Blogg.no får årets Gullbarbie

Dei har fått ungdom til å føla seg verst i året som gjekk, ifølgje kåringa til Press.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årets Gullbarbie er no kåra og bloggtenesta Blogg.no vann overlegent med heile 63% av dei 20 478 stemmene som kom inn.

Blogg.no er noregs største bloggportal og plattformen dei fleste av påverkarar (influencarar) startar karriera si på.

Det er ungomdsorganisasjonen Press, i Redd barna ungdom, som står bak prisen.

Vil ha strengare retningslinjer

Press kritiserer eigarane for bloggplattforma, Egmont, for å ikkje ha strenge nok retningslinjer for kva som kan annonserast for på plattformen.

Dei meiner at barn og unge dagleg møter reklamar for tannbleiking, sjølvbruning, kosmetiske behandlingar og andre produkt som kan få ungdomen til å føle at dei ikkje er bra nok som dei er.

– Med årets Gullbarbie seier born og unge tydeleg ifrå at det er på tide at bransjen vert ansvarleggjort og regulert. Me er leie av at nokon tener seg rike på at ungdom får dårleg psykisk helse, seier Mina Vinje, leiar i Press i ei pressemelding.

Modererer strengare enn norsk lov

Direktør Martine Lunder Brenne, i Ung Egmont, seier dei tek kritikken frå Press til etteretning. Ho fortel til NRK at dei allereie moderere forum og bloggane strengare enn norsk lov, men at dei vil bruka prisen som eit insentiv til å jobba med å bli betre. Dei ynskjer også å få med seg Press i dette arbeidet.

– Kvar enkelt bloggar har eit ansvar for det han eller ho skriv, men me har også eit ansvar som følgjer med den plattforma vi eig. Det må vi vere medvitne på, seier ho til NRK.

Det er tiande gong prisen vert delt ut. Dei andre nominerte i år var: Facetune og Dabladet.

Leiar i Press, Mina Vinje (t.h) skal dela ut årets Gullbarbie til anten Dagbladet (øvst til venstre), Blogg.no (nedst til venstre) eller Facetune. Foto: Press, Facetune