Gullbarbie-kåring: Ungdom meiner Bik Bok er verst

Frode Grimelid
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg forventar at Bik Bok lyttar til ungdom og kundane sine, at dei tar til seg kritikken, og at dei skjerpar seg.

Det seier Øystein Kolstad Kvalø, leiar i Press. Organisasjonen har sidan 2010 kåra årets Gullbarbie. Prisen går til den reklame- eller medieaktøren som er «best på å få ungdom til å føle seg verst» gjennom einsidge skjønnheitsideal, gammaldagse kjønnsroller og seksualisering.

Klar vinnar

I grunngjevinga si skriv Press at Bik Bok har utmerka seg som ein versting fordi dei framstiller einsidige ideal for å selge klede til unge jenter. I 2017 hadde Bik Bok ifølge Press store reklameplakatar som var umogleg å unngå i bybildet, noko dei meiner påverkar unge i stor grad. Dei meiner også at ideala vert spegla i storleiken på kleda, då det ikkje finst ulike storleikar som passar for eit mangfald av kroppar.

Leiar i Press, Øystein Kolstad Kvalø. Foto: Press

– Gjennom marknadsføring og urealistiske storleikar, får Bik Bok unge jenter til å føle seg dritt. Det er ikkje greit å halde på på ein måte som gir unge dårleg psykisk helse, seier Kvalø.

I år gjekk 693 av 855 nominasjonar til Bik Bok. Av dei over 18.000 ungdommane som røysta, røysta nær 65 prosent på Bik Bok.

– Har kåringa nokon effekt?

– Vi har sett eit aukt medit, til dømes hos Hennes & Mauritz. Vi kan sjå at dei er meri medvitne ansvaret sitt, og at dei har prøvd å fremme eit større mangfald, men det er framleis ein veg å gå, seier Kvalø.

– Mange kjenner press

Press har nyleg fått laga ein rapport der det kjem fram at 68 prosent av jentene og 52 prosent av gutane i undersøkinga vil endre noko ved utsjånaden sin. 43 prosent av jentene seier at dei er misnøgde med eigen utsjånad.

– Tala viser at mange føler på eit kroppspress og tenker mykje på kropp, mat og trening. Ungdommane i undersøkinga seier ofte at det er dei sjølve som må endre eigen tankegang, men eg vil tydeleg streke under ansvaret som reklame- og mediebransjen har, seier Kvalø.

Har jobba med storleik i mange år

Då nominasjonen var klar, svara Emma Hedman, marknadssjef i Bik Bok, dette:

– I Bik Bok har vi jobba med storleiksproblemtikken i mange år. Storleikane våre skal vere relevante for målgruppa vår, som er alle jenter i alderen 16-25 år. Vi får mange positive tilbakemeldingar på storleikane våre, men når vi no opplever at nokon blir lei seg og opplever seg ekskludert, er det noko vi må sjå nærare på.

– At vi framstiller einsidige ideal for unge jenter er vi ikkje samde i. I kommunikasjonen vår, ser du flotte jenter, med ulik fasong og storleik. Kommunikasjonen vår er laga for jenter av jenter, avslutta Hedman i Bik Bok den gongen.

Her kan du lese kva Bik Bok svarar i dag: Bik Bok lovar endring etter Gullbarbie