Dei første ukrainske borna er allereie på plass i norske klasserom. – Mitt håp er at det òg kjem nokre ukrainske lærarar som har lyst å jobbe i skular og barnehagar.
mm

I dag er det slik at kommunar som tek imot barn skal gje eit skuletilbod så raskt som mogleg, og seinast innan ein månad. Det er dagens reglar og så kan det hende at reglane vert litt annleis framover, rett og slett fordi det kan kome veldig mange. Men så raskt som mogleg er hovudregelen. 

Det sa kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) til Framtida.no under regjeringas pressekonferanse for barn førre veke. 

Kvinnelege pedagogar

I går fortalde NRK om 13 år gamle Yehor, som har hatt sin første skuledag. Han er eitt av nesten 5500 born som har flykta frå Ukraina til Noreg. 

I ei anna NRK-sak kan ein lesa om ukrainske Kateryna Yevseiehyk (25), som har blitt norsklærar på Nærbø ungdomsskule.

Regjeringa rustar opp for fleire flyktningar og ser på moglegheita for at det kan bli fleire som kan jobba i skulen. 

Under pandemien hadde me til dømes studentar og pensjonistar som kunne jobba i skulen. Det er ein av tinga me vurderer om me skal fortsetja med. Så trur eg òg at mange av dei som kjem til Noreg er kvinner, og veldig mange ukrainske pedagogar er kvinner, så mitt håp er at det òg kjem nokre ukrainske lærarar som har lyst å jobba i skular og barnehagar, seier kunnskapsministeren.


Jonas Gahr Støre og Tonje Brenna under Barnas pressekonferanse 20.04.22. Foto: Andrea Rygg Nøttveit
Oppdatert: onsdag 27. april 2022 15.32
ANNONSE