Undertøysmerket vel modellar utan å ha sett dei: – Unikskap er den ekte normalen

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 05.03.2021 12:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det London-baserte undertøysmerket The Underargument vel modellane sine utan å ha sett bilete av dei og utan kjennskap til kva mål dei har.

Kvinnene som skal syne fram undertøyet er valde ut frå eit kriterium åleine: Historiene dei deler.

– Nokre tenker: «Det er risikabelt, tenk om nokon ikkje er fotogene?», men vi har aldri hatt ein dårleg fotoshoot.

Det fortel Maïna Cissé, grunnleggjaren av The Underargument, på e-post til Framtida.no.

Maina Cissé fortel at alle historiene ho får inn gjer inntrykk på ho: – Det er krafta i sårbare historier. Det styrkjar deg når du deler historia di, men det kan også verkeleg inspirere andre, fortel Cissé. Foto: Manon Ouimet/The Underargument

33-åringen kjem opphaveleg frå Frankrike og Elfenbeinskysten, og har bakgrunn frå digital marknadsføring og branding.

Ho hadde aldri tenkt å starte eit undertøysmerke, men då ho kom på the underargument som eit ordspel på the undergarment spegla det ein bodskap ho ville vidareformidle – å krangle på normene og utfordre biletet ein har av kva som er normalt.

– Eg byrja tenke på måtane eg kunne bruke undertøy som eit medium for å dele ein styrkjande bodskap, forklarar Cissé.

For sexy – mot sexisme

Maïna Cissé har vore hekta på undertøy sidan før ho i det heile teke brukte BH. Kvar dag kler ho på seg med meining – skal eg kjenne meg badass i dag, eller vil eg vere komfortabel?

For å kunne dele denne kjensla vidare er det påsydd små påminnarar i kvar einaste truse og kvar einaste BH frå merket.

– Det er eit lite symbol som minner deg på at du er verdt noko akkurat som du er: «You’ve got this».

«Remember you’re worthy of respect», står skrive på strikken til ein av dei burgunder BH-ane.

«Remember you’re worthy of respect». Foto: Manon Ouimet/The Underargument

Kvar kolleksjon har også fått namn som eit argument mot normen.

Den første kolleksjonen hadde temaet «For awesome // Against perfect» medan seinare dømer er «For identity // Against stereotypes» eller  «For sexy // Against sexism».

– Eg ville oppmode kvinner til å akseptere heile seg, sjølv bitane som strir mot normen, fordi – for meg – så er det der du finn særpreget ditt, inspirasjonen din, formålet ditt og korleis du kan bidra mest.

På telefonen sin har Cissé ei liste over tema ho vil utforske i dei komande kolleksjonane, slik at ho kan skrive det ned med ein gong inspirasjonen kjem. Der står det mellom anna skrive om å omfamne nederlaga sine, å vegre seg for forplikting, og å finne krafta i usikkerheitane sine.

Historiene som fortener å vert høyrde

Praksisen med å rekruttere modellar etter historier, ikkje utsjånad, starta med første kolleksjon i 2018.

– Eg ville aktivt gje kvinner eit rom der dei vert høyrde, sette og aksepterte akkurat som dei er, fortel Cissé.

Av kvinnene som har vorte valde ut til å fronte kolleksjonane, er mellom andre Mary og Lily som er i eit polyamorøst forhold med ein mann.

Først som 40-åring torde Stephanie ta av seg maska samfunnet hadde skapt for ho. Foto: Manon Ouimet/The Underargument

46 år gamle Stephanie, som etter å ha innretta seg etter stereotypiane om asiatiske kvinner i fleirfaldige år, omfamna ei ny side av seg sjølv – som dominant.

Pauline fortel om korleis ho stadig har falle mellom to stolar:

– Aldri skeiv nok, aldri lys nok, aldri mørk nok, aldri maskulin nok til å passe stereotypien av kvinner som elskar kvinner, skriv ho og legg til at det berre er ho sjølv som får definere kven ho er.

Og Naomi, som har opplevd og overlevd både valdeleg parforhold – med kjærasten ho møtte som 19-åring og trudde var draumeprinsen – og vald i familien.

– Det er kanskje meir utfordrande enn ei vanleg casting, men om ein ser på kva som kjem ut av det – mangfaldet i historier, aksepten vi skapar – så er det verdt det, slår Maina Cissé fast.

Vil ikkje ha kvote-mangfald

Anti-castinga er eit forsøk på å leie fokuset vekk frå kropp, men også eit motsvar mot kommersialiseringa av mangfald.

– Eg trur ikkje det at ein kjenner ein har fylt ei kvote eller kryssa av ein boks for eit merke er myndiggjerande, fortel Maïna Cissé.

Naomi er ei av kvinnene som har delt historia si med The Underargument. Foto: Manon Ouimet/The Underargument

Gründeren meiner visuell representasjon av alle typar kvinnelegheit er viktig – både når det gjeld funksjonsnedsetjingar, kjønn, seksualitet, etnisitet, kroppsform, alder o.l – men ho vil ikkje velje ut mangfaldet ho skal vise fram. 

– Eg trur ikkje historiene til alle farga kvinner er den samme historia og alle likekjønna forhold er ikkje dei same, så eg er ikkje komfortabel med å plukke ut nokon for å krysse av i den svarte eller lesbiske boksen. 

Samstundes håpar Maïna Cissé at di fleire kvinner som vågar dele historia si, di lågare vert terskelen for andre kvinner, som kanskje ikkje har sett seg sjølv representert, å gjere det same:

– Kanskje du er ulik normen fordi du har ei historie å fortelje, ein bodskap å dele vidare og andre å inspirere slik at dei kan omfamne sin individualitet òg. Unikskap er den ekte normalen.