Hewad (14) er den einaste registrerte nynorskeleven i Trondheim

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trondheim har 21.700 elevar i grunnskulen.

Av alle desse, har berre éin nynorsk som hovudmål, ifølgje Grunnskulens informajonssystem, som samlar data frå alle grunnskulane i landet.

– Det er litt sjukt, seier Hewad Ahmadzai til NRK.

Han kom til Noreg frå Afghanistan for litt over fem år sidan og kunne ingenting norsk. Det kan han no. Og det er nynorsk det går i.

Etter at NRK publiserte historia om Hewad, har dei fått e-post frå ein far i Trondheim om at også sonen hans har nynorsk som hovudmål.

Dei kom flyttande til byen i haust, og det er truleg grunnen til at han ikkje er registrert i Grunnskolens informasjonssystem enno.

Les også: Fleire innvandrarar blir buande i kommunar som gjev opplæring på nynorsk

Kom til Vestlandet først

Forklaringa på at den afghanske guten enda opp med nynorsk, er at han har budd fleire stader på Vestlandet sidan han kom til landet som 8-åring.

Bømlo var den første heimstaden hans i Noreg. Sidan flytta han til Stryn.

Ettersom dei fleste der bruker nynorsk, var det naturleg å velje det same.

Les også: Vil ha talar frå kongehuset på nynorsk

Vurderer å bytte

No vurderer han å bytte til bokmål.

Han trur det er enklast slik, i og med at alle venar og lærarar er bokmålsbrukarar. Han får nynorske læremiddel. Men lærarane bruker ofte presentasjonar i undervisinga, og dei har bokmål som hovudmål.

– Det hadde vore lettare om fleire hadde nynorsk. Då kunne eg betra nynorsken min meir, seier 14-åringen.

Les også: Nynorske elevar blir tvinga til å bruka bokmål

Synnøve Marie Sætre er
fungerande leiar i Noregs Mållag. Foto: Per Gunnar Sætre / Noregs Mållag

– Sårbart

Synnøve Marie Sætre, leiar i Noregs Mållag, håper 14-åringen vel å stå i nynorsken.

– Det er sårbart å vere i mindretal, og imponerande at han står i det. Eg håper han held fram med nynorsk, og at skulen legg betre til rette for at han skal gjere det, seier ho til statskanalen.

I norsk grunnskule hadde litt over éin av ti elevar nynorsk som hovudmål førre skuleår. Det utgjer 74.179 elevar, og er om lag 1000 færre enn året før.

– I område der nynorsken står sterkt, styrkjer han seg. Men der nynorsken er under press, ser vi at fleire elevar skiftar til bokmål. Manglande tilgang på læremiddel på nynorsk er ein av dei viktigaste grunnane, seier Synnøve Marie Sætre.

Les også: Minoritetsspråklege elevar har svakare karakterar: «Grunnen til dette er måten vi blir hjelpt på»

Lizan Rafat Slojek er kurder frå Syria, og fortel om korleis ho har opplevd norsk skule som elev med minoritetsbakgrunn. Foto: privat / Maximilian Scheffler, Unsplash.com / kollasj Framtida.no