Årets Gullbarbie-vinnar: – Heilt utruleg at det går an å halde på slik i 2022

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi synest det er heilt utruleg at det går an å halde på slik som Brandy Melville gjer i 2022. At den forma for diskriminering som gjennomsyrar heile bedrifta deira framleis får lov til å halde på og selje klede som dei gjer.

Det fortel Press-nestleiar Isaac Elstad Røssnes (21) på telefon til Framtida.no.

Isaac Elstad Røssnes er første nestleiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Privat

Ungdomsorganisasjonen fortel at alle dei tre nominerte til årets Gullbarbie hadde vore verdige vinnarar av den tvilsame æra, men at dei ikkje er overraska over at det var Brandy Melville som vart stemt fram.

– Det er ei veldig stor og kjent kleskjede, som har ein butikk i Noreg, og er veldig populær blant jenter – så det er ikkje overraskande at det er dei som får barn og unge til å kjenne seg verst.

Brandy Melville var nominert også i 2021.

One size og rasisme

Brandy Melville vart nominerte på bakgrunn av at dei har ein one size fits all-policy, noko Press meiner er med på å byggje opp eit problematisk og einsidig skjønnheitsideal.

– Å vere 15 år gamal og føle at du er den einaste som ikkje ser rett ut, og at kroppen din er feil, kan få store konsekvensar, skreiv Press-leiar Lea Mariero i eit innlegg hjå Framtida.no førre veke.

Ho peika på tal frå Press-rapporten Prosjekt perfekt som synte at halvparten av norske 15-åringar trur dei er overvektige, trass i at det reelle talet er ni prosent. Samt at fleiretalet av norske tenåringar vil endre utsjånaden sin, og at 1 av 10 vil endre seg ved hjelp av kosmetiske inngrep.

Vidare er klesgiganten nominert grunna ein rapport frå Business Insider, som synte at selskapet husar rasistiske og diskriminerande haldningar.

– Rapporten avdekte mellom anna at tilsette har teke felles slankekurar før toppsjefar kjem til butikkane, og at det har kome førespurnadar frå sentralt hald om å fjerne mørkhuda kundar frå butikkane, stod det i nominasjonsgrunngjevinga.

Denne typen diskriminering og marknadsføring ikkje er greitt

Røssnes fortel at Press har freista kome i kontakt med Brandy Melville, men så langt ikkje har lukkast. Ungdomsorganisasjonen tenkjer likevel at merksemda prisen gjev i Noreg er like viktig:

Vi er nøgde med at barn og unge ser at denne typen diskriminering og marknadsføring ikkje er greitt. One size fits all-policyen får barn og unge til å føle seg verre, og det skal ikkje vi berre late gå i Noreg. Vi er eit lite land som prøver å seie frå til ei internasjonal bedrift.

Røssnes frå Press poengterer at det er naturleg å ha lyst til å handle på Brandy Melville, i og med at butikken er veldig populær:

– Men til dei som ikkje passar inn i kleda – noko som er ein stor del av befolkninga anten dei er unge jenter eller vaksne damer: Det er ikkje din feil, seier Røssnes.

Sjå korleis det gjekk då Press-leiar Lea Mariero skulle sjekke om det verkeleg var ein storleik som passa alle: 

– Det er måten Brandy Melville marknadsfører seg på som ikkje er god nok, ikkje din kropp. Kroppen din er rett og normal, trass i at Brandy Melville prøver å få deg til å tru at han ikkje er det, held Press-nestleiaren fram.

Ideelt sett hadde Press håpa Brandy Melville skulle lagt one size fits all-konseptet sitt på hylla, hatt eit stort mangfald av storleikar og synt at det finst mange forskjellige kroppar og hudfargar.

– Det hadde vore fint om dei slutta å diskriminere både tilsette og kundar, og unnskylda åtferda si. Dei bør kompensere dei tilsette som har vorte sparka fordi dei anten er for mørke i huda eller nekta å bli med på ein slankekur fordi sjefen kjem på besøk, seier Røssnes.

Framsteg, men framleis behov for endring

Talet på stemmer var lågare i år enn tidlegare, noko Press trur skuldast at dei har senka aldersgrensa til at berre dei opptil 25 år får stemme og at ein no må verifisere seg via Vipps.

Gullbarbie har vorte delt ut sidan 2011, og Røssnes løftar fleire sigrar for kampanjen. Han peikar på at BikBok som i 2018 fekk årets Gullbarbie har gått over til europeiske storleikar på kleda sine, og at prisvinnaren for 2019 Victoria’s Secret no har meir mangfald.

– Men vi ser framleis at vi finn gode nominerte kvart år. Det er framleis bedrifter som brukar marknadsføringa si på å forverre den psykiske helsa til unge.

Røssnes peikar på at påverkar-marknadsføring er ein stadig aukande måte å nå kundar på, og at marknadsføringslova ikkje femner om måtane sosiale medium vert nytta på for å selje unge ulike produkt:

– Det er eit lovverk som er ope for tolking og vi ser ofte at påverkarar ikkje tek ansvaret sitt på alvor. All merksemda Gullbarbie skapar kring kroppspress er med på å kaste lys over problemet, men vi håpar det får ei meir strukturell løysing etter kvart.


Les også: Ikkje-kvite rapporterer om rasisme på grenseovergangane når dei freister å flykte frå Ukraina

Afrikanarar i Ukraina ventar på plattforma på Lviv jernbanestasjon, sundag 27.02.22. (Foto: AP Photo/Bernat Armangue, File)

TIDLEGARE VINNARAR AV GULLBARBIE

2021: Sophie Elise AS

2020: Blogg.no

2019: Victoria Secret

2018: Bik Bok

2017: Nettavisen

2016: Dagbladet