Dette er dei nominerte til årets Gullbarbie

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvart år deler Press – Redd Barna Ungdom ut årets Gullbarbie. Prisen går til den aktøren som året i førevegen har vore best på å få ungdom til å føle seg verst.

Dei tre nominerte er stemt fram av ungdom over heile landet, og på kortlista til verstingprisen i år står TikTok, Brandy Melville og Sophie Elise AS.

Press har fått inn over 300 nominasjonar. Av desse har landsstyret valt ut dei tre nominerte, som publikum kan stemme på fram til 10. februar.

I ei pressemelding seier Press-leiar Lea Mariero at dei tre nominerte på kvar sin måte har tent pengar på at barn og unge får dårleg psykisk helse:

– Dei har bygd opp under einsidige skjønnheitsideal, gamle kjønnsroller og unødvendig seksualisering over lang tid.

TikTok: – Fjernar innhald basert på kroppsform

TikTok er nominerte fordi dei fjernar innhald basert på kroppsform som ikkje følgjer idealet, funksjonehemmingar og LHBTI+-innhald.

– TikTok bidreg til å undertrykke det som går utanfor norma, seier Press-leiar Mariero.

Tidlegare i år skreiv Framtida.no om dei interne dokumenta som syner at TikTok skjuler videoar frå mellom anna «stygge», fattige og folk med funksjonsnedsetjing.

Lea Mariero er leiar i Press – Redd Barna Ungdom. Foto: Press

Samstundes trekker Press-leiaren fram at algoritmane på plattforma fører til at det vert skapt eit ekkokammer for skadeleg innhald som kan trige eteforstyrringar og kroppspress, noko TikTok ikkje tek ansvar for.

– TikTok tillet også reklame for appar og spel der målet er å endre på eige utsjånad og kropp, seier Mariero.

Brandy Melville: – Eit svært einsidig skjønnheitsideal

– Gjennom bruken sin av one size på alle klede, framstiller Brandy Melville eit svært einsidig skjønnheitsideal, konstaterer Lea Mariero.

I 2018 vart Bik Bok tildelt Gullbarbie for å ikkje spegle kroppsmangfald i storleikane i butikken.

Mariero peikar på at det einsidige skjønnidealet utan variasjon i verken kroppsform eller etnisitet også går att på Instagram-kontoen og nettsida til Brandy Melville.

– Brandy Melville er eit populært merke blant unge jenter og det er difor problematisk at dei bidreg til ideen om at det finst éin idealkropp, seier ho.

Sophie Elise AS: – Tenar millionar på kostnad av barn og unge

Det er ikkje Sophie Elise som enkeltindivid som er nominert til den tvilsame æra, men bedrifta hennar.

– Sophie Elise AS tenar kvart år millionar på kostnad av barn og unge si psykiske helse, seier Lea Mariero.

Ho peikar på at bedrifta i fleire år har produsert innhald til sosiale medium, og at i 2020 var kvart tredje Instagram-innlegg reklame eller annonsar, kor halvparten av desse spelte på kropp og unødvendig seksualisering.

Kven fortener Gullbarbie 2021?

Kven fortener Gullbarbie 2021?

TikTok134
Brandy Melville272
Sophie Elise AS163
Dei bør alle dele den.113
Svar totalt: 682

Sophie Elise svarar: – Offentleg gapestokk

Til VG.no svarar Sophie Elise at ho ikkje kjenner seg att i kritikken frå Press.

Kombinasjonen av at ho er eit seksuelt og offentleg menneske fører til at det ofte vert mykje fokus på den delen av ho, men det ynskjer ho ikkje å unnskylde for.

– Det følest også litt underleg at organisasjonen Redd Barna, med alt det flotte dei står for skal setje meg i ein slik offentleg gapestokk. Eg er ei 26 år gamal jente som prøvar å finne min veg i livet, skriv Sophie Elise til VG.

Sophie Elise Isachsen kjenner seg ikkje att i kritikken frå Press. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Press inviterer til dialog

Press-leiar Lea Mariero seier til Framtida.no at dei har sendt mail til årets kandidatar der dei inviterer til å ta ein prat, men at dei ikkje har fått noko tilbakemelding.

– Dette er ikkje berre ein kampanje der me vil henge ut folk. Me ynskjer dialog og å hjelpe til med å vise korleis det kan gjerast på ein betre måte, understrekar ho.

Press-leiaren har inntrykk av at Gullbarbie lukkast i å skape debatt og merksemd og rosar fleire av dei tidlegare vinnarane for å ha teke kritikken på alvor.

– Seinast i fjor var Blogg.no tydelege på at dei synest det var ein kjip pris å motta og at dei tok kritikken på alvor.

Også Bik Bok gjorde god figur då dei i 2018 inviterte Press til dialogmøte i etterkant av den tvilsame æra av å få årets Gullbarbie.

– Der har me sett store betringar i bruken av modellar og storleikar, rosar Mariero, som håpar på fleire endringar i reklame- og mediebransjen framover.


Tidlegare vinnarar av Gullbarbie

2020: Blogg.no

2019: Victoria Secret

2018: Bik Bok

2017: Nettavisen

2016: Dagbladet

2015: Elevkalenderen, som vert delt ut til elevar ved skulestart

2014: Russekledeprodusenten Russedress

2013: Victoria’s Secret

2012: Klesmerket Jack & Jones

2011: Klesmerket Diesel