Florida: «Don’t say gay»-lovforslag vil forby lærarar å undervise om LHBT+

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit kontroversielt lovforslag i Florida, som vil forby all undervising rundt seksuell orientering og kjønnsidentitet på skulane i delstaten, er no raskt på veg gjennom lovgjevingsapparatet i staten, trass i høglytte motstemmer.

Sjølv president Joe Biden har teke til motmæle mot lovforslaget.

– Eg vil at kvart einaste medlem av LHBTQI+-miljøet, særleg barna som vil bli påverka av denne hatefulle lova, skal vita at de er elska og akseptert akkurat som de er. Eg støttar dykk, og administrasjonen min vil halda fram med å kjempa for vernet og tryggleiken de fortener.

Fleirtal i utdanningskomiteen

Lovforslaget stiller seg i ei rekke av lovforslag som vil avgrense eller forby LHBT-snakk i skulen.

Ifølgje PEN America har det sidan januar 2021 blitt lagt fram 122 såkalla kneble-forslag i 33 ulike statar. 12 har allereie blitt til lov, medan 88 er framleis ikkje er avgjorte.

I januar kom lovforslaget 1557: Parental Rights in Education på bordet i Representantanes hus i Florida, og ein identisk versjon, 1834: Parental Rights in Educationvart i starten av februar lagt fram i Senatet i Florida.

Begge forslaga er no til behandling i det politiske systemet, og det eine har allereie fått grønt lyst frå to av tre instansar før det kan avgjerast.

Student og aktivist Kaylee Sandell under ein pressekonferanse 15. februar 2022. Ho fortalde at ho vil verne om rettane til studentar som ho: – Dei kjem til å føle at ingen vil akseptere dei, dei kjem til å føle at noko er feil med dei, dei kjem til å føle at det ikkje er meininga at dei skal vere her når dei burde vere her. Dei er framleis menneske, dei er framleis born, sa ho ifølgje Wusfnews.com. (Foto: Rick Wilson/AP Images for AIDS Healthcare Foundation)

Don’t say gay-lova

Begge lovforslaga har fått tittelen «Parental Rights in Education», men blir av kritikarane kalla «Don’t say gay»-lova.

I det opprinnelege lovforslaget ville ein forby all oppmoding til prat om seksuell orientering og kjønnsidentitet som ikkje var alderspassande. Det er no endra til undervising om desse temaa og skal gjelde frå barnehagen og opp til 3. klasse.

I tillegg vil lova avgrense korleis temaa blir diskutert i andre klassetrinn dersom det blir sett på som «ikkje passande for aldersgruppa».

Lova vil også gje foreldre rett til å seie ja eller nei til spesifikk mental- eller fysisk helsehjelp, og psykisk helserådgjeving vil ikkje vere underlagt teieplikt fordi foreldre kan krevje å godkjenne spørreskjema eller helseundersøkingar. Foreldre kan også saksøke skular og tilsette om dei meiner rettane deira under lova har blitt brotne.

Lova vil også krevje at tilsette på skulen må gi beskjed til foreldra dersom det er endringar i ein elev si fysiske og mentale helse, noko som kan gjere det vanskeleg for elevar å prate med rådgjevarar og lærarar på spørsmål rundt seksuell orientering eller kjønnsidentitet.

Foreldre si rett til kontroll

Formålet med lova er å sikre foreldra retten til å bestemme kva barna deira bli eksponert for i skulen.

Republikanar, Joe Harding, håpar lova vil styrke foreldre si grunnleggjande rett til å ta avgjersler rundt oppseding og kontroll over barna sine, ifølgje teksten i lovforslaget.

Fleire fryktar at lærarar kan påverke ungdom i for sterk grad på tema som foreldre burde ha meir kontroll over.

– Me har sett døme på elevar som har blitt fortald frå ulike folk på skulen at «ikkje stress, ikkje velg kjønnet ditt enno», sa Florida-guvernør Ron DeSantis under ein pressekonferanse tidlegare i månaden.

– Dei fortel ikkje foreldra om desse diskusjonane som skjer, det er heilt upassande. Skular må læra barn å lese, å skrive.

Tvinge lærarar til å oute elevar

Ryan Thoreson, forskar på LHBT+ sine rettar i Humar Rights Watch. Foto: Human Rights Watch

Lovforslaget har fått høgrøsta kritikk frå politikarar, aktivistar og menneskerettsorganisasjonar.

Human Rights Watch har dokumentert korleis restriksjonar på undervisinga skadar skeive ungdommar i USA.

– Slike restriksjonar hindrar ikkje berre elevar tilgang på kunnskap som er grunnleggjande for helsa og trivselen deira, men sender også ei diskriminerande melding om at å vere LHBT er feil eller ikkje-passande, skriv Ryan Thoreson i ei pressemelding.

Han fryktar at lovforslaget kan oppmuntre til intoleranse og mobbing frå jamaldrande.

Chasten Buttigieg, aktivist og lærar, meiner lovforslaget vil ta livet av unge.

– Du gjer med vilje staten din til ein vanskelegare stad å overleve i for LHBT+-ungar, skreiv han på Twitter til politikar Ron DeSantis.

Han viser også til statistikk frå The Trevor Project som viste at 42 prosent av LHBT+-unge sterkt vurderte sjølvmord i fjor.

– Og no kan dei ikkje snakke med lærarane sine? avsluttar han.

Fordømmer lovforslaget

The Trevor Project har også vore harde i sin dom over lovforslaget, og har gått ut og fordømt det. Dei er den største organisasjonen for sjølvmordsforebygging blant LHBT+-ungdom i USA, og fortel at positiv LHBT-representasjon i klasserommet kan vere med å forhindre sjølvmord.

– Lova inkluderer også eit ekstremt skritt når dei vil tvinge lærarar til å oute elevane til deira føresette, seier dei i ei pressemelding.

Sam Ames, leiar for påverking og regjeringsanliggande peikar på at undersøkinga deira frå 2021 viste at berre 1 av 3 av dei spurde LHBT+-ungdomane sa at heimane deira anerkjende LHBT+.

Ifølgje organisasjonen hadde LHBT+-ungdom som lærte om LHBT+-tema på skulen 23 prosent lågare sjanse for å rapportere sjølvmordsforsøk førre året.

Undersøkinga frå 2021 viser at 94 prosent av LHBT+ungdom rapporterte at dei nylege politiske diskusjonane har påverka den mentale helsa negativt.

No promo-homo

Ebonni Chrispin frå organisasjonen AIDS Healthcare Foundation under ein pressekonferanse i Florida, 15. februar 2022. (Foto: Rick Wilson/AP Images for AIDS Healthcare Foundation)

Fleire LHBT+-forkjemparar meiner lovforslaget går innunder «no promo homo»-lovene som kom på 80- og 90-talet som også forbaud lærarar å snakka om homofili i skulen.

Fire statar, Texas, Lousiana, Mississippi og Oklahoma, har framleis desse lovene. I Texas må til dømes undervisingmateriell slå fast at homofili ikkje er ein livsstil som er akseptert av storsamfunnet, og at det er kriminelt – sjølv om homofil sex har vore lovleg i USA sidan Høgsterett bestemte dette i 2003.

Fem andre statar tillet foreldre å ta ut elevane frå timar der ein diskuterer LHBT+-tema.

Alabama, Arizona, Sør-Carolina og Utah har også hatt lover som avgrensa snakk om LHBT+-tema i skulen, fram til nyleg. 

Nokre har blitt omgjort av Høgsterett fordi dei diskriminerte på bakgrunn av seksuell orientering, men i lovforslaget frå Florida kan dei unngå dette ved å ha fjerna spesifikke ord som homofili og heterofili og i staden bruke meir generelle ord som seksuell orientering og kjønnsidentitet.

Joe Harding, som la fram lovforslaget i Florida, har sagt at lova ikkje vil forby diskusjonar om historiske LHBT-hendingar, som til dømes terroråtaket i Orlando. Likevel har liknande lover med avgrensing om undervising av rasisme og historisk rasisme, ført til at foreldre har kjempa for å forby barnebøker, til dømes om Ruby Bridges, som var det første barnet som gjekk på ein til då berre kvit skule i Louisiana i 1960.


F.v. Tuulia Keränen (27), Lukas Steidl (21) og Kristine Medhaug Grönn (20). Foto: Privat/Maja Korbøl.