Unge Høgre vil ha 15-årsgrense for sosiale medium

– Ein får ikkje berre tilgang på heile verda, men heile verda får tilgang på deg, seier Unge Høgre-politikar Kitty Theobald Gjerland.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 24.03.2025 12:03

– Ein har sett at konsekvensane av sosiale medium dei siste tiåra har vore nokså alvorlege, seier Kitty Theobald Gjerland (17) i Arendal og Grimstad Unge Høgre på telefon frå Høgre sitt landsmøte.

Søndag skal ho på talarstolen og ta til orde for ei aldersgrense på 15 år for bruk av sosiale medium.

17-åringen trekker fram ein auke i depresjon og angst blant unge, og at barn ned i tolvårsalderen blir mata med algoritmestyrt innhald om sjølvskading og eteforstyrringar.

– Mange blir pressa til å sende bilete dei aldri kan få tilbake. Og eg er ganske sikker på at dei fleste unge, med særleg vekt på jentene, har fått førespurnader om dette med «sugar daddy» eller blitt kontakta av eldre menneske som vil dei vondt. Eg veit i alle fall at eg har vore i den situasjonen.

– Du har sjølv fått slike førespurnader?

– Ja, det er veldig normalt også. Eg trur det er noko dei fleste jentene i min generasjon har opplevd – at ein har blitt kontakta av eldre folk som ønskjer å utnytte dei unge.

15-åringar er betre rusta

Ho meiner unge gjennom sosiale medium blir eksponert for informasjon som kan vere skadeleg, om kroppspress, sjølvskading, eteforstyrringar.

– Ein får ikkje berre tilgang på heile verda, men heile verda får tilgang på deg.

Gjerland meiner det er naudsynt å setje aldersgrenser i sosiale medium, på same måte som vi har aldersgrense for nettkasino, banktenester, køyring, stemmerett og alkohol.

– Det er ikkje nokon tvil om at ein som er 15, er betre rusta til å handtere dette enn dei som er 9, 10, 11, 12 år.

Framtida.no skreiv tidlegare i veka om at Unge Høgre ønskjer å senke den kriminelle lågalderen til 13 år.

– Kva tenker du om at 13-åringar eventuelt skal vere gamle nok til å straffeforfølgast, men ikkje til å ha sosiale medium? 

– Aldersgrenser handlar ikkje berre om ansvar, men om vern. Vi har 18-års aldersgrense på alkohol, ikkje fordi 17-åringar ikkje forstår konsekvensar, men fordi skadepotensialet er for stort. Det same gjeld sosiale medium, svarar Gjerland.

Ho legg til at strafferett handlar om samfunnsvern og oppfølging, medan aldersgrenser om sosiale medium handlar om barns tryggleik.

– Eg synest ikkje desse to spørsmåla kan samanliknast på ein enkel måte.

Politisk vilje

Ei undersøking frå Medietilsynet syner at mange barn brukar sosiale medium, trass i dagens 13-årsgrense. Unge Høgre-politikaren trur likevel at det er realistisk å få innført ei 15-årsgrense.

– Ein ser at det er ganske mykje politisk vilje no i det siste blant ganske mange parti, seier Gjerland.

Regjeringa har tidlegare føreslått å auke aldersgrensa i sosiale medium til 15 år.

– Barn skal beskyttast frå skadeleg innhald på sosiale medium. Dette er store techgigantar sett opp mot små barnehjernar, har statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) uttala til VG.

Kitty Theobald Gjerland fortel at ei 15-årsgrense for sosiale medium er i programforslaget på Høgres landsmøte. Ho trur forslaget ligg godt an til å bli stemt fram, trass i eit strykingsforslag frå Akershus Høgre.

– Det er eit ganske tøft tak å ta, men ein ser jo konsekvensane av dette, og eg trur ikkje det blir noko betre med åra. Difor er det noko eg håpar politikarane vil tore å ta tak i.

Usikkert korleis

Gjerland meiner ei slik aldersgrense kan handhevast med aldersverifisering ved til dømes bank-id eller totrinnsidentifikasjon når ein opprettar brukar, men er klar over at det er personvernomsyn i biletet.

Då statsminister Jonas Gahr Støre og dåverande barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) tok til orde for å heve aldersgrensa til 15 år, var det ikkje klart korleis det skulle gjennomførast i praksis.

Fleire statsrådar varsla i starten av februar rask handling for å få innført 15-årsgrense for sosiale medium.

Barne- og familieminister Lene Vågslid. Foto: Torgeir Haugaard – Forsvaret

– Barns bruk av mobil, og spesielt sosiale medium, er det første eg tek tak i som ny barne- og familieminister, sa Lene Vågslid (Ap) til TV 2.

Kritisk

Press – Redd Barna Ungdom har tidlegare uttala seg kritiske til å innføre ei 15-årsgrense, og vil heller at plattformene skal bli tryggare for barn og unge.

– Så mykje, ikkje berre det sosiale livet, er i sosiale medium. Det er også der regjeringa når deg, der avisene er mest tydeleg til stades og der det er den lågaste terskelen for å ytre seg i ein debatt. Å fjerne det opp til 15 år synest vi er synd, sa leiar Marius Sjølyst til Framtida.no.


Oppdatering 24. mars: 

Forslaget om 15-årsgrense for sosiale medium vart vedtatt på landsmøtet til Høgre.