Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg kjenner folk som ikkje er aktive i noko som helst, og eg synest det kan verka litt meiningslaust. Nesten litt sånn at ein kastar vekk viktig tid ein kunne brukt til å hjelpe andre folk eller lære seg noko nytt.

Orda kjem frå student og aktivist Dugagjin Osmanaj (20). Han er medlem i åtte ulike organisasjonar og har vore engasjert i verda rundt seg så lenge han kan hugse. 

– Å vere medlem i organisasjonar gir meg meining i livet. Eg gjer noko, på ein måte. I tillegg er det ein sosial del, eg får kunnskap og erfaringar frå å jobbe med folk, og så gir det meg litt meining med tilværet. Det høyrest litt eksistensielt ut, men det er sant.

Drøymer om å jobba med flyktningar

Me møter han i desember utanfor studenthybelen i Oslo, med munnbind på.

Det er to veker etter Noreg igjen har innført nye koronarestriksjonar, to og ein halv månad etter den store gjenopninga. 

Koronarestriksjonane har lagt ein dempar på kvardagen til den elles så aktive organisasjonsmannen.

– Korona har prega livet mitt ganske mykje. I starten enda det jo med at alt av organisasjonar og aktivisme gjekk over på nett: alt vart til nettmøter og sosiale medium-aksjonar, og det var ærleg talt slitsamt å drive med, fortel han.

Så opna landet igjen sakte men sikkert, akkurat i tide til studiestart i ny by.

– Eg rakk heldigvis fadderveka, sjølv om den også var prega av mykje restriksjonar. Men det var nok til at eg vart litt kjend med folk, fortel Osmanaj.

– Då det var ope dreiv eg med mykje! Eg hadde kome til ein diger by og tok alle sjansane eg hadde på å få fleire opplevingar kvar veke.

Mykje av det gjennom foreiningane og organisasjonane han organiserte seg i på Blindern.

– Det har ikkje berre vore ein måte for meg å drive med aktivisme på, men også ein måte å få møtt mange folk på Blindern og bli del av foreiningskulturen som står sterkt, særleg på samfunnsvitskapeleg fakultet.

I haust byrja han på ein bachelor i statsvitskap på Universitetet i Oslo.

– Draumen er å kunne få jobbe med flyktningar og innvandrarar når eg er ferdig med studia. Kanskje i asylmottak eller som flyktningkonsulent.

Dugagjin Osmanaj (20). Foto: Ingvild Eide Leirfall

Inspirert av foreldra

Draumen om å få jobbe med asylsøkarar vart sådd gjennom far hans. Både faren og mora kom som flyktningar frå Albania og Kosovo på 80-talet. Faren budde på asylmottaket i Namsos i fleire år, før han etter kvart fekk opphaldsløyve og byrja å jobbe der i staden.

Han har fortald meg så mange historier, heilt frå eg var liten. Han fortalde om korleis det var der, korleis han arbeidde med folk og at folk var glade i han og respektererte han. Det sette veldig preg på meg, og gjorde at eg også ville jobba med innvandrarar og flyktningar, fortel Osmanaj.

Både faren og mora er store idol. Faren som reiste frå Jugoslavia gjennom heile Europa i håp om å få statsborgarskap, og som jobba med å sjølv hjelpe asylsøkarar etterpå. Mora, som også flykta frå krigen i Albania og som i dag jobbar som heimesjukepleiar.

– Ho er så utruleg glad i jobben sin, og er veldig oppteken av å gjere ein perfekt jobb, heile tida. Ho legg så mykje stoltheit i jobben sin, og eg blir veldig rørt når ho fortel om dagen sin og pasientane. Ho har så mykje lidenskap for jobben ho har, og passar så godt på pasientane sine. Det inspirerer meg til å vere ein god person. Det med å hjelpe folk er ein sentral verdi for familien min og ligg veldig djupt i meg på grunn av det. 

– Å hjelpe har vore ein sterk familieverdi

Han fortel at det å vere generøs og gavmild, kanskje er det viktigaste han har lært av familien.

– Å alltid gi noko til folk og alltid vere gjestfri og hjelpande mot folk, det har vore ein veldig sterk verdi i familien. Eg føler det er ein ting albanarar er veldig opptekne av, det med å ta imot alle, aldri vere til bry, alltid passe på andre og hjelpe dei. Men det kan også vere at det berre er min familie, ler han.

– Har du alltid vore så engasjert? Var du eit barn som protesterte mykje?

– Eg var veldig oppteken av å vere lydig og alltid vere litt flinkis. Eg trur kanskje at om ein er den einaste med utanlandsk bakgrunn i ein klasse, så kan ein ofte bli litt obs på sånne ting. Tenke at eg burde kanskje oppføre meg litt betre, i tilfelle eg skulle bli behandla ulikt. 

– Men eg hadde i alle fall ein litt annleis tankegang enn foreldra mine. Til dømes var eg veldig oppteken av miljøet. Det har eg alltid vore.

I dag er han medlem av Press, Samfunnsviterne, Zoon Politikon, Linjeforeningen Machiavelli, Studieturkomiteen for statsvitenskap, SAIH, Natur og Ungdom og er frivillig for Caritas på vaksenopplæringa.

– Alle kan gjere litt

Organisasjonsmannen synest det er vanskeleg å forstå at ikkje alle andre også er like engasjerte som han. 

– Eg synest det er litt rart at nokon kan ha same verdssyn som meg, men ikkje tenke at løysinga er å faktisk gjere noko med det. Samstundes forstår eg også godt om folk blir litt apatiske og føler seg overvelda av alt som skjer i verda. Likevel, synest eg det er litt vanskeleg å forstå.

Sjølv prøver han å gjere noko kvar einaste veke, og stort sett blir det fleire gonger i veka. Demonstrasjonar, seminar og anna. I tillegg til jobben som frivillig på vaksenopplæringa, og organisasjonane han er med i, sit han også i styret i fleire organisasjonar på universitetet og må møte opp på styremøte.

Dårleg tid, er heller ikkje eit argument for å ikkje gjere noko, meiner han.

– Ein kan alltids dele noko på sosiale medium, alle har tid til det. Eg forstår jo at folk ikkje har tid til aktivisme til dømes, men eg trur alle kan bidra litt. Alle kan delta på ei markering ein gong i månaden, sjå eit foredrag om eit viktig tema, eller dele noko på Facebook eller Instagram. Eg trur alle kan gjere litt, det er jo det som har noko å sei. Og eg trur eigentleg dei fleste gjer det. Eg trur dei fleste prøver å gjere litt.

– Kva er dei viktigaste sakene for deg akkurat no?

– Det er eit godt spørsmål. Nummer éin er flyktningsituasjonen i verda. Særleg at mange vestlege land ikkje tek imot flyktningar frå Afghanistan og Jemen. Det er eg veldig oppteken av, og det er også litt av grunnen til at eg vil jobbe med asylpolitikk. Nummer to er miljø, sjølvsagt. Nummer tre er kanskje straumprisane. Eg er veldig heldig som har straum inkludert i husleiga, men eg veit at foreldra mine og veldig mange andre slit med det for tida.

Dugagjin Osmanaj under Black Lives Matters-demonstrasjonen i 2020. Skjermbilete frå TV2 si sending.

– Prøv å lære om noko

Heilt sidan ungdomsskuletida har han vore organisert og aktivt engasjert. Først som medlem av ungdomsrådet, så som medlem i Sosialistisk ungdom og Natur og ungdom.

– Då eg kom på vidaregåande hadde eg ein del vener som melde seg inn i PRESS, og eg følgde straumen. Eg har alltid likt å vere med i organisasjonar, sånn var det då også, så eg tenkte: Åh, ein organisasjon, eg berre melder meg inn!

Han vil også råda andre unge engasjerte til å melde seg inn i ein organisasjon eller ei foreining. Men viktigast av alt, seier han:

– Set deg inn i saker, les, prøv å finne andre sider av det og prøv ditt beste å lære om noko. Om du ikkje aktivt kan engasjere deg eller vere aktivist, så kan du i alle fall lære om noko. Og så tenker eg at berre det å engasjere seg i skulemiljøet, i elevrådet, fylkeselevrådet og så vidare, også er veldig bra og ei form for aktivisme. 

I retrospekt er han glad for at han engasjerte seg så tidleg. 

– Det verkar som eg oppfyller dei forventingane eg hadde då eg var 14 år. Tankane eg hadde om korleis eg ville leve livet mitt. Så om eg hadde møtt meg sjølv som 14-åring, ville eg sagt: Ja, jobb vidare, for det kjem til å skje!

Dugagjin Osmanaj (20) utanfor studenthybelen i Oslo. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Likar ikkje å vere passiv

– Kva er ein perfekt dag for deg?

– Det tenker eg faktisk på ofte. Eg kjem heim og tenker: Herregud, no hadde eg ein bra dag! Ein perfekt dag for meg er ein produktiv dag. Eg likar ikkje følelsen av å ikkje ha gjort noko, det å ha ein meiningslaus kvardag. Det å få gjere veldig mange ting, bli ferdig med ting, og møte folk – det er kanskje min perfekte dag. Ein fylt dag, der eg ikkje tenker over det før dagen er over. 

20-åringen likar ikkje å slappe av, men om han skal kople av er det matlaging som er løysinga.

– Om eg har gjort mykje aktivisme til dømes, så berre lagar eg mykje mat for å slappe av. Eg er veldig, veldig glad i å lage mat. Det er veldig terapeutisk for meg. Eg veit at mange ikkje likar å laga mat, særleg ikkje når dei kjem frå jobb eller skule og er slitne, men eg må gjere det, viss ikkje greier eg ikkje slappe av resten av dagen. 

Om ikkje matlaging står på planen, svarar han på utslittheit med å vere meir aktiv.

– Om eg til dømes er veldig sliten etter ein dag på skulen, så stikk eg og spring, går ein tur eller dansar. Eg likar ikkje å vere passiv. 

– Så, Netflix og skrolling driv du ikkje med?

– Nei, ikkje så veldig. Kanskje som pause når eg studerer, for då sit eg allereie i ro. 

Han er inne i siste eksamensinnspurt og har ikkje kjent seg veldig påverka av dei nye koronarestriksjonane, men om dei held fram lenge må han finne på noko nytt.

– Det er veldig kjipt om universitetet stenger. Eg tenker eg må finne meg ein jobb, så eg kan drive med det og kanskje kan få reise til jobben. Om alt blir stengt heile året, vil eg nok heller bu heime i Tønsberg med foreldra mine.

Vil bli forfattar

I denne mappa har Osmanaj samla alt han har skive på sidan vidaregåande.

Når han ikkje studerer, driv aktivisme, organisasjonsarbeid, lagar mat, er frivillig, går tur eller dansar – så skriv han.

– Det er vel det som er min aller største draum: å bli forfattar og kunne publisere eigne verk. 

Han skriv skjønnlitteratur og om alt mogleg.

– Eg prøver å ikkje falle i den norske krimtradisjonen, men eg likar å skrime krim og fantasy, men også samtidskritikk og verk som kan reflektere problematiske sider i samfunnet. 

– Engasjementet tek ikkje slutt?

– Det skin igjennom! 

Om 10 år håpar han at han i alle fall har fått publisert ei bok. 

– Det er min største draum. Og at eg kanskje er ferdig med utdanninga mi, og at eg kanskje har flytta tilbake til Vestfold.

Om han skal skildra draumeverda si er det ei verd der alle kan starte ut likt, leve ut sitt fulle potensial og gjere det dei sjølv ynskjer å gjere.

– Utan at samfunnet legg føringar for kva ein kan og ikkje kan gjere, korleis ein kan vere, sjå ut og så vidare. Det håpar eg på. Og at alle kan kome til Noreg, eller dra frå Noreg. At alle kan bu der dei vil. Det er mi draumeverd. Meir openheit. 


Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no