Victoria’s Secret er årets Gullbarbie

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– De er best på å få ungdom til å føla seg verst. Det er heilt uakseptabelt at de ikkje tek ansvar.

Det er beskjeden Mina Vinje, leiar i Press – Redd Barna Ungdom, har til årets Gullbarbie-vinnar.

Sidan 2010 har ungdomsorganisasjonen kvart år delt ut prisen til den reklame- eller medieaktøren som er «best på å få ungdom til å føle seg verst» gjennom einsidige skjønnheitsideal, gamaldagse kjønnsroller og unødig seksualisering.

Victoria’s Secret er den første aktøren som har fått prisen to gongar. Førre gong var i 2013 då dei fekk prisen for kampanjen «A body for every body».

Les også om Remy Berland (20) som meldte seg på som Brun og Blid-modell for å ta eit oppgjer med kroppspress!

Victoria’s Secret får kritikk for lite mangfald og å fremja einsidige skjønnheitsideal. Skjermdump frå nettsidene til Victoria’s Secret

Show-kritikk

Undertøyskjeden Victoria’s Secret stakk av med den tvilsame sigeren framfor Snapchat og Gymshark, som òg var nominert til prisen. Det vart klart etter at 60 000 personar har stemt.

Over 40 prosent av stemmene gjekk til den amerikanske undertøysgiganten kjent for sine overdådige moteshow med vingekledde modellar.

Victoria’s Secret får kritikk for å framstilla svært einsidige ideal, lite mangfald og å ha eit gamaldags syn på kjønn og skjønnheit.

– Dei har stort mangfald og variasjon på undertøyet, men ikkje på kroppane til modellane. Gong på gong har dei vist at dei ikkje er interessert i å endra seg, og gjennom 2018 vart dette svært tydeleg då dei uttalte at transpersonar og «tjukke» ikkje var velkommen til å delta i showet. Dette er gamaldags og uakseptabelt, seier Vinje i pressemeldinga.

Kjeda fekk mykje kritikk i 2018 etter at marknadssjef Ed Razek forklarte til Vogue kvifor bladet ikkje brukte transpersonar eller større modellar i showa sine. «Fordi showet er ein fantasi,» forklarte Razek.

Les også: Linn lagar poesi om valdtekt og teikneseriar om livet

Bilete frå årets prisutdeling der vinnaren Victoria’s Secret ikkje var tilstades. Pressefoto: Carl-Frederic Salicath

Victoria’s Secret held ein låg profil

Kjeden får no ei gullakkert Barbie-dokke og beskjed om å skjerpe seg, men Press-leiaren er ikkje imponert over korleis årets prisvinnar har teke imot kritikken.

– Victoria’s Secret har prøvd å halde låg profil gjennom Gullbarbie i år. Dei har ikkje ønskt å møta oss for konstruktiv debatt, men me skal gjere alt me kan for at dei både mottek prisen sin og får ein heilt tydelig beskjed frå dei som har stemt, understrekar Vinje.

Etter at nominasjonen vart kjent i dag har NRK gjentekne gongar freista å få ein kommentar frå Victoria’s Secret utan å lukkast. Dei melder om at norske butikktilsette heller ikkje får lov å uttala seg.