Flykta frå Iran til Noreg: – Det var ikkje ein vanleg barndom

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Hallingdølen.

– Eg hugsar heilt frå eg var seks år. Eg har det alltid i bakhovudet. Det er ikkje noko du kan gløyme så lett. Det var barndom, men det var ikkje vanleg barndom, seier Paywand Dashtnewerd.

HEIME HJÅ FAMILIEN slår heit juliluft knockout på ei hardtarbeidande vifte. Det er framleis fellesferie i Øyer utanfor Lillehammer. Paywand har sommarjobbfri. Godt, men også ei potensiell utfordring for 16-åringen. Fri betyr tid. Tid til å tenkje–og til å hugse bestemor i Iran som alltid var ein moroklump, men også litt seriøs, nett som Paywand sjølv når tenåringen tenkjer seg om.

Bilete frå 2015, frå augneblinken der Paywand og familien fekk opphaldsløyve i Noreg, får fram kjensler i 16-åringen. Foto: Hallingdølen

Hallingdølen var med då det vart klart at familien fekk løyve til å opphalde seg i Noreg. Arkivfoto: Hallingdølen

Tid til å minnast seks år på asylvent i Norge og Danmark, fire av dei ved no nedlagde Ål statleg mottak. Klumpen i magen som ikkje sleppte tak før 7. mai 2015 då Paywand fekk opphald i Norge saman med mor Halima Osmani, far Ahmad Dashtnewerd og storebror Mohsen Dashtnewerd.

– På den tida var eg ein ung person med vaksne tankar. Og det er jo ikkje slik barn skal vere, ikkje sant?

– Då me fekk avslag ein gong i tida, brydde eg meg veldig om det. Eg kunne jo eigentleg berre ha leika ute. Men eg trur eigentleg ikkje eg kunne noko for det, at eg brydde meg. Det var vanskeleg å unngå, for alle eg var omringa av, alle på mottaket, gjekk gjennom det same. Alle ungar på mottak er barn med vaksne tankar. Du hadde situasjonen din i tankane på slutten av dagen, uansett.

16-ÅRINGEN KAN HUGSE at ho som ung jente gjekk side om side med pappa Ahmad. Den kurdiske familien hadde nyleg kome til Norge og budde på sitt første asylmottak, i Øyer. Denne dagen var far og dotter, nok ein gong, i Hunderfossen Eventyrpark. Paywand hugsar dei store ungdommane i parken som smilte og prata med henne, minnast korleis alle andre tankar forsvann. Ho hugsar at draumen vart tent om sjølv å kunne jobbe i det eventyrlege universet.

– Då me hadde arbeidsveke på skulen var eg utplassert i eventyrparken, og etter eit intervju kom sjefen til meg og sa at eg kunne starte i ekstrajobb der dagen etter. No jobbar eg i Hunderfossen på andre året og det er draumestaden min! Når eg er der, minnest eg alltid då eg var ung og gjekk rundt i parken. No er det eg som tek initiativ til å snakke med dei unge. Kanskje gjer eg nokon sin dag betre. Det gjer meg glad, strålar Paywand.

Ho har eigentleg lova seg sjølv det. Positiv energi. For 16-åringen kjenner det jo på heile kroppen, at ho blir glad av at dei rundt henne er glade.

– Etter at me fekk opphaldsløyve gav eg meg sjølv løftet: Eg skal vere ein positiv person med mykje positiv energi. Det er jo fordi det har vore så mykje negativ energi i livet mitt. Eg er lei av det, seier ho.

Sommarjobb i Hunderfossen Eventyrpark er ei viktig brikke i Paywand Dashtnewerds kvardag. – Det er draumestaden min! seier 16-åringen. Foto: Hallingdølen

NORA DASHTNEWERD, fødd 18. juli 2017, kalla opp etter handballandslagets Nora Mørk, Paywands veslesøster.

– Eg har alltid ønskt meg ei veslesøster eller ein veslebror, men eg skjønte jo at det ville bli vanskeleg for eit søsken å bli fødd på mottak. No er eg så glad for at Nora er her, og eg blandar meg mykje inn i livet hennar. Eg vil ikkje at ho skal gå gjennom det same som eg gjorde. Det kjem ho ikkje til å gjere, men eg tenkjer mykje på det likevel. Eg vil at ho skal vokse opp så godt som mogeleg, og det gjer ho. Uansett kor mykje eg jobbar med skule eller sommarjobb, tek eg meg tid på slutten av dagen til å vere med Nora. Ho skal alltid kjenne på at ho har ei storesøster, seier Paywand.

– Blir du sjalu for at Nora vart fødd etter at de fekk opphald?

– Ikkje sjalu, det er ikkje det beste ordet, men ho er heldig. Eg tenkjer nokre gonger: Kunne ikkje eg også blitt fødd då? Men eg prøver å unngå å tenkje slik. Eg må vere takknemleg for alt eg har. For fridomen.

Dette er ein forkorta versjon. Les heile saka hjå Hallingdølen! 

– Eg er så glad for at Nora er her. Ho skal alltid kjenne på at ho har ei storesøster, seier Paywand Dashtnewerd, her saman med mamma Halima og pappa Ahmad. Storebror Mohsen er på jobb. Foto: Hallingdølen