Vil innføre 15 minutt lesing i skulen kvar dag: – Deilig når det er stille i klasserommet
Regjeringa vil at norske born skal bli verdas beste lesarar. Tiandeklassingar på Tranevågen ungdomsskule er delte i spørsmålet om meir tid til lesing på skulen.
– Eg les litt på fritida, særleg på sommaren, når eg har mykje tid. Eg blir roleg og avslappa, og viss eg ikkje har noko å gjere, kan eg lese i staden for å sjå på mobilen, fortel Thea Næsse (15).
Ho synest det vil vere ein bonus å få meir tid til å lese på skulen. Og nettopp det er det regjeringa legg opp til i forslaget til statsbudsjettet for 2026.
Med eit nasjonalt «leseløft» til éin milliard kroner vil regjeringa at norske born skal bli verdas beste lesarar.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier i ei pressemelding at skulen har vorte for skjembasert, for teoritung og for stillesittande.
– Å kunne lese godt er heilt avgjerande for å forstå og lære i alle fag, for vidare utdanning og arbeid og for å leve gode liv, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap.
Kan vere positivt
Eitt av tiltaka regjeringa vil innføre, er at alle elevar i grunnskulen skal lese minst 15 minutt kvar dag. Regjeringa vil dessutan kjøpe inn fleire bøker til skulane.
Leon Stokke (15) synest dette er eit godt tiltak.
– Eg tenker at det er positivt. Det er bra å kunne lese når du kjem i vaksenlivet, og det aukar intelligensen. Ein kan få lærdom og kunnskap av å lese, anten det er ei lærebok eller ei spenningsbok, seier han.
Leon og Thea går i tiande klasse på Tranevågen ungdomsskule på Sotra. Framtida.no møter dei saman med tre andre tiandeklassingar.
35 minutt i veka
Elevane fortel at dei startar kvar skuleveke med 15 minutt lesing måndag morgon, og dei har i lekser kvar veke å lese 20 minutt.
– Det er bra å ha ein roleg start, å berre begynne med noko lesing for å komme tilbake i skulen etter helga, seier Pernille Jonsson (15).
Men ho er skeptisk til endå meir lesing i skulen. Ho synest det held med 15 minutt.
– Eg er ikkje så glad i å lese sjølv. Eg les ikkje på fritida, men det går fint på skulen. Eg får ikkje så mykje ut av å lese, seier ho.
Gabriella Quispe (15) synest også 15 minutt kvar dag er i meste laget.
– Eg likar å lese litt, men det spørst kva. Det er veldig gøy om det er noko veldig interessant. Eg synest det er bra med meir lesetid, men ikkje kvar dag, seier ho.
Thea Nesse på si side meiner det er bra å øve på å lese. Ho slår fast at det er viktig seinare i livet.
– 15 minutt er ikkje så lenge. Det går greitt nokre gonger i veka, seier ho.
Fri frå mobilen
Gabriela synest det er avslappande å sette seg ned med ei bok. Ho meiner det kan vere eit godt avbrekk.
– Du får jo fri frå mobilen. Og så får ein hjernen til å jobbe litt meir. Det kan vere godt av og til, for nokre gonger vil du berre vere i stille. Når alle les i klasserommet, vert det heilt stille. Det er deilig, seier ho.
Også Mikael Engan (15) synest det er kjekt å lese viss lesestoffet er noko han interesserer seg for.
– Eg les ikkje noko på fritida, men synest det er greitt å lese på skulen. Eg likar krim og spenning. Og ein kan få mykje kunnskap og forskjellig ut av å lese, seier han.
Game of Thrones og ungdomsbøker
Kva ser du etter på skulebiblioteket, og kva var den førre boka du las?
– Få som les på fritida
Aslaug Fodstad Gourvennec er førsteamanuensis i lesevitskap ved Lesesenteret på Universitetet i Stavanger.
Ho har tidlegare vore lunken til å bruke mykje undervisingstid på individuell lesing av bøker elevane har vald sjølv.
– Men det har vore store endringar i lesevanane til unge, og no er det veldig få som les på fritida. Då treng ein kanskje meir tid til denne typen lesing i skulen, seier ho til Framtida.no.
Ho poengterer også at mobiltelefonen er ein stor konkurrent for bøkene. Det er hard kamp om merksemda til ungdommar på fritida.
– Det gjer kanskje òg at skulen må ta endå større ansvar, seier ho.
Viktig å kunne lese komplekse tekstar
Gourvennec understrekar tydinga av å vere ein god lesar. Når ein skal lære noko nytt og forstå komplekse forhold, må ein kunne lese komplekse tekstar. Viss ein skal kunne delta i demokratiske prosessar, eller ytre seg i samfunnsdebatten, må ein kunne lese og skrive.
Og for å bli ein god lesar, må ein ha mengdetrening, og lese både djupt og breitt.
Sjølv når ein brukar språkrobotar med kunstig intelligens, bør ein kunne vere kritisk til teksten robotane produserer.
– Det er skummelt for eit samfunn om berre ekspertane kan lese komplekse tekstar, seier ho.
– Skulen kan ikkje gjere alt
Når det gjeld lesing i skulen, meiner ho at 15 minutt kan vere i kortaste laget, sidan mange elevar treng tid for å komme inn i lengre tekstar, særleg om dei ikkje er vane med å lese.
– Det er viktig å jobbe med uthaldenheit. Sjølv studentar slit no med å lese lengre tekstar, seier ho.
– Trur du meir lesing i skulen kan bidra til å auke leselyst og motivasjon for å lese på fritida?
– Eg trur verkeleg at det kan ha ein effekt. Men skulen kan ikkje gjere alt for samfunnet. Born treng også å sjå at førebileta deira les, og at lesing er noko dei vaksne av ulike kjønn synest er meiningsfullt.
Vil ha høgtlesing og drøfting
I tillegg til individuell lesing meiner Gourvennec at det som skjer i fellesskap i klasserommet kan vere viktig for leseferdigheitene til elevane. Det kan til dømes gjelde høgtlesing eller drøfting av tekstar.
Då er det mellom anna viktig å legge til rette for at elevane får oppleve meistring, seier ho.
– Teksten bør ikkje vere for lett, og ikkje for vanskeleg. Elevane må jamleg få utfordre seg og utvikle seg, gjerne i fellesskap, seier ho.
Ho understreker at engasjement er viktig for læring.
– Dei som ikkje berre gjer det dei blir fortalde, men som er aktive i lesinga, som tenker, stiller spørsmål, oppklarer det dei lurar på, er i aktiv dialog med teksten, dei får mykje meir utav det dei les, seier ho.















