Afrikanarar og ikkje-kvite seier dei har møtt på rasisme i forsøket på å flykte til Polen. Ukraina seier alle skal få krysse grensene.

Ukraina har stengt luftrommet for sivile flygingar, og mange er tvinga på flukt. Mange stader har det vore vanskeleg å kome seg med på tog, bussar og anna transport, og mange har dimed måtta gått i fleire dagar for å søkje tilflukt.

Rundt 500.000 har allereie flykta frå Ukraina til naboland, ifølgje FN.

– Mykje rasisme

No rapporterer fleire afrikanarar og svarte at dei blir utsette for rasisme av ukrainske militære og politi på grensene og sende bakarst i køen.

– I alle mine år som aktivist har eg aldri sett noko liknande. Når eg ser inn i augo til dei som viser oss bort, ser eg reinspikka rasisme. Dei vil redde seg sjølv, og mistar det menneskelege i prosessen, seier Osarumen til The Independent.

Han er nigeriansk, men har budd i Ukraina sidan 2009. Han fortel vidare at han, familien og andre innvandrarar i Ukraina fekk beskjed om å gå av ein buss som skulle over grensa på laurdag med beskjeden: «No blacks». (Ingen svarte.)

Student Gifty Naana Mensah (23), frå Ghana, seier ho ikkje har opplevd rasisme dei fem åra ho har budd i Ukraina, fram til ho prøvde å flykte frå krigen.

– For å vera ærleg var det mykje rasisme. Fordi ukrainarar heile tida vart prioritert først, sjølv om me afrikanarar hadde vore der i dagesvis, ofte utan mat. Alle var heilt utslitt. Kvar gong ukrainarar kom, fekk me beskjed om å gå bak. Dei ropte til oss: gå bak! fortel ho til the Globe and Mail.

#AfricansInUkraine

Fleire videoar sirkulerer også på sosiale medium der ein ser svarte bli dytta tilbake frå tog og grenseovergangar, medan kvite får komme gjennom. Fleire fortel om sine erfaringar og emneknaggen #AfricansInUkraine har dukka opp.

– Afrikanarar blir sett på som mindre verde

Delar av Aust-Europa har hatt ein aukande vekst i kvit nasjonalisme dei siste åra. Samstundes har land som Ukraina, der universiteta er rimelege, vore populære for internasjonale studentar. Rundt 4000 studentar frå Nigeria studerer i Ukraina og utgjer den nest største gruppa med utanlandsstudentar i landet, etter Marokko som har 8000 studentar i Ukrainam skriv britiske The Independent.

Ein av studentane frå Nigeria, har teke til Twitter for å fortelje om situasjonen.

– På togstasjonane her i Kyiv, er det barn først, kvinner deretter, så kvite menn og så er dei resterande plassane til afrikanarar. Dette betyr at me har venta i timesvis her men ikkje har fått gå om bord i tog på grunn av dette. Dei fleste afrikanarar ventar framleis på å komme seg til Lviv.

Til The Independent fortel han at han difor vart tvinga til å gå i mange timar for å nå den polske grensa.

– Det er tydeleg at me afrikanarar blir sett på som mindreverde skapningar.

Studentar sende bakarst i køen

Stephanie Hegarty, korrespondent for BBC, fortel på Twitter at også ho har snakka med studentar som opplever rasisme på grensa.

– Ein nigeriansk medisinstudent på grensa til Polen, fortalde meg at ho har venta i sju timar på å få krysse grensa og at vaktene stoppar svarte og sender dei bakarst i køen med beskjed om at dei må sleppe «ukrainarar» gjennom først.

Ingeniør-student Samuel George flykta frå Kyiv som så mange andre. Han køyrde mot den polske grensa, men kræsja med ein bil med ukrainarar fordi vegen var så smal. Til Al Jazeera fortel han at dei tok pengane hans og stoppa han frå å køyre vidare.

– Dei er ikkje statlege tenestemenn, politi eller militære, dei er vanlege innbyggjarar som stoppa oss afrikanarar frå å køyre til grensa. Dei lot ukrainarar sleppe gjennom, men ikkje oss.

Utanriksminister i Nigeria, Geoffrey Oneyama, gjekk sundag ut på Twitter og fortalde at han har snakka med utanriksministeren i Ukraina, Dmytro Kuleba, om rapporteringane frå grensa.

Kuleba fortalde at ukrainske grensevakter hadde fått beskjed om å sleppe alle innvandrarar gjennom, og at dersom nigerianarar hadde møtt på problem, var det «eit resultat av kaos på grensa».

Polen: – Stopp usanne nyheiter

Det er primært ukrainske militære, politi og sivile som har blitt skulda for rasisme på grensene, og kanselliet til statsministeren i Polen har lagt ut denne meldinga på Twitter:

– #StopFakeNews! Flyktningar som flyktar frå krigsherja Ukraina får kome inn i Polen uavhengig av nasjonalitet. Den dominerande gruppa som treng tilflukt i Polen er ukrainarar, men blant dei som er klarerte av grensevakta er også innbyggjarar frå andre land som USA, Nigeria, India, Georgia og andre.

Barn og kvinner prioriterte

På sosiale medium er det også fleire som tek til motmæle og argumenterer for at menn, uavhengig av hudfarge eller nasjonalitet, skal vera prioritert sist og at menn mellom 18-60 år har blitt beordra til å bli igjen og kjempe – og at det er difor mange ikkje-kvite menn har blitt stoppa til fordel for barn og kvinner.

Fleire poengterer også at det er lange køar og lang ventetid for alle, også kvite ukrainarar, og at det kan ta ekstra tid for innvandrarar og utanlandske studentar fordi det er meir byråkrati sidan det krevst dokumentasjon frå ambassadane til dei ulike nasjonalitetane.

Fleire meiner også at historiene delvis kan vere laga eller bli brukt som russisk propaganda for å vise at Ukraina er nazistisk.

Journalist Pablo González er sjølv i Polen og har møtt nigerianske flyktningar og studentar frå Bangladesh som har flykta frå Ukraina.

– Det verserer informasjon om at Polen ikkje lar ikkje-kvite folk sleppe inn frå Ukraina. Det er ikkje sant. Grensa er open for alle! skriv han på Twitter.


Illustrasjonsfoto frå ein demonstrasjon 20. februar 2022 i Odesa, Ukraina. Dei frammøtte demonstrerte mot ein potensiell russisk invasjon. Foto: AP Photo/Emilio Morenatti
Oppdatert: tysdag 1. mars 2022 08.57
ANNONSE