Minoritetsspråklege elevar har svakare karakterar: «Grunnen til dette er måten vi blir hjelpt på»

Lizan Rafat Slojek
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta er eit av bidraga som fekk heider i Framtida.no sin skrivekonkurranse om håp for framtida i samband med stortingsvalet. 

Rettferd er viktig i eit demokratisk land som Noreg. Alle veit at alle skal behandlast likt. Men kva med unge innvandrar som har mista fleire år av skulen, men blir vurderte på same nivå som norske elevar som har fullført grunnskulen?

Dette systemet sørgjer for store problem for dei fleste ungdommar som ikkje har gått på skule like lenge som medelevane sine, men spesielt for unge innvandrarar i Noreg som vil studere.

Eg er sjølv ein ung innvandrar, som har fullført dei to siste åra av barneskulen og heile ungdomsskulen i Noreg. No går eg fyrste året studiespesialiserande på vidaregåande skule, og har sjølv opplevd dei problematiske konsekvensane av det systemet som blir brukt i dag. 

Kva med unge innvandrar som har mista fleire år av skulen, men blir vurdert på same nivå som norske elevar som har fullført grunnskulen?

Går glipp av eit anna fag 

Først av alt, har minoritetsspråklege elevar, altså elevar med eit anna morsmål enn norsk eller samisk, rett til ekstra norskopplæring/norskundervising i tillegg til den ordinære undervisinga. Det vil seie at når den minoritetsspråklege eleven er i den ekstra norskundervisingstimen, går eleven glipp av eit anna fag. Alt medelevane lærer i desse timane, får ikkje den minoritetsspråklege eleven med seg.  

Kanskje dette ikkje har så mykje å seie når det gjeld grunnskule, men det gjer ein stor forskjell når det gjeld høgare utdanning, som til dømes på vidaregåande skule. Vi minoritetsspråklege elevar kjenner sjølve at vi ikkje har like mykje kunnskap i faget, samanlikna med medelevane våre. Men likevel blir vi vurdert likt som medelevane våre.

Er dette rettferdig?

Må endre systema som blir brukt i dag

Mange undersøkingar viser at elevar med innvandrarbakgrunn har svakare karakterar enn elevar som har budd i Noreg før skulealderen. Bufdir.no er eit fagorgan på området barn-ungdoms og familiedirektoratet. Dei la ut ein analyse i 2020 om ungdommar med innvandrarbakgrunn. I denne analysen ser ein stor forskjell på våre karakterar og norske elevar sine.

Det er fleire aviser som har skrive om dette temaet, men ingen gir korrekte grunnar til kvifor vi elevar med innvandrarbakgrunn har svakare karakter enn norske elevar. Dei fleste skuldar på språket, men sjølve systema om korleis språkkunnskapen vår skal bli forbetra, har mykje å seie.

Politikarar må ha betre system for dette. I staden for at vi går glipp av viktige undervisingsfag, kan vi ha ekstra norskundervising medan medelevane har eit fysisk fag. Døme på slike fag på grunnskulen er kroppsøving og kunst og handverk. På vidaregåande skule har ikkje vi kunst og handverk, men vi har fritimar. Desse fritimane kan bli brukte til den ekstra norskundervisinga. 

Elevar med innvandrarbakgrunn er skulemotiverte

Når ein ser at elevar med innvandrarbakgrunn får svakare karakterar enn norske elevar, er det enkelt å tru at grunnen er at elevane ikkje jobbar godt nok med skulearbeidet sitt. Mange tenkjer slik fordi ein trur at vi minoritetsspråklege elevar ikkje forstår godt nok og difor ikkje jobbar med det. Men dette stemmer ikkje. Her er eit sitat frå avsnittet «Elever med innvandrerbakgrunn er skolemotiverte»:

«En studie av elever i videregående opplæring viser at elever med innvandrerbakgrunn er mer motiverte til å gjøre det godt på skolen og ta høyere utdanning enn ungdom for øvrig. De bruker også mer tid på skolearbeid enn andre elever.» (Bufdir, 2020).

Dette viser til at vi elevar med innvandrarbakgrunn er generelt meir motiverte enn norske elevar til å gjera skulearbeidet. Men språket og den kunnskapen vi har mista, gjev oss svakare karakterar. 

Diagrammet nedanfor er frå statistikken til Bufdir. Det viser kor mange minutt elevar jobbar med skulearbeidet etter skulen. Det er typisk at det er variasjonar mellom jenter og gutar, men her ser ein at elevar med innvandrarbakgrunn i gjennomsnitt jobbar meir med skulearbeidet enn andre elevar. 

Eg synest det er dumt å seie at vi lever i eit demokratisk og rettferdig samfunn, når ein ser og veit at vi minoritetsspråklege elevar ikkje har like mykje kunnskap i skulefaga som klassen vår. Men likevel blir vi vurderte likt som medelevane som har nok kunnskap. Ein veit at elevar med innvandrarbakgrunn har svakare karakterar enn norske elevar. Grunnen til dette er måten vi blir hjelpt på.

Det systemet som blir brukt i dag, er ikkje rett. Det hjelper oss her og no, men gjer situasjonen vår verre i framtida. Vi går glipp av andre viktige fag for å ha ekstra norsk undervising, men når vi har lært oss skikkeleg norsk er det for seint til faga vi har gått glipp av. Viss systemet ikkje vert endra, skjer dette om og om igjen, som ein sirkel.

Minoritetsspråklege elevar er motiverte og jobbar hardt. No er det på tide at politikarane våre startar å jobbe hardt og finn ei god løysing på dette. Eg håper stortingspolitikarane og regjeringa endrar dette innan dei neste fire åra.


Saw Ngrein Zan (28) trur det er lettare å bli buande på Stord, sidan ho lærer nynorsk i vaksenopplæringa. Foto: Svein Olav B. Langåker