Utviklingsminister om abortinnskrenking: – Abort må me tørre å stå opp for

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var interessant å høyre om korleis kvinner faktisk har det i verda, og kor få som eigentleg kan ta abort på trygge måtar, seier Simen Kalgård Kristiansen (17), elev på Lillestrøm vidaregåande skule.

Fredag møtte utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp) 600 unge frå heile landet, i ein skuletime om uplanlagde graviditetar verda over.

Elevar frå Lillestrøm vidaregåande skole og Elvebakken vidaregåande skole var fysisk til stades, medan elevar frå Tastaveden ungdomsskole i Stavanger og Byåsen vidaregåande i Trondheim var med digitalt.

– Det er mykje større enn eg trudde

Kristine Blokhus, frå FNs befolkingsfond (UNFPA). Foto: Presse

I Noreg er talet på uplanlagde graviditetar 3,4 prosent, ifølgje ein ny rapport frå FNs befolkningsfond (UNFPA).

Årleg er nesten halvparten av alle graviditetar i verda uplanlagde, ifølgje rapporten.

Det betyr at det årleg er 121 millionar personar, 331.000 kvar einaste dag, som oppdagar at dei er gravide utan at det var planlagt.

– Mange av desse synest det er ei god nyhende og blir glade for det, medan det for andre kan vere veldig vanskeleg, seier Kristine Blokhus, frå FNs befolkingsfond, under ein skuletime for ungdom fredag.

I ei rekke land i verda er det ikkje reelle høve til å sjølv bestemme om ein vil bli gravid, når ein vil bli gravid og om ein vil ta abort.

Uplanlagde graviditetar som ikkje er velkomne, kan kome av fattigdom, lågt utdanningsnivå, eksponering for vald eller tvang, nokre er barnebrudar andre lever i krigssonar eller er flyktningar og har ikkje tilgang på vanlege helsetilbod.

– Det å få barn burde vere eit djupt, livsendrande val, men for desse kvinnene er det altså ikkje eit val i det heile tatt.

– Abort må me tørre å stå opp for

– Når ein får høyre kor mange jenter dette gjeld så går det jo litt inn på meg, det er mykje større enn eg trudde, seier Caroline Hernes (16) frå Lillestrøm vidaregåande skule etter timen.

Fleire elevar hadde også fått høve til å stille utviklingsministeren spørsmål og Solveig Nikolaisen frå Tastaveden vidaregåande spurte:

Solveig Nikolaisen, frå Tastaveden vidaregåande stilte spørsmål til utviklingsministeren. Foto: Skjermdump frå live-strøyminga

– Sjølv om me gjer medisinske framsteg på abort og verda blir meir opplyst om temaet, er det framleis slik at land vedtek strengare abortlover og innskrenkar inn tilboda. Kvifor er det sånn?

– Eg trur alle som har følgt med på nyhenda i det siste nesten blir litt mørkeredde, når me ser kva som skjer i verda når det gjeld retten til trygge og lovlege abortar, svara utviklingsministeren.

Ho kunne fortelje at ho og Utanriksdepartementet har sett at det er mange og fleire land i verda som er veldig konservative når det gjeld kvinners rettar.

– Her må me jobba med landa, haldningane og reglane som er der ute. Regjeringa i Noreg har sagt at når me er ute i andre land så skal me vere heilt tydelege på at dette er ein menneskerett. Dette er ikkje akseptabelt. Abort må me tørre å stå opp for. Samstundes må ein legge til rette i landa og sørge for tilgang til gode helsetenester.

Ho la vekt på at undersøkinga viser at 60 prosent av dei ikkje planlagde graviditetane endar i abort, halvparten av desse igjen i utrygge abortar.

– Det er rett og slett heilt forferdeleg, sa Tvinnereim.

Utrygg abort tek liv

Utrygge abortar er ifølgje WHO ein av hovudårsakane til dødsfall blant fødande – sjølv om det kan forhindrast. Kvar einaste dag døyr over 800 gravide i verda, på grunn av utrygge abortar, ifølgje rapporten.

Det kan også føre til fysiske og psykiske helseproblem, sosiale og økonomiske byrder for den fødande, samfunn og helsesystem.

Tidlegare har seniorrådgjevar Kristine Sommerset Bjartnes frå Sex og Politikk fortalt Framtida.no at å forby abort ikkje nødvendigvis fører til til færre abortar, men heller tvingar gravide som treng abort til utrygge metodar.

– Det er truleg at dei som ikkje får tilgang til aborttenester vil kunne ty til desperate løysingar, sa Bjartnes.

På spørsmål om korleis abort-innskrenkingana i USA kan påverke norsk bistand, svara utviklingsministeren:

– Motstand mot abort kjem ikkje til å påverke norsk bistandsnivå, snarare tvert i mot. Me er veldig opptekne av at når me ser at det er så mange land i verda som backar ut på desse rettane, så må Noreg vere endå tydelegare.

Elevar frå Lillestrøm videregående skole. F.v. Caroline Hernes (16), Simen Kalgård Kristiansen (17) og Mia Orsbye Hoberg (17). Foto: Ingvild Eide Leirfall

– Skummel utvikling

Elevane frå Lillestrøm har også fått med seg abort-innskrenkingane i USA der eit lekt dokument avsløra at Høgsteretten ynskjer å overkjøre Roe v Wade som har sikra alle retten til abort.

– Det irriterer meg veldig, det er eigentleg heilt forferdeleg, seier Hernes.

– Er de redde det skal påverke Europa eller Noreg?

– Eg er ikkje så redd for at det skal påverke Noreg, men er redd det kan påverka andre land og USA er jo ei stormakt. Det er jo ein moglegheit for at det kan skje, svarar Hernes.

– Det er ei skummel utvikling at ein tek bort fridomen til kvinner i eit av verdas mest utvikla land. USA er jo modellen som me alle går etter, så det er veldig skremmande at dei faktisk går så langt tilbake, seier Kristiansen.


Demonstrantar framfor Høgsteretten, torsdag 5. mai 2022. Foto: AP Photo/Alex Brandon