Dette er dei nominerte til årets Gullbarbie

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 03.02.2022 16:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år deler Press – Redd Barna Ungdom ut prisen Gullbarbie, som går til den reklame- og medieaktøren som er best på å få ungdom til å føle seg verst.

I fjor gjekk prisen til Sophie Elise AS, då ungdomsorganisasjonen meinte millionbedrifta måtte ta eit større ansvar, gitt den enorme påverknadskrafta ho har på barn og unge.

Dette er dei nominerte til Gullbarbie 2022: 

OnlyFans

OnlyFans er ei plattform som først vart oppretta i 2016, kor brukarar kan laste opp bilete og videoar av seg sjølve, som abonnentar så betalar for å sjå.

– OnlyFans er nominert for at plattforma marknadsfører og oppfordrar til sal av seksualiert innhald til barn og unge, for å tene pengar, heiter det i grungjevinga.

Ungdomsorganisasjonen peikar på at OnlyFans har aldersgrense på 18 år, men at påverkarar brukar plattformer med lågare aldersgrense aktivt for å få fleire over på tenesta.

– Forbrukartilsynet har gjeve åtvaring om at promoteringa kan vere i strid med marknadsføringslova, men OnlyFans har gjort lite for å hindre dette.

I juli varsla Forbrukertilsynet at dei ville sjå nærare på korleis influensarar nytta Instagram for å marknadsføre for sine OnlyFans-kontoar. Forbrukartilsynet sa til VG at seksuell reklame for OnlyFans på sosiale medium kan vere ulovleg.

I byrjinga av desember vart det kjent at Forbrukertilsynet sender ut åtvaring til 14 OnlyFans-profilar, om korleis dei marknadsfører sine OnlyFans-kontoar på Instagram.

Protein.no

Protein.no er ein nettbutikk mynta på kvinner, og som har som uttalt mål «å gjøre kvinner i Norge sterkere».

Press peikar på at nettbutikken aktivt brukar påverkarar med eit ungt publikum for å reklamere for mellom anna slankepiller, måltidserstatning og fettforbrennande produkt:

– Dei hevder at produkta deira kan forbrenne fett om natta og gjere deg tynnare, brunare og sterkare. Å målrette ein bodskap som dette mot unge menneske, kan føre til usunne vekt- og kosthaldsendringar og eteforstyrringar, står det i grunngjevinga.

Ungdomsorganisasjonen meiner produkta, kombinert med marknadsføring retta mot barn og unge, bidreg til eit aukande kroppspress og strir mot marknadsføringslova.

I ein e-post til VG skriv ein representant frå Protein.no at at dei er skuffa over nominasjonen og vil sjå nærare på kva dei kan gjere annleis:

– Protein-bransjen har lenge vore veldig mannsfokusert og vi har eit veldig stort ønske om at det skal vere eit tilbod for kvinner òg, uttalar representanten til VG.

Brandy Melville

Kleskjeda Brandy Melville var nominert til årets Gullbarbie også i fjor, og Press-leiar Lea Mariero skreiv då at kjeda – som berre har éin storleik, «one size» – bidreg til ein idé om at det berre finst éin idealkropp.

I år peikar Press òg på ein ny rapport som avdekka at haldningane til selskapet ikkje berre vert reflekterte i klesstorleiken dei sel i butikken.

– Rapporten avdekka mellom anna at tilsette har teke felles slankekurar før toppsjefar kjem til butikkane, og at det har kome førespurnadar frå sentralt hald om å fjerne mørkhuda kundar frå butikkane, seier grunngjevinga.

Melk & Honning gjengjev nokre av dei problematiske forholda som har vorte skildra på arbeidsplassen.

Utsjånad skal ha vore ein føresetnad for å få jobb hjå Brandy Melville, Instagram-profilar påverka kva timeløn ein får, og dagens anntrekk lyt verte godkjent i systemet før jobb.

Samstundes skal svarte jenter ha vorte sett opp på skifta kor det er færrast kundar i butikken og vorte sparka så fort det har lete seg gjere, skriv motemagasinet.

– Selskapet diskriminerer både kundar og tilsette, og om du ikkje har «rett» kropp og etnisitet, er du ikkje velkomen, slår grunngjevinga fast.

I år må alle verifisere seg gjennom Vipps for å stemme. Kven som mottek Gullbarbie 2022 vert annonsert 1. mars.


Ungdomsorganisasjonane feira at retusjert reklame må merkast framføre Stortinget. Foto: Alberte T. Bekkhus

TIDLEGARE VINNARAR AV GULLBARBIE

2021: Sophie Elise AS

2020: Blogg.no

2019: Victoria Secret

2018: Bik Bok

2017: Nettavisen

2016: Dagbladet

2015: Elevkalenderen, som vert delt ut til elevar ved skulestart

2014: Russekledeprodusenten Russedress

2013: Victoria’s Secret

2012: Klesmerket Jack & Jones

2011: Klesmerket Diesel