av å reise rundt til skular og kanskje nokre barnehagar, og ta imot barn og unge med foreldre på kontoret mitt.
Ho hjelper hovudsakleg med utfordringar knytt til språk- og talevanskar. På skulen samarbeider ho med tilsette og hjelper enten i klasserommet eller på eige arbeidsrom. Det er behovet til det enkelte barnet som avgjer korleis hjelpa blir lagt opp, fortel ho.
– Då eg starta på studiet, såg eg for meg at eg skulle bli ein slags spesiallærar, og det vil eg seie kan passe godt for korleis kvardagen min ser ut i dag.
Ho fortel at ein kvardag som logoped kan sjå svært forskjellig ut etter kva område du arbeidar med.
– I starten av mastergraden var eg overtydd om at eg ville arbeide med vaksne, fordi eg har hatt ganske lite erfaring med barn gjennom min eigen oppvekst og studietida.
I første praksisperiode skifta ho derimot fort meining og såg at lidenskapen hennar var knytt til å hjelpe barn til å kommunisere.
– Språkvanskar kan påverka nesten alle delar av eit barn sitt liv
Det ho likar best med jobben sin, er å få vere med på å skape ein betre kvardag for barn, unge og familiar.
– Ein tenker ofte ikkje på kor utruleg isolerande det kan vere for eit barn å ha ein språkvanske.
Ho påpeiker at me bruker språk til så mykje meir enn me tenker over, og særleg det å ha ein større språkvanske kan påverke nesten alle delar av livet til eit barn.
– Språk handlar ikkje berre om å seie ord på korrekt måte, men det handlar om å kunne uttrykke ønskene, tankane og behova sine. Me brukar språk til å forstå verda rundt oss.
Variert yrke med tunge situasjonar
Det ho likar best med logopedifeltet, er kor variert det er. Ho meiner at ein kvardag som logoped kan passe for mange ulike menneske fordi ein kan arbeide med alt frå akutte situasjonar på sjukehus etter at nokon har fått slag, språkkartlegging og rapportskriving i PPT, rettleiing og foredrag i Statped, til forskingsarbeid, éin-til-éin-arbeid med barn, unge og vaksne, og mykje meir.
– Berre på dei seks åra eg arbeidde i PPT hadde eg eigentleg tre ulike stillingar og ansvarsområde. Eg starta i det som heiter pedagogisk fagsenter og gav spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehagen. Så blei eg PP-rådgjevar og brukte mykje tid på kartlegging av språkvanskar, rapportskriving og rettleiing. Dei siste åra arbeidde eg i hovudsak direkte med uttalevanskar hos barn, fortel ho.
Det mest utfordrande med jobben meiner ho er å greie å legge igjen jobben på kontoret når ho dreg heim.
– Særleg når eg møter barn og foreldre i tunge situasjonar, så er det lett å fortsette å tenke på og planlegge korleis ein best kan hjelpe, sjølv om arbeidsdagen er over. For oss som har arbeidd i stat og kommune, så er det også ei kjent utfordring at det ofte er avgrensa ressursar, slik at ein ikkje føler at ein kan gje all den hjelpa ein gjerne ønsker.
– «Sånn som arbeider med R-lyd?»
Ei vanleg feiloppfatning folk har om yrket hennar, er at logopedar berre kan hjelpe barn med uttalevanskar.
– Eit vanleg spørsmål når du seier at du er logoped er: «Åja, sånn som arbeider med R-lyd?», seier ho.
Ho fortel at ho også får høyre at foreldre vil ha logoped, men trur at det ikkje vil hjelpe dersom barnet ikkje snakkar.
– Men ein logoped kan arbeide med så mykje meir enn berre uttale av ord, og me kan ha kompetanse på alle delar av språkutviklinga til barn.
Ho presiserer at det sjølvsagt vil variere frå logoped til logoped kva ein har mest erfaring med. I tillegg handlar språkutvikling om meir enn berre det å seie ord.
– Me treng ikkje ein gong å snakke for å uttrykke språk, me kan for eksempel bruke kroppsspråk, gestar, teikn, skrift, symbolbilete eller ei talemaskin.
Det beste med jobben
Det som gjer 31-åringen mest glad, er når ho får ei melding frå ein forelder som fortel at barnet endeleg greier å gjere seg meir forstått i kvardagen, eller tør å ta ordet i klasserommet.
– Noko anna som overraska meg positivt, er kor utruleg sjenerøst det logopediske miljøet er i Noreg. Me er jo eit lite land, og eg har blitt kjend med så mange greie og dyktige logopedar frå heile landet. Eg har hittil aldri følt meg einsam i yrket som logoped.
Drøymer om lovpålagt logopedhjelp
Sævrøy meiner yrket passar for alle som likar å møte og hjelpe menneske.
– Gjennom heile oppveksten min blei eg fortald at eg burde bli lærar, fordi eg var tolmodig og likte godt å hjelpe medelevane mine med det dei stod fast med. Likevel såg eg aldri for meg å stå framme i eit klasserom. Arbeidskvardagen som logoped kan derimot minne mykje om å vere lærar, berre at eg arbeider meir spissa med eitt felt, og eg møter barn og unge meir éin til éin i staden for i eit klasserom.
No drøymer ho om ei framtid der logopedhjelp blir ei lovpålagd teneste i kommunen.
– Slik det er i dag, er det altfor mange kommunar som vel å ikkje tilsette logopedar fordi det ikkje er «direkte» lovpålagt.
Ho poengterer at kommunen har ansvar for å gje innbyggarane den hjelpa dei treng for å sikre god helse, læring og utvikling, og at det sjølvsagt kan innebere hjelp frå logoped.
– Likevel ser det ut som at logoped må bli nemnt heilt spesifikt for at det skal bli sett på som ei plikt for kommunen.
Ho meiner likevel ikkje det bør skremme folk frå yrket:
– Sjølv om logopedhjelp ikkje er ei lovpålagd teneste i kommunen per i dag, så ville eg ikkje vore redd for å utdanne meg som logoped igjen. Det er så mange ulike relevante stillingar ein kan søke på med denne utdanninga, og i tillegg har ein moglegheit for å starte privat.









