«Når diskriminering vert ein marknadsføringsstrategi»

Lea Mariero
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Brandy Melville har dei siste åra vakse seg til å verte eit av dei mest trendy klesmerka blant barn og unge. Brandy girl har vorte det nye idealet – og for å verte det må du helst vere både kvit, slank og deira versjon av vakker.

One size fits all-konseptet til Brandy Melville er problematisk fordi det sel oss ein idé om at det berre er éin kropp og éin storleik som er «rett».

Aldri ein storleik som passar for alle

One size-storleiken er i realiteten ein xs/s, langt frå representativt for målgruppa deira. Uansett om du er 12, 16 eller 40 år er det aldri éin storleik som passar for alle, og det burde heller ikkje verte selt som eit ideal.

Gullbarbie-illustrasjon: Press

Likevel aksepterer vi at dette er det barn og unge møter – i butikken og i sosiale medium. Dermed aksepterer vi også dei konsekvensane dette kan få for barn og unge.

Visste du til dømes at 50 prosent av norske 15 år gamle jenter trur dei er overvektige? Det reelle talet som fell inn i kategorien «overvektig» i den aldersgruppa er 9 prosent.

Det viser at det største problemet her ikkje er overvekt blant barn og unge, men korleis vi oppfattar kropp og overvekt.

Å vere 15 år gamal og føle at du er den einaste som ikkje ser rett ut, og at kroppen din er feil, kan få store konsekvensar. 

Visste du at 7 av 10 jenter og halvparten av gutar vil endre noko ved sin eigen utsjånad? Eller at 1 av 10 vil endre seg ved hjelp av kosmetiske inngrep?

Problemet med Brandy Melville er nettopp dette. Det nører opp under ei falsk framstilling av røynda og korleis vi skal sjå ut. Og det får reelle konsekvensar for oss born og unge. Det viser at det er ein rett måte å sjå ut på – og alle andre måtar er feil.

Rasistisk og diskriminerande haldning

Brandy Melville sine problematiske sider strekker seg lenger enn det einsidige skjønnheitsidealet dei sel oss.

Ein rapport frå Business Insider har vist ei grunnleggjande rasistisk og diskriminerande haldning som gjennomsyrer selskapet. Tidlegare har toppsjefane i selskapet bede butikksjefar fjerne mørkhuda kundar. Det har også vore uttalt at «overvektige» og mørkhuda ikkje er velkomne, fordi dei ikkje passar inn i imaget dei prøver å selje.

Desse sidene av selskapet er gjennomgåande i korleis det vert drive og marknadsfører seg mot barn og unge. Påverknadskrafta Brandy Melville har til å definere skjønnheit og ideal er skummel, og det vert endå skumlare når vi får vete kva slags haldningar som ligg til grunn for dette.

Nettopp difor er det heilt nødvendig at dei no vert stilte til ansvar.


Illustrasjonsfoto: AP Photo/Tali Arbel, file